NRK-undersøking: 47 prosent av alle born i familievaldsaker er frå innvandrarfamiliar

– Tala er urovekkande, seier både Framstegspartiet og Arbeidarpartiet – og får støtte frå valdsforskarar.

Stortingsrepresentant for Fremskrittspartiet Jon Engen-Helgheim

UROA: Men Framstegspartiet får ikkje med seg dei andre partia på nødvendige tiltak, seier Jon Engen-Helgheim, innvandringspolitisk talsmann.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

NRK har gått gjennom alle dommar frå norske rettssalar i mars, april og mai i år der born har vore involverte i rettssaker mot deira aller næraste.

I 84 saker vart det domfelling. Totalt 135 born var involvert i sakene. Av desse er 63 born i innvandrarfamiliar. Det vil seie heile 47 prosent.

– Dette er urovekkande, men dessverre ikkje overraskande. Vi har lenge vore klar over at det er mykje familievald i innvandrarmiljø, seier Jon Engen-Helgheim, innvandringspolitisk talsmann i Framstegspartiet.

Dommar

ALLE DOMMAR: NRK har gått gjennom alle rettssaker i Norge i mars, april og mai i år. I 84 saker om familievald vart det domfelling.

Foto: Remi Sagen / NRK

Pakistan og Afghanistan

Døme på saker frå innvandrarfamiliane er ei mor som slo to born med ei sleiv, ei mor som mishandla borna sine og trua med kniv, valdtekt av ei dotter, ein storebror som valdtok veslesøstera og fedrar som mishandlar konene sine medan borna ser på.

Dei domfelte kjem frå ei rekkje forskjellige land. Dei fleste kjem frå Afrika og Asia. Personar frå Pakistan og Afghanistan vart oftast dømde.

Mia Myhre, forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, presiserer at innvandrarane berre er overrepresenterte når det gjeld fysisk vald – og ikkje seksuelle overgrep, noko som også stemmer med NRK si undersøking.

Voldsforsker Ragnhild Bjørnebekk

UROA: Valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk synest tala til NRK er urovekkande. Ho meiner alle som kjem til landet må få tilbod om psykologiske undersøkingar. Mange kjem frå krigar og andre katastrofar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Lovene er forskjellige

Mia Myhre forsker på overgrep mot barn på Nasjonalt kompetansesenter om vold og traumatisk stress

FORSKJELLIGE GRUNNAR: At utlendingar er sterkt representerte på oversikta over familievald kan ha mange grunnar, meiner forskar Mia Myhre. Ein av dei kan vere at personane kjem frå land der vald er meir akseptabelt. Den andre grunnen kan vere at dei kjem frå vanskelege livssituasjonar, som til dømes krig. Dessutan kjem dei kanskje frå æreskulturar med strengare sosial kontroll.

Foto: NKVTS

Ragnhild Bjørnebekk er valdsforskar ved Politihøgskolen. Ho meiner NRK sine tal er urovekkande. Statistikken kan forklarast med kulturelle og juridiske forskjellar, seier forskaren.

– Lovene er forskjellige i Norge samanlikna med mange andre land. Det kan vere at personar kjem frå svake statsdanningar med autoritære diktatur, der makta ligg i slekta og familien. Dei har ikkje alle desse organisasjonane som vi har, fortel Bjørnebekk.

Ho meiner mykje handlar om den omdiskuterte æreskulturen. Dessutan er det mange innvandrarar som flyktar frå trauma, ikkje minst krig, forklarer Ragnhild Bjørnebekk.

– Må snakke med foreldra

Elise Bjørnebekk-Waagen i Arbeidarpartiet seier helsestasjonane må snakke om vald med foreldra.

– Alle som jobbar med born – det gjeld både born, barnehagetilsette, lærarar og helsesøstrer – må vite kva dei skal sjå etter og korleis dei skal reagere om vald blir oppdaga, seier Bjørnebekk-Waagen.

Ho viser til at nokre foreldre har lært heime at vald er ein del av oppsedinga – og vidarefører dette til sine eigne born, fordi dei ikkje veit kor skadeleg det er.

Dessutan meiner ho barnevernet må ha meir kompetanse på vald i innvandringsmiljø for å kunne hjelpe fleire born og familiar.

Stortingsrepresentant Elise Bjørnebekk-Waagen (Ap)

MEINER DET IKKJE BLIR GJORT NOK: Elise Bjørnebekk-Waagen er leiar i Arbeidarpartiet sitt utval mot vald og overgrep. Ho er i likskap med Framstegspartiet sterkt uroa over NRK sine tal. Bjørnebekk-Waage meiner alle som jobbar med born må instruerast betre slik dei veit kva dei skal sjå etter og korleis dei skal reagere når vald blir oppdaga.

Foto: Ole Hag / NRK

– Frp får ikkje gjennomslag

Jon Engen-Helgheim etterlyser fleire tiltak for å redusere valden i innvandrarfamiliar.

– Det er dessverre vanskeleg å få med seg fleirtalet på å gjere det som verkeleg monnar, seier Engen-Helgheim.

– Kva kunne ha vore gjort annleis?

– Vi vil ha obligatorisk helsekontroll som kunne ha avdekka mykje. Dei andre partia ønskjer ikkje dette fordi dei vil beskytte foreldra. Vi må også bli flinkare til å kurse alle offentleg tilsette som er i kontakt med born og unge i korleis dei skal avdekke og reagere mot vald i heimen, sosial kontroll og religiøs tvang, seier Frp-politikaren.