Hopp til innhold

Ville ha felles retningslinjer i barnevaldssaker – forslaget stoppa opp

Situasjonen er «utilfredsstillande» i barnevaldssaker, meinte Den rettsmedisinske kommisjon. Tre år seinare har dei ikkje følgt opp sitt eige forslag.

Filleristing

NASJONALE RETNINGSLINJER: For tre år sidan tok Den rettsmedisinske kommisjon initiativ til nasjonale retningslinjer. Dei skulle ta for kva ein skal gjere når ein mistenker at spedbarn med hjerneskadar er utsett for vald.

Illustrasjon: TOM BOB PERU ARONSEN / NRK

Jørg Mørland føler seg i dag som eit stort spørsmålsteikn. For tre år sidan tok han tok initiativ til å opprette ei ny nasjonale retningslinje. Denne skulle slå fast korleis ein undersøker og tolkar funn når ein mistenker at eit spedbarn med hjerneskadar har blitt utsett for vald.

Den tidlegare nestleiaren i Den rettsmedisinske kommisjonen (DRK) seier han først hadde støtte til forslaget sitt blant kollegaene.

– Men kvifor synet har endra seg, det kan eg eigentleg ikkje seie, seier professor emeritus i farmakologi frå Universitetet i Oslo.

Opplevde at entusiasmen forsvann

Det er rutinane til helsepersonellet som tek imot dei skadde barna som avgjer kva slags undersøkingar som blir gjort. Det avgjer også kva slags bevis som blir sikra.

I 2021 tok Mørland og DRK-leiar Karl Henrik Melle kontakt med Helsedirektoratet. Dei bad dei finne ut om det var grunn til å utarbeide ei nasjonal retningslinje for korleis ein skal gå fram når hardt skadde spedbarn kjem til sjukehuset.

I eit brev skriv dei at ei slik fagleg retningslinje vil ha to formål:

  • å sikre best mogleg behandling for barn med påførte hjerneskadar
  • å gi politiet og domstolen eit grunnlag for å vurdere om barnet er påført ein skade som kan føre til straffansvar.

Men utan at Mørland forstår kvifor, opplevde han at entusiasmen for forslaget forsvann.

Jørg Mørland

– I dag kunne rettstryggleiken vore mykje betre, om man hadde hatt ein slik nasjonal retningslinje, seier Jørg Mørland.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Utilfredsstillande situasjon

I 2021 hadde debatten om Shaken baby syndrome halde på i fleire år. Ekspertane var ueinige om det er mogleg å bevise at spedbarn har blitt kraftig rista, fillerista, ved å sjå på hovudskadane til barna. Ja-sida og dei som meinte at skadane kan ha andre årsaker stod steilt mot kvarandre.

Les også Slik er den internasjonale krangelen om «Shaken baby syndrome»

LOUISE WOODWARD GOOD WHITFIELD-SHARP

Usemja fann også vegen inn til domstolane og til DRK.

I brevet DRK sende til Helsedirektoratet skriv dei om denne debatten og dei sprikande erklæringane dei får frå ekspertane. Dei meiner det fører til ein «utilfredsstillande situasjon» for rettstryggleiken til spedbarna, omsorgspersonane og samfunnet elles.

– Jo meir uklart eit område er, jo større risiko er det for at du får feil utfall, seier Melle til NRK. Han har vore leiar av kommisjonen sidan 2013.

Sende ikkje inn ferdigutfylt skjema

For å vurdere om dei skulle gå vidare med forslaget, bad Helsedirektoratet DRK om å fylle ut eit skjema. Der skulle dei skrive inn dokumentasjon som klargjer problemstillinga.

Skjema blei fylt ut, men ikkje sendt inn, seier Melle som understrekar at innhaldet ikkje er hemmeleg.

Han seier at det ikkje vil skje noko meir med deira eige forslag. Grunnen er at medlemmene i kommisjonen ikkje vil prioritere å jobbe med det.

I tillegg meiner kommisjonen no at dette heller er ei oppgåve for fagmiljøa og helsestyresmaktene.

Karl Heinrik Melle

Leiar av Den rettsmedisinske kommisjonen Karl Henrik Melle seier at årsakene til heilomvendinga er at har vore travelt, at dei har prioritert å jobbe med andre ting, og at primus motor bak initiativet, Jørg Mørland, har slutta i kommisjonen.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

Les også Skuldar kommisjon for å ta side i filleristingssaker: – Kan leie til feil dommar og justismord

Advokat Frode Sulland foran mørkerøde sofagrupper inne i lokalene hos Kripos i Oslo.

Meiner tida ikkje er moden

Det er rettsmedisinar og professor emeritus ved Universitetet i Oslo, Torleiv O. Rognum, som har det faglege ansvaret for filleristingssakene i DRK. Han er leiar for gruppa for rettspatologi og klinisk rettsmedisin.

Som NRK tidlegare har omtalt har han også vore sakkunnig i fleire slike saker.

Rognum seier at han er for ei nasjonal retningslinje, men at tida ikkje er moden. Årsaka er spriket mellom oppfatninga til dei som ikkje meiner at filleristingsdiagnosen er reell og resten av det medisinske fagmiljøet.

Før det kan bli ei nasjonal retningslinje der ein kan opprette ei felles haldning til dette, så trur eg me må gå nokon rundar først for å samarbeide om nokre konkrete påstandar.

Professor Torleiv O. Rognum

Torleiv O. Rognum seier at ein av årsakene til at arbeidet har stoppa opp var at saka ikkje var ferdig diskutert i DRK då initiativet blei teke ovanfor Helsedirektoratet.

Foto: Morten Waagø / NRK

Vil forske med meiningsmotstandarar

Det vil Rognum få til med meir forsking. Han har invitert to av meiningsmotstandarane sine til forskingssamarbeid.

Ein av dei er Knut Wester, pensjonert professor i nevrokirurgi ved Universitetet i Bergen. Forskinga hans peiker på dei medisinske tilstandane til nokon av barna som er diagnostisert som fillerista heller er medfødt. Det er Rognum spørjande til.

Les også Svært kritisk til diagnosen «Shaken baby syndrome» – frykter justismord

Professor Knut Wester

– Du seier at det er behov for meir forsking. Men er ikkje Shaken baby syndrome-diagnosen godt nok vitskapleg fundert, slik du ser det?

– I den alminnelege aksepterte medisinske oppfatninga er ho jo det. Men det er altså nokon som hevdar at denne triaden av skadar; bløding under den harde hjernehinna, netthinnebløding og hjerneskade, kan komme meir eller mindre av seg sjølv utan noko påført skade. Desse alternative mekanismane for triaden kan klargjerast gjennom forsking, seier Rognum.

Meiner det er nok forsking

Men den tidlegare nestleiaren i DRK meiner det allereie finst nok forsking til å starte på arbeidet med retningslinjer. Han peikar på at svenskane gjekk gjennom 3.700 studiar frå heile verda før dei gav ut ein rapport i 2016.

I ettertid har det komme enda fleire studiar. Mørland meiner prosjekta Rognum foreslår ikkje løyser hovudproblemet.

– Forskingsgrunnlaget for å seie at filleristing leier til triaden, er svært svakt. Dei nye prosjekta kjem ikkje til å kunne gjere det meir eller mindre sannsynleg.

Seier nei til forskingssamarbeid

Knut Wester, som fekk invitasjonen, seier han overhovud ikkje vil samarbeide med Rognum.

– Men for samfunnet ville det jo ha vore ein fordel om dette ikkje var ein fastlåst situasjon. Kva tenkjer du om det?

Eg trur ikkje det er mogleg med eit samarbeid med dei noverande rettsmedisinarane og standpunkta deira. Dei opnar ikkje for nokon annan måte å sjå desse sakene på enn sitt eige syn som er basert på ikkje-validerte teoriar og hypotesar. Det er aldri bevist at det dei seier er rett, seier Wester.

Kan avslutte debatten

Om det likevel skulle komme nasjonale retningslinjer fryktar Wester at det kan bli eit forsøk på å føre alle rettsmedisinske erklæringar i ei bestemt retning.

– Viss dei seier at ein skal gjere som dei gjengse rettsmedisinarane gjer no, så vil jo debatten halde fram. Viss desse retningslinjene også inkluderer vitskapleg haldbar argumentasjon, så vil det endre debatten fullstendig. Då vil det ikkje vere noko debatt lengre, seier Wester.

Professor emeritus Knut Wester

– Det er berre ein måte å sjå det på, og det er det som er haldbart vitskapeleg, seier professor emeritus Knut Wester.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Riksadvokaten på kopi

Riksadvokaten var sett på kopi i e-postutvekslinga mellom DRK og Helsedirektoratet, og er kjend med at DRK beskreiv situasjonen som utilfredsstillande.

Sidan då har fleire filleristingssaker gått i domstolane, og minst seks saker om vald mot babyar blitt kravd gjennopptatt.

NRK har spurt Riksadvokaten om dei har gjort noko for å betre situasjonen og om dei deler DRK si oppfatning. Riksadvokaten viser til tiltak dei gjorde i 2021, mellom anna at politiet må etterforska slike barnevaldssaker ekstra grundig.

– Riksadvokaten merka seg DRK sitt forslag om ei nasjonal retningslinje. Spørsmålet om det er ønskjeleg å få slik retningslinje reiser medisinfaglege spørsmål som Helsedirektoratet og DRK er nærare til å vurdere, skriv statsadvokat Tone Aase.

Andre kan fremme forslaget

Heilt til Mørland slutta i DRK i mars i fjor, prøvde han å få kommisjonen til å følge opp sitt eige forslag om nasjonale retningslinjer.

– Det er jo ikkje nødvendigvis slik at det er DRK som skal be om dei, sjølv om det hadde vore naturleg. Forslaget kan fremmast av andre. Eg synest det er høgst beklageleg at dette har stoppa opp.

Helsedirektoratet sitt skjema for «eignavurdering»

Dette ferdigutfylte skjemaet blei aldri sendt inn. Prosessen med å få på plass retningslinjer stoppa heilt opp.

Hei!

Har du lyst til å dele noen umiddelbare tanker? Eller har du konkrete tips som vi bør kikke nærmere på? Vi er en gruppe NRK-journalister som har rapportert om filleristing og vold mot barn siden 2018.

Signal:+ 47 928 58 483