Hopp til innhold

Vald i innvandrarfamiliar: – Mange trur det er best for barnet å bli slått

Stortingsrepresentant Abid Raja (V) meiner innvandrarforeldre må forstå at dei skader barna sine når dei brukar vald i oppdraginga. Han trur mørketala er store.

Stortingspolitiker Abid Raja (V)

Abid Raja (V) trur mange foreldra hadde endra oppdragarmåte, dersom dei forstod at det skader barnet å bruke fysisk og psykisk vald.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ei NRK-undersøking av alle dommar frå norske rettssalar i mars, april og mai i år der barn har vore involvert, viste at 47 prosent av alle barn i familievaldssaker er frå innvandrarfamiliar.

– Det kan i første augekast virke som sjokkerande høge tal, men samtidig er det store mørketal. Desto viktigare er det å åtvare mot denne valden, seier stortingsrepresentant Abid Raja (V).

Han vektlegg at fysisk vald ofte er lettare å avsløre, og at mykje av den psykiske valden derfor aldri blir oppdaga.

– Barn er lojale mot foreldra sine og melder ofte ikkje ifrå om det dei opplever i heimen som er vondt.

Autoritær oppdragarstil

Raja har sjølv vore open om at han har blitt utsett for oppdragarvald, noko som gjorde at han hamna hos barnevernet. Han trur at ein del av problemet er at mange med innvandrarbakgrunn meiner at den norske barneoppsedinga er for snill, og at den autoritære metoden dei tar med seg frå heimlandet er den beste måten å oppdra barna på. Dette inneber kontroll, psykisk og fysisk vald.

– Mange innvandrarforeldre trur det er best for barnet å bli slått. Då er det ekstremt vanskeleg å endre den åtferda, seier han.

Må bli sett fokus på

Raja meiner at eit langsiktig førebyggande arbeid er viktig for å få ned talet på barn i innvandararfamiler som blir utsett for vald. Informasjon og gode rollemodellar som viser korleis god oppdraging kan vere, er sentrale punkt her.

– Vi må styrke barnevernet, helsestasjonane og trene opp tilsette i kommunane til å snakke med barn om vald. I tillegg er det utruleg viktig at vi jobbar med desse foreldra og snakkar med dei om kva ein autoritær foreldrestil og psykisk og fysisk vald gjer med barn, seier Raja.

Ikkje overraskande

Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) seier at det er alvorleg, men ikkje overraskande at så mange av familievaldssakene skjer i innvandrarfamiliar.

SV stortingsgruppe

Karin Andersen (V) seier det er uakseptabelt at barn i Noreg skal bli utsette for vald.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Ingen barn i Noreg skal oppleve vald og det er difor vi har lover og apparat til å ta fatt i det, seier Andersen.

Ho meiner det er viktig at dei som kjem til Noreg får klar beskjed om kva som er lov og ikkje. Det er også viktig at familiar får hjelp til strategiar for å oppdra barn utan vald. Der meiner ho både frivillige organisasjonar og det offentlege har eit ansvar.

– Det er nok ein del som synest samfunnet er framand og vanskeleg å oppdra barn i, og ikkje skjøner korleis dei skal gjere det, seier Andersen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL