Hopp til innhold

Meiner lærarar bør slutte med frustrerte Facebook-innlegg

Fleire lærarar har dei siste dagane uttrykt misnøye med fokuset på barn si psykiske helse under streiken. No meiner ein av toppane i Utdanningsforbundet at dei bør slutte med det.

Gerd Botn Brattli

Gerd Botn Brattli er leiar i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal. Ho har ikkje noko til overs for enkelte innlegga på Facebook.

Foto: Roar Strøm / NRK

8000 lærarar er ute i streik og endå fleire er varsla. Dei siste dagane har foreldre, skuleleiarar og helsepersonell slått alarm om elevar som slit tungt.

Dette har ført ei rekkje lærarar til tastaturet og fleire innlegg på Facebook. Lærarar ulike stader i landet har tatt til motmæle og sagt dei ikkje kan ta ansvar for den psykiske helsa til elevar utan eit skuletilbod.

Nokre av desse innlegga likar leiaren i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal dårleg.

– Eg blir litt trist og lei. Det er ikkje rett måte å uttrykke seg på. Ein kan ha sitt ord i behald, for vi er ikkje verken det eine eller det andre, men vi spelar ei utruleg viktig rolle i barn sin kvardag. Slike innlegg syns eg vi skal slutte med, seier Gerd Botn Brattli i Utdanningsforbundet.

Etter publisering av denne artikkelen har Botn Brattli fått mange reaksjonar frå lærarar som meiner ho prøvar å gje dei munnkorg. Botn Brattli strekar under at ho ikkje ønskjer det, men held fast på at Facebook kanskje ikkje er den beste plattforma for slike innlegg.

Les også Nathaniel (12) har endå ikkje møtt klassekompisane – kommunen krev pause i streiken

Nathaniel Hervik Thorbjørnsen er prega av lærarstreiken

– Skolen er ikke en psykiatrisk inistitusjon

Nokre av innlegga har blitt delt fleire tusen gonger.

Eitt av dei er signert Stavanger-lærar Helena da Silva-Tønnessen og ligg på Facebook:

«Skolen er ikke en psykiatrisk institusjon. Hvis et barn kan få psykose av å ha fri mens vi setter «the record straight» og kjemper for en bedre skole for dem, er det ikke på skolen behandlingen finnes!»

– Vi er lærarar, ikkje utdanna helsepersonell. Det er nettopp den misoppfatninga av at lærarar skal løyse all verdas problem som er årsaka til streiken, skriv ho.

Forfattar og tidlegare lærar Guro Jabulisile Sibeko har også skrive eit innlegg der ho mellom anna skriv «Det er ikke lærerstreiken som går ut over liv og helse».

Under innlegga haglar det med emojis med hjarte, blomster og applaus frå andre lærarar.

Skjermdump frå Facebook

Skjermdump frå Facebook-innlegget til ein lærar i Stavanger. Det er flittig delt og kommentert.

Foto: Skjermdump frå Facebook

Kritikk frå sine eigne

Men ikkje alle lærarkollegaer er samde.

Gerd Botn Brattli i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal, meiner lærarane må skjøne den uroa som mange kjenner på.

– Vi kan ikkje trekkje i tvil at foreldre og andre bekymra for sine eigne barn eller at arbeidsgjevarar er bekymra for skulen. Det er ikkje fint å gjere. Vi deler uroa, seier Botn Bratteli.

Ho meiner skulen er svært viktig for elevane som møteplass, og seier ho håper at streiken snart er over.

Gerd Botn Brattli

Gerd Botn Brattli er leiar i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal. Ho har ikkje noko til overs for innlegga på Facebook.

Foto: Roar Strøm / NRK

Støtte frå fagfolk

Også fagfolka meiner det er grunn til å vere urolege for situasjonen til barn og unge. Måndag gjekk leiaren av avdeling for barn og unges psykiske helse (ABUP) ved Sykehuset Telemark, Ove Kleppa, ut og fortalde at streiken råkar psykisk sjuke barn og unge.

Han er spesielt bekymra fordi streiken kjem i etterkant koronapandemien, som fekk store konsekvensar for mange barn og unge.

– Timinga er uheldig. Vi er bekymra for at det skal bli verre. Ein god kontaktlærar på skulen er viktig for elevane. Sjølv om både miljøterapeutar og helsesjukepleiarar er der, spelar lærarane ei viktig rolle, seier Kleppa.

Han strekar under at han støttar lærarane sin rett til å streike, men at han er bekymra for at situasjonen til elevane.

Ove Kleppa, avd.leder ABUP

Avdelingsleiar Ove Kleppa seier timinga på lærarstreiken er uheldig fordi han kjem kort tid etter koronapandemien. Dermed blir mange barn og unge råka på nytt.

Foto: VIGDIS HELLA / NRK

I helga braut både Skolenes landsforbund, Norsk Lektorlag og Utdanningsforbundet med KS og varsla vidare opptrapping.

Fleire aktørar har bedt regjeringa gripe inn med tvungen lønsnemnd for å få slutt på streiken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL