Hopp til innhold

Nathaniel (12) har endå ikkje møtt klassekompisane – kommunen krev pause i streiken

Kommuneleiinga i Molde nektar å sjå på korleis elevane blir råka av lærarstreiken. No krev dei at ein heil ungdomsskule får kome tilbake på skulebenken neste veke.

Nathaniel Hervik Thorbjørnsen er prega av lærarstreiken

Nathaniel Hervik Thorbjørnsen synest det har vore tungt å ikkje få begynne på ungdomsskulen. Det hadde han gledd seg til.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fire veker ute i skuleåret har Nathaniel Hervik Thorbjørnsen (12) framleis ikkje møtt klassen sin på Bekkevoll ungdomsskole i Molde.

Torsdag gjekk kommuneleiinga i Molde til det uvanlege steget å be om dispensasjon for alle lærarane, slik at dei 426 elevane kan kome tilbake til skulen i fem dagar.

– Eg skulle ha begynt i åttande, men det blei ikkje noko av på grunn av streiken. Eg synest det er veldig synd, for eg hadde gledd meg skikkeleg, seier Nathaniel Hervik Thorbjørnsen (12).

Nathaniel Hervik Thorbjørnsen

Det har blitt mange timar heime i haust for Nathaniel Hervik Thorbjørnsen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Svært faretruande signal

Streiken har vart sidan tidleg i sommar og uro for borna har ført til at fleire har slått alarm dei siste dagane.

Kaja (11) er redd for at ho skal bli dum, barneombodet er uroleg for situasjonen og foreldre i Lillestrøm og Bergen har sendt brev til regjeringa.

Også Molde kommune varsla Statsforvaltaren tidlegare denne veka om at situasjonen for mange av dei unge er så utfordrande at streiken ikkje kan halde fram.

– Vi ser svært mange bekymringsmeldingar no. Dette er på toppen av to år med pandemi der vi har vore uroa for psykisk helse og sosial omgang. For desse elevane er det svært faretruande signal vi får, seier ordførar Torgeir Dahl (H).

Torgeir Dahl

Ordførar Torgeir Dahl (H) i Molde seier kommuneleiinga og helsevesenet får svært faretruande signal frå dei unge.

Foto: Remi Sagen / NRK

Seier nei og viser til Hovudavtalen

Men Utdanningsforbundet i Molde seier nei til den uvanlege dispensasjonssøknaden.

Fredag ettermiddag konkluderte fagforeininga med at dei ikkje vil gje dispensasjon til alle lærarane på ein enkelt ungdomsskule. Dei viser til Hovudavtalen som seier at slike søknader må vere personlege og ikkje kan gjelde alle elevane.

– Vi meiner det er å ta hardt i å seie at 400 elevar har sånne plager som gjer at vi skal innvilge dispensasjon på alle lærarane ved skulen, seier streikeleiar Cecilie Sandvik i Utdanningsforbundet i Molde.

Ho seier ho ikkje tidlegare har opplevd at kommunar har søkt om dispensasjon for heile skular før og at dei ikkje ville risikere at eit ja til Molde skulle føre til at fleire ber om det same.

Frå måndag er over 8000 lærarar over heile landet i streik:

Laurdag opplyser riksmeklar Mats Wilhelm Ruland til NRK at han har hatt kontakt med arbeidstakarsida, men at det ikkje er noko nytt å melde.

Lærarane offentleggjorde laurdag føremiddag forslaget som dei har gitt til motparten.

Les også Lærarane viser korta: – Vårt forslag gir billegare oppgjer i 2022

Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

– Burde starta for lengst

Heime hos familien Hervik Thorbjørnsen i Molde synest mor Gunhild Hervik at konklusjonen til Utdanningsforbundet er feil, og ungane snart burde få kome tilbake til skulen.

– Det hadde gjort ein kjempestor forskjell. Då kunne dei fått konkrete oppgåver å jobbe med og då er det enklare å kome i gang. Når dei då begynner på skulen igjen og streiken er over, hadde dei hatt ein sjanse til å starte godt. No har dei ikkje grunnlag for å gjere noko som helst, og berre ventar, seier Hervik.

Gunhild Hervik

Gunhild Hervik er mor til to gutar som skulle vore på ungdomsskulen. Ho seier situasjonen pregar dei.

Foto: Remi Sagen / NRK

Eldsteguten Mario Hervik Thorbjørnsen (15) skulle begynt i 10. klasse i haust. Han seier det har vore tungt både å stå opp og gjere skulearbeid. No håper han streiken snart er over.

– Vi burde vore på skulen. Vi burde starta for lengst, seier han.

Mario Hervik Thorbjørnsen

Mario Hervik Thorbjørnsen skulle gjerne vore på skulen for lengst i haust. Det blir mange timar med mobilen.

Foto: Remi Sagen / NRK