Hopp til innhold

Sjå video: Kva skjer når det går eit ras frå Mannen?

I fleire år har geologar følgt situasjonen ved det rasfarlege fjellet Mannen i Rauma. At fjellpartiet «Veslemannen» fell ned før eller seinare, er ekspertane samde om. Spørsmålet er berre når det skjer.

Nettvideo som forklarer hva som skjer når Mannen og Veslemannen raser, grafikk av et eventuelt skred

Sjå forklaringsvideoen: Ingen veit når det vil kome eit større ras frå fjellet Mannen i Rauma, men geologane veit at det vil skje.

På denne sida samlar vi alt du treng å vite om fjellet Mannen og det rasfarlege partiet best kjent som «Veslemannen».

Siste nytt om situasjonen ved Mannen kan du lese her:

Og alle saker skrive om fjellet kan du lese her:

Fakta om Mannen og Veslemannen:

  • Mannen er eit fjell på 1294 meter over Horgheim i Rauma kommune i Romsdalen.
  • Fjellpartiet er blant dei mest overvaka i landet, og er nøye kontrollert av geologar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
  • Geologane kallar det ustabile fjellpartiet i Mannen for «Veslemannen». Dette er eit avgrensa område av fjellet.
Fjellet Mannen

Slik deler NVE inn dei ulike delane av fjellet Mannen.

Foto: NVE
  • Veslemannen har eit volum på 120 000–180 000 kubikkmeter, det vil seie rundt éin prosent av det totale volumet av Mannen.
  • Det siste året har den mest aktive delen av Veslemannen forskyve seg nesten tre meter. Totalt har det flytta seg sju meter dei siste fire åra.
  • Eit ras frå Veslemannen kan råke noko busetnad, E-136 og Raumabanen. I framtida fryktar ein eit større fjellskred frå Mannen på inntil 20 million kubikkmeter. Dette området er ikkje i fare no, ifølgje NVE.
  • I oktober 2014 varsla geologane at eit skred berre var timar unna. Men raset kom aldri.
Mannen

Farenivået for Mannen har blitt heva til raudt ein rekke gonger sidan 2014.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
  • I september 2015 blei farenivået igjen heva til raudt. Det same skjedde også i august 2016 og oktober 2017.
  • Dei elleve som bur under fjellet Mannen blir evakuert kvar gong farenivået blir heva til raudt. I tillegg innfører politiet innført ferdsels- og opphaldsforbod under Mannen. Raumabanen blir også stengt.
Mannen-evakuering

Folk og fe under Mannen blir evakuert kvar gong farenivået blir oppjustert til raudt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto
Oppe på Mannen tirsdag morgen

I 2017 prøvde NVE å pøse vatn på fjellet, utan at det hadde den effekten dei ønska.

Foto: NVE

I september gjekk det eit større ras frå Veslemannen.

Fjellet Mannen
Fjellet Mannen i Rauma

Fjellet Mannen i Rauma har blitt kontinuerleg overvaka i ei årrekke.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK