NRK Meny
Normal

– Skredet kan kome innan få timar

RAUMA (NRK): Stein har byrja å losne frå fjellet, og politiet er klare til å rykke så fort skredet dundrar nedover fjellsida. Mannen har bevegd seg opp mot 8 centimeter, berre i natt.

Mannen i Rauma

Rørslene i fjellet har aldri vore så store som no. Geologane ventar at skredet kan kome innan timar. Sjå direkte frå Mannen her.

PK Rauma Blikra

Geolog Lars Harald Blikra på pressekonferansen tysdag morgon.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I natt har Sivilforsvaret, som har lyttepost ved fjellet Mannen, høyrt steinsprang. Det er eit av teikna på at steinskredet nærmar seg. Dei siste tre vekene har fjellmassane bevegd seg rundt 7 mm i døgnet.

Siste døgnet har det vore målt opp mot 8 cm bevegelse i øvste delen av fjellet. Sjefgeolog Lars Harald Blikra fortel at dei også ser ei auke i den nedre delen.

Natt til i dag bevega fjellet seg tre gonger så mykje som natta før. Det betyr at bevegelsane i Mannen aldri har vore større.

– Vi er spente på kor langt og tett vi klarer å følge det sidan bevegelsane er så store, fortel Blikra.

Truleg skred innan 10-15 timar

Målingar i rørsler i Mannen

Slik ser dei siste målingane av Mannen ut. Trykk på biletet for å forstørre det.

Det har ikkje kome så mykje nedbør som venta i natt, men regnet som har kome har hatt stor effekt på Mannen. Geologen fortel at det er venta meir regn utover dagen, og at det er rimeleg sannsynleg at skredet vil kome innan 10–15 timar.

Alle etatar, samt politiet, er klare til å rykke ut med det same skredet går. Dei er i såkalla raud beredskap.

Geologen fortel at fjellet no er i ein akslereringsfase, og når skredet går kjem politiet til å stenge E136 på grunn av store mengder støv. Denne vegen er hovudferdselsåra mellom austlandet og Møre og Romsdal.

Evakuerte til godt mot

Pressekonferanse om Mannen

Rauma kommune inviterer til ny pressekonferanse klokka 12 i dag.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Onsdag i førre veke vart 11 personar evakuerte frå området. Kommunen dekkjer alle utgiftene som dei evakuerte måtte ha på grunn av evakueringa.

– Dei evakuerte har det bra, men det er klart dei er slitne av situasjonen. Vi legg til rette for at dei skal finne seg alternativ husvære, og hjelper til med det økonomiske, fortel ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad.

Ordføraren oppmodar folk til å halde seg godt unna Horgheim, som ligg rett under Mannen.

– Vi anbefaler ikkje å opphalde seg i området når det no nærmar seg. Det kjem til å bli mykje støv når skredet går, seier Hustad.

Mannen i Rauma

Geologane har no sagt at skredet er venta innan få timar.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK