Hopp til innhold

Auka bevegelsar og steinsprang frå Mannen

Farenivået ved fjellet Mannen i Rauma har igjen blitt heva til raudt. Tysdag kveld blir det meldt om fleire steinsprang frå fjellet, og onsdag morgon aukar rørslene i nedre del av fjellet.

Direkte fra Mannen

SJÅ DIREKTE FRÅ MANNEN: NVE har oppjustert farenivået ved fjellet Mannen i Rauma til raudt. Dette er tiande gong at farenivået blir heva til raudt.

Onsdag morgon seier geolog Lene Christensen at rørslene i øvre del av fjellet har avtatt noko, men er framleis store og på rundt 40 centimeter i døgnet. I den nedre delar aukar rørslene og er over to centimeter i døgnet.

– Det er svært store rørsler vi registrerer, og området det er rørsler i er også større enn tidlegare, seier Christensen. Vi er derfor veldig merksame på kva som skjer.

Ho fortel at det har gått fleire steinsprang i natt, og dei ventar at det vil skje også ut over dagen.

Det er meldt opphaldsver framover, men det ligg mykje snø i fjellet, og når det smeltar kan det også påverke rørslene i fjellet.

Tysdag ettermiddag bestemte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seg for å heve farenivået ved Mannen til raudt for tiande gong sidan 2014. Oppjusteringa skuldast at det var meldt mykje nedbør, mildvêr og auka bevegelsar ved det rasfarlege fjellpartiet, også kalla Veslemannen.

Det er meldt om fleire steinsprang og buldring frå fjellet tysdag kveld.

– Eg har høyrd steinsprang kvart 5–10 minutt dei siste timane. Nokre av dei varer mellom 30 til 60 sekund, seier Kolbjørn Horgheim til NRK i 21.30-tida. Han bur tvers over dalen for Mannen.

Også NVE bekreftar at det er mykje aktivitet ved Mannen tysdag kveld.

– Sivilforsvaret sin lyttepost melder om sju skredhendingar ved fjellet Mannen i løpet av kort tid, seier Einar Anda, geolog i NVE.

Klokka 23.00 fortel NVE at hastigheita til bevegelsane i den mest aktive delen av Veslemannen aukar.

– Bevegelsane har no ei fart på to centimeter i timen, og ei døgnhastigheit på rundt 50 centimeter, seier Anda. Dette er meir enn ei dobling frå tysdag ettermiddag. Då hadde bevegelsane i den øvre delen ei døgnhastigheit på 20 cm.

– Frustrerande

Tysdag ettermiddag blei bebuarane under fjellet evakuert, for femte gong sidan august 2018. Sist gang var 25. september. Arnt Olav Herjehagen, kommunikasjonssjef i Rauma kommune, seier situasjonen for bebuarane under fjellet Mannen er frustrerande.

Arnt Olav Herjehagen

Arnt Olav Herjehagen, kommunikasjonssjef i Rauma kommune, seier situasjonen for bebuarane under fjellet Mannen er frustrerande.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Eg er imponert over kor uthaldande dei er. Samtidig er det avgrensa kor lenge ein kan halde på slik. Vi skulle gjerne hatt raset no slik at vi fekk ei avklaring. Dersom vi går inn i ein ny sesong med gjentatte evakueringar, så må vi vurdere ei meir permanent løysing, seier Herjehagen.

Raumabanen er også stengt og politiet har innført ferdsels- og opphaldsforbod under fjellet.

Auka bevegelsar

Bevegelsane i fjellpartiet har vore stabile dei siste dagane. Ifølgje NVE har bevegelsane vore på rundt 10 cm per døgn i den øvre delen og rundt 1- 1,5 cm i døgnet i den nedre delen. Det har vore relativt kaldt og ligg mykje snø i fjellet. Men no har mildvêr og mykje nedbør sett fart på bevegelsane.

Ingrid Skrede

Ingrid Skrede, vakthavande geolog i NVE.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Det har no blitt mildare og det har byrja å regne. Samtidig har hastigheita i den øvre delen av fjellpartiet auka til om lag 20 cm i døgnet. I den nedre delen har det auka til 1–3 cm i døgnet, sa vakthavande geolog i NVE, Ingrid Skrede, til NRK tysdag ettermiddag.

Fram til midnatt tysdag er det meldt 13–20 mm nedbør som regn og sludd. Det er også meldt stort sett plussgrader dei neste dagane, noko som vil kunne føre til tilsig av vatn ned i fjellet. Dette trur geologane igjen vil kunne føre til auka bevegelsar.

– Det er ganske mykje snø på toppen av fjellet som også kan smelte på grunn av høgare temperaturar, seier Skrede.

Har vore steinsprang

Den mest aktive delen av Veslemannen har flytta seg 2,4 meter den siste månaden. I løpet av hausten har det vore fleire ras frå det rasfarlege partiet. Også denne gongen har geologane registrert aktivitet.

– Det har vore nokre mindre steinsprang allereie, sa Skrede tysdag ettermiddag.

Men geologane i NVE kan likevel ikkje seie noko om når eit nytt og eventuelt større ras frå Veslemannen kan kome.

– Det er umogleg å seie, men vi overvakar bevegelsane kontinuerleg, seier Skrede.

13. september i år gjekk det eit stort steinras frå det rasfarlege partiet ved Mannen.

Ikkje overraska

Dette er tiande gong sidan 2014 at bebuarane under Mannen blir evakuert. Rauma-ordførar Lars Olav Hustad er ikkje overraska over at det blei endå ei evakuering denne hausten.

– Ja, det var ikkje uventa. Særleg med tanke på nedbøren og mildvêret som er meldt, seier han.

– Håper de at dette blir siste evakueringa i år?

– Den som visste det. Vi kan ikkje tenke så mykje på det og må berre ta omsyn til det NVE melder. Vi har vore gjennom dette så mange gonger no, seier Hustad.

Fjellet Mannen

Bildet viser dei ulike delane av fjellet Mannen.

Foto: NVE

Les alt om fjellet Mannen her:

Mannen dagkamera.

Mannen dagkamera.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL