Hopp til innhold

Steinras frå Mannen: – Det største raset vi har sett

Bevegelsane i fjellet Mannen i Rauma har auka etter ei rekke steinsprang torsdag ettermiddag. Totalt blei det registrert 12 steinsprang i løpet av to timar.

Sjå video frå raset her. Det var ein del av det øvre fjellpartiet ved Mannen som rasa ut.

Det melde Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) under ei pressekonferanse frå Rauma torsdag kveld. Sivilforsvaret observerte totalt 12 steinsprang frå klokka 13.45 til 15.47. Etter det har hastigheita auka både i øvre og nedre del av fjellet. På grunn av dette vel NVE å behalde raudt farenivå ved Mannen.

– Dei store bevegelsane held fram trass lite nedbør. Det fortel oss at fjellet er svakare enn det har vore før. Den nedre delen har også blitt meir ustabil. Så spørst det om det er nok til å utløyse et stort ras eller om fjellet treng meir tid, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE.

Også seint torsdag kveld melder Sivilforsvaret sin lyttepost at dei har høyrd steinsprang frå fjellet.

Store bevegelsar

I den nedre delen av det rasfarlege partiet har bevegelsane no ei døgnhastigheit på tre cm. Denne delen blir sett på som viktig for at det skal gå eit større ras.

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog Lars Harald Blikra seier at bevegelsane ved Mannen er store trass lite nedbør. Særleg aukar bevegelsane i den nedre delen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Den nedre delen beveger seg meir og meir, og det er tydeleg at den har byrja å slå sprekker. Det blir spennande å sjå kva som skjer vidare, om den stabiliserer seg eller om det held fram med same hastigheit, seier Blikra.

Det har regna mykje i området dei siste dagane, og det er også meldt mykje nedbør utover kvelden og natta.

– Nå har det blitt kaldt så det vil nok kome som snø. Då må vi vente på høgare temperaturar for at det skal smelte og påverke fjellet. Men no ser det ut som det er store bevegelsar utan nedbør også, så det kan nesten verke som om fjellet lever sitt eige liv, seier Blikra.

Bevegelsene ved fjellet Mannen har økt etter en rekke steinsprang i ettermiddag, forteller Geolog Lars Harald Blikra.

Sjå pressekonferansen klokka 18.00.

Kraftige steinsprang

Det gjekk kraftige steinsprang ved det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen i Rauma i Romsdal like før klokka 15.00 og rundt 15.40.

Ras frå Mannen 13.09.18

NVE sitt kamera på toppen av fjellet fanga også raset torsdag ettermiddag.

Foto: NVE

– Det er det største raset vi har sett, sa Jan-Tore Flovikholm ved Sivilforsvaret sin lyttepost til NRK etter raset. Han har vore stasjonert på Horgheim i Rauma alle dei åra Sivilforsvaret har vore ved Mannen.

Steinspranga gjorde at ein tydeleg kunne sjå støvskyer frå fjellet. Sivilforsvaret registrerte også tre-fire steinsprang i natt.

– Det er kanskje eit forvarsel på noko større. Vi har sett fleire små steinsprang dei siste timane. Det blir spennande å sjå, sa Flovikholm.

Her kan du sjå raset frå eit nærare utsnitt.

– Kjempeblokk som losna

Også NVE registrerte den store aktiviteten ved fjellet torsdag ettermiddag. Det har vore store bevegelsar i fjellet trass i lite nedbør. Sjefgeolog Lars Harald Blikra var sjølv på plass ved Mannen for å observere aktivitet med eigne auge.

– Det eine raset var ganske stort. Det var ei kjempeblokk som losna, sa sjefgeolog Lars Harald Blikra til NRK i 15.40-tida.

Ras ved Mannen 13.09.18

Det blei store støvskyer som følgje av det store raset torsdag ettermiddag.

Foto: NRK

Han forklarte vidare at steinen som losna kom frå den øvre delen av det rasfarlege fjellpartiet. Raset tok også med seg deler av måleinstrumenta til NVE.

– Det er eit lite område i øvre delen som har auka og auka utover dagen, så det er den som held på å kollapse, sa Blikra.

Han vektla likevel at det er vanskeleg å seie noko om når eit mogleg ras kan kome.

– Fronten har same hastigheit som i natt, den har ikkje minka noko, så vi er spent på utviklinga. Men det blir ein del småskred før raset går, sa sjefgeologen.

Stor aktivitet

På ei pressekonferanse torsdag formiddag fortalde Blikra at aktiviteten ved Mannen var overraskande stor trass relativt lite nedbør.

– Reaksjonen i fjellet er kraftig. Fjellet flyttar seg 60 centimeter i døgnet i den øvre delen, i tillegg til to centimeter i nedre del. Det er snakk om store hastigheiter, sa Blikra.

Sjå direkte frå Mannen her:

Les alt om Mannen her:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL