Hopp til innhold

Har innført ferdsels- og opphaldsforbod under Mannen

RAUMA (NRK): Fredag oppgraderte NVE farenivået for fjellet Mannen i Rauma til raudt. Bebuarane under det rasfarlege fjellet har blitt evakuert.

NVE oppgraderte fredag oppgradert farenivået for Mannen i Rauma til raudt.

Frå kl. 20.30 har det vore nesten kontinuerleg buldring frå fjellet Mannen i Romsdalen. Det kjem leire ned der det vanlegvis er ein bekk. Etter det har det vore registrert fleire mindre skred i området.

Ifølgje NVE sin statusrapport kl. 22.00, er rørslene i det rasfarlege partiet tilsvarande 20–25 cm per døgn.

Det var klokka 17.09 på fredag at NVE bestemte seg for å oppgradere farenivået til raudt. Dei elleve bebuarane under fjellet vart evakuert.

Sivilforsvaret på plass i Rauma

Politi og Sivilforsvaret er på plass ved fjellet Mannen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er på bakgrunn av store rørsler, stor sensitivitet for nedbør og vêrvarsel om kraftig regn fredag kveld og natt til laurdag.

Politi ved Mannen

Politiet har sett opp sperringar og innført ferdsels- opphaldsforbod under fjellet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Rørslene har omtrent tredobla seg i løpet av dagen. På nokre få timar har vi sett ein stor auke i den øvste delen av det ustabile fjellpartiet, seier geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala.

Politiet har sett opp sperringar og innført ferdsels- og opphaldsforbod under fjellet. I tillegg er Raumabanen stengt. Også Sivilforsvaret er på plass ved Mannen.

Krevjande situasjon

Evakuering Mannen Rauma

Seint fredag ettermiddag blei bebuarane under fjellet Mannen evakuert.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dette er sjette gang bebuarane under fjellet Mannen blir evakuert. Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma, fortel at kommunen har hatt tett dialog med bebuarane gjennom heile veka. Dei blir no installert i hytter, bubil og campingvogn til rasfaren er over. Hustad beskriv situasjonen som krevjande.

– Det er sjølvsagt veldig slitsamt for bebuarane. Det er nervepirrande å gå slik å ikkje vite. Du får ikkje sove skikkeleg og dei blir slitne av heile greia. Det er nok ingen andre som ønskjer at Mannen skal rase like mykje som dei, seier han.

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ordføraren er likevel innstilt på at det kan bli ein lang haust og seier kommunen prøver å vareta bebuarane på best mogleg måte.

– Vi følgjer dei opp dagleg så lenge dette står på.

Steinsprang i fjellet

Så langt i år har det vore ei forskyving på éin meter etter snøsmeltinga i den mest aktive delen av fjellpartiet. Totalt har fjellpartiet bevegd seg fem meter dei siste fire åra.

Gudrun Dreiås Majala (NVE)

Geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vêrprognosane er ein av grunnane til at vi hevar farenivået. Fjellet har respondert mykje raskare enn tidlegare, trass i lite nedbør. Det gir oss eit signal om kor ustabilt det rasfarlege partiet er. Vi har nokre års erfaring no, og har lært å kjenne fjellet, slik at vi veit kva han toler. Vi ser for oss at rørslene kjem til å halde fram å auke, med tanke på den nedbøren som er meldt, seier geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala.

Det er venta enno meir nedbør det komande døgnet og NVE følgjer situasjonen tett. Fredag ettermiddag blei det også meldt om steinsprang og lause steinar som rasa ned frå fjellet.

– Med dei store rørslene som vi ser no så er det nærliggande å tru at det blir vidare steinsprangaktivitet. I tillegg er fjellpartiet meir ustabilt som følgje av dei store rørslene dei siste åra., seier Dreiås Majala.

Hastigheita på rørslene i det ustabile fjellpartiet er no på mellom seks og ti cm i døgnet i den øvre delen.

– Det har vore ein klar akselererande trend på hastigheita til rørslene. Det er vanskeleg å seie noko om når det eventuelt kan gå eit ras, men nedbør er ein faktor som kan utløyse det, seier geologen.

Det er igjen økt fare for steinskred fra fjellet Mannen i Rauma.

Klar for å evakuere sidan i dag tidleg

Fredag morgon oppgraderte NVE farenivået til oransje. Det betydde auka overvaking og førebuing til eventuelt raudt farenivå og evakuering av dei elleve bebuarane under fjellet.

– No blir dyr og utstyr flytta i første omgang, men bebuarane er klare for å evakuere. Vi har hatt dialog med dei heile veka og har hus klare for dei, sa ordførar Lars Olav Hustad til NRK i ettermiddag.

Det auka farenivået skuldast varsel om kraftig nedbør og vind i kveld og natt til laurdag.

– Vanlegvis tek det cirka 72 timar før eit eventuelt ras på oransje farenivå. Sidan Mannen er eit lite og ustabilt fjellparti kan tida mellom oransje og raudt farenivå vere kortare enn normalt, sa geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala til NRK fredag morgon.

Gult nivå sidan laurdag

Laurdag 4. august heva Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) farenivået for det rasfarlege partiet ved fjellet Mannen til gult. Då hadde geologane registrert auka hastigheit i rørslene gjennom natta og i morgontimane.

Rasfare fra Mannen
Foto: Marco Vaglieri/ Bjørn Sandvik / NRK

Unormalt tidlege rørsler

Fjellet Mannen, Rauma

Her ser ein det rasfarlege partiet frå toppen av fjellet.

Foto: Øyvind Sandnes

Fjellpartiet reagerer raskt med auka rørsler når det regnar eller ved snøsmelting. Vanlegvis er det på hausten det kjem reaksjon på nedbør, men på grunn av dei høge temperaturane denne sommaren er fjellpartiet svært sensitivt for regn.

Tidlegare år er det først i september og oktober at vi har sett så store rørsler. Vi trur det skuldast den varme sommaren. Det har ført til mindre frost i bakken, og dermed kjem vatnet lettare ned til glideplata, ifølgje geolog Lene Kristensen i NVE.

Mannen
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL