Hopp til innhold

– Kunne aldri gjort som varslaren Snowden

MOLDE (NRK): Moldekvinna Rigmor Torhus seier ho aldri hadde turt å gjere som varslaren Edward Snowden. Laurdag var ho ei av dei som hylla han i Molde.

Rigmor Torhus

Rigmor Torhus meiner norske styresmakter burde vore tøffare i Snowden-saka, men vedgår at ho sjølv neppe kunne gått gjennom det same som han.

Foto: Synnøve Hole

Ein fullsett sal reiste seg og applauderte då Edward Snowden laurdag takka for Bjørnsonprisen. Sjølv turde han ikkje vere til stades. Difor var stolen hans tom på scena. Men dei som sat i salen er imponerte over det han har gjort og oppnådd. Mange seier dei ikkje har klart det same.

Nei, så tøff er eg ikkje, eg syns jo han er kjempetøff som turde å gjere det. Han seier jo at han ikkje hadde noko val, seier Torhus.

 Randi Iversen Gjeldvik t.v. og Ulrikke Radlgruber

Randi Iversen Gjeldvik t.v. og Ulrikke Radlgruber seier det gjorde inntrykk å sjå den tomme stolen der Edward Snowden skulle ha site.

Foto: Synnøve Hole

Ho får støtte av venninnene Ulrikke Radlgruber og Randi Iversen Gjeldvik.

Nei, det er innmari modig gjort, eg klarer nok ikkje heilt å setje meg inn i det. Eg trur nok ikkje eg er like modig, nei, seier dei to.

Kva for inntrykk gjorde det å sjå den tomme stolen på scena?

Det gjorde inntrykk. Det burde jo ikkje vere slik i eit fritt samfunn, seier Rigmor Torhus.

Les også:

Meiner norske styresmakter burde sagt ja

Torhus er mellom dei som meiner at norske styresmakter burde sagt ja til Snowden, som har søkt om opphald i ei rekkje land. Etter å ha reist frå USA for to år sidan, har han fått midlertidig asyl i Russland, og bur no der. Noreg er eitt av landa der han har søkt om asyl, men fått avslag.

Snowden blir intervjua i Molde

Ein fullsett sal ville høyre Edward Snowden snakke om ytringsfridom i Molde laurdag.

Foto: Synnøve Hole / NRK

- Vi burde jo vere så tøffe at vi gav han opphald sjølv om vi er vener med Amerika, seier Torhus.

– Angrar ikkje

Den anerkjende og kontroversielle amerikanaren, avslørte i 2013 at USA har drive massiv overvaking av eigne statsborgarar og andre statar. Laurdag formiddag talte han - via internett - til ein fullsett sal under utdelinga av Bjørnsonprisen. Der sa han at han ikkje angar.

Tom stol bjørnsonprisen Snowden
Foto: Synnøve Hole / NRK

Det er fordi eg tenkjer på kor mykje makt kvar og ein av oss har. Eg er ingen ekstraordinær fyr, eg er ikkje annleis enn de. Men når vi ser noko gale, må ein tenkje over at ein kan endre på det. Ein kan snu seg vekk og halde fram som før, og det er vanskeleg å kritisere andre, men dette handlar om å endre ein vanleg dag til ein ekstraordinært augneblink

Randi Johanne Sund er ei av dei som følgde takketalen til Snowden. Ho syns det var ei storhending.

– Eg syns det er flott at Edward Snowden fekk prisen.Det er ekstremt viktig å gå etter sanninga, seier ho.

Etterlyser større engasjement

Randi Johanne Sund

Randi Johanne Sund er glad for at Edward Snowden fekk Bjørnsonprisen, og var ei av dei som følgde overrekkinga laurdag.

Foto: Synnøve Hole

Snowden seier mange ikkje forstår kor viktig det er å kjempe imot overvaking.

– Enkelte seier at dei ikkje bryr seg, fordi dei ikkje har noko å skjule. Det er omtrent som å seie at dei ikkje bryr seg om ytringsfridom, fordi dei ikkje har noko å seie, sa Snowden til applaus frå salen.

Rigmor Torhus trur mange unge har noko å lære.

Dei burde jo vere veldig opptekne av tematikken, sidan dei er så flinke å ytre seg sjølve på sosiale medium, seier ho.

Leiinga i Bjørnson-akademiet har ikkje gitt opp håpet om å få Edward Snowden til Noreg.