NRK Meny
Normal

Snowden: – Eg angrar ikkje

MOLDE (NRK): Edward Snowden angrar ikkje på at han avslørte USA si massive overvaking. Han hadde gjort det igjen.

Snowden

BJØRNSONPRISEN: Se intervjuet med Edward Snowden under Bjørnsonfestivalen.

Prisutdelinga i Molde var litt annleis enn den brukar å vere. Bjørnson-Akademiet håpte eigentleg å få tildele ein av verdas mest ettersøkte menn Bjørnsonprisen i Molde. Aldri før har prisvinnaren sin stol stått tom på podiet under utdelinga.

Salen var full då Snowden kom på skjermen i Teatret Vårt i Molde. Den ståande applausen varte.

Tom stol bjørnsonprisen Snowden

Stolen, der prisvinnaren vanlegvis sit, er tom.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ikkje lenge etter starta han å fortelje om si tid i NSA og kva han oppdaga som tilsett der.

– Mange trur at dette er kritikk og at eg er imot landet mitt. Men eg elskar landet mitt. Eg var klar over konsekvensane av det eg gjorde. Eg forventa aldri at eg kom til å vere fri. Eg forventa ingen prisar, men at ryktet mitt kom til å bli øydelagt og at eg vart kasta i fengsel, seier varslaren.

– Angrar du på noko av det du har gjort?

Folk i salen i Teatret Vårt i Molde da Snowden snakka

Snowden fekk enormt med applaus frå folk i salen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Absolutt ikkje. Eg hadde gjort det igjen, svarte Snowden.

– Det er fordi eg tenkjer på kor mykje makt kvar og ein av oss har. Eg er ingen ekstraordinær fyr, eg er ikkje annleis enn de. Men når vi ser noko gale, må ein tenkje over at ein kan endre på det. Ein kan snu seg vekk og halde fram som før, og det er vanskeleg å kritisere andre, men dette handlar om å endre ein vanleg dag til ein ekstraordinært augneblink.

Vurderer å saksøke Norge

Snowden sa under intervjuet at han vurderer å saksøke Norge for at landet ikkje kunne garantere for tryggleiken hans under utdelinga av Bjørnsonprisen. Norske styresmakter vil ikkje garantere at Snowden trygt kan kome til Noreg, utan å risikere å bli pågripen.

Edward Snowden angrar ikkje på at han avslørte USA si massive overvaking. Han hadde gjort det igjen.

– Advokatane mine ser på korleis lova beskyttar menneskerettar i alle land. Også når handlingar av enkeltpersonar blir oppfatta ein trussel, seier han.

Både Bjørnson-Akademiet og Snowden jobbar for å få han til Norge seinare.

Store konsekvensar

Han har tapt mykje. Og trass i at han blir jakta på av heimlandet er det der han eigentleg kunne tenkt seg å bu.

– Eg kan ikkje dra heim, og det er vanskeleg å få sjå familien min. Men eg er nøgd med det eg har fått til, seier Snowden.

Snowden forklarer at mange misforstår menneskerettar og at dei ikkje har noko i mot å bli overvaka fordi dei ikkje har noko å skjule.

– Er dette ei verd vi vil leve i? Ei verd der vi ikkje har privatliv? Enkelte seier at dei ikkje bryr seg, fordi dei ikkje har noko å skjule. Det er omtrent som å seie at dei ikkje bryr seg om ytringsfridom, fordi dei ikkje har noko å seie, sa Snowden til applaus frå salen.

Snowden blir intervjua i Molde

Aftenpost-journalist Per Anders Johansen intervjua Snowden.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Snowden seier at mange ikkje gjer noko med urett fordi det er komfortabelt.

– Det er ikkje rett. Det er mange som treng rettane sine. Myndigheitene i USA meiner at vi treng overvaking for å halde folk trygge. Det stemmer ikkje. Det viser seg at overvakinga ikkje har stoppa angrep og krig.

Aldri planen å bu i Russland

Snowden sin plan var å reise til Latin-Amerika. Men slik vart det altså ikkje.

– Då eg reiste frå USA vart passet mitt kansellert av staten, og det var knyst hos alle eg søkte asyl hos. Unntatt Russland.

Den anerkjende og kontroversielle amerikanaren, avslørte i 2013 at USA har drive massiv overvaking av eigne statsborgarar og andre statar.

Edward Snowden sier han ikke angrer på at han avslørte USAs massive overvåkning.