Hopp til innhold

– Det er det største eg har opplevd

Det blei eit kjensleladd møte mellom far og son då Kristiansund BK kom heim til nordmørsbyen med opprykk til eliteserien i bagasjen.

Arve og Kjetil Thorsen

Det blei eit kjensleladd møte mellom far og son då Kristiansund BK landa på flyplassen i Kristiansund søndag kveld.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Rundt 300 blåkledde kristiansundarar, allsong for full hals, dansing, jubel, glede, klapping, latter og tårer. Det er vanlegvis ikkje slik det brukar å vere på Kristiansund lufthavn ein sein søndag kveld.

Arve Thorsen brukar heller ikkje å la tårene trille ein heil søndag ettermiddag. Men så var søndag 23. oktober heller ikkje ein vanleg dag i Kristiansunds lange fotballhistorie. Søndag sikra Kristiansund BK opprykk til eliteserien, og fleire hundre hadde møtt opp for å ta imot heltane då dei kom tilbake til Kristiansund.

Arve Thorsen

Arve Thorsen var tydeleg stolt over sonen og resten av KBK.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er det største eg har opplevd etter at eg gifta meg og fekk ungar, seier han.

Kjensleladd møte

Saman med dei andre frammøtte står Thorsen midt i dei blå massane og ventar spent på at Kristiansund BK skal kome ut av flyet og inn dørene på flyplassen.

Men Thorsen ventar derimot ikkje på ein av dei som spring på fotballmatta. Han ventar på ein som har sprunge meir enn nok for klubben utanfor fotballbana.

Dagleg leiar, Kjetil Thorsen, har levd eit KBK-liv i ei årrekke, og er ein av dei som har takla motgang og ikkje motspelarar for Kristiansund BK. No kan han og resten av klubben endeleg nyte fruktene av det harde arbeidet dei har lagt ned.

– Kva skal du seie til sonen din no når han kjem heim?

– Eg trur ikkje at eg kjem til å greie å seie noko, vi kjem nok berre til å grine i lag, seier Arve.

Kjetil Thorsen

Kjetil Thorsen blei rørt av velkomsten i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Og så kom han endeleg. Kjetil Thorsen blir møtt av familien med ein stor klem.

– Eg er så stolt, dette er noko av det største eg har opplevd, seier Arve Thorsen.

Og her blir det veldig tydeleg at fotball er kjensler. For Kjetil Thorsen blir velkomsten ekstra spesiell.

– Det er fantastisk. Vi har skapt eit engasjement som vi skal ta med oss resten av denne sesongen og inn i neste, seier han og er tydeleg rørt over mottakinga.

Sjå også:

Rune Edøy slet med å holde følelsene i sjakk da KBK rykket opp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL