Hopp til innhold

KBK-leiar: – No går vi for opprykk

Seks poeng toppar Kristiansund 1.divisjonstabellen med, og det før ein eventuelt omkamp mot Sandnes/Ulf. Og i ettermiddag er Kongsvinger gjestar når det er full serierunde i divisjonen.

Dagleg leiar i KBK, Kjetil Thorsen

Dagleg leiar Kjetil Thorsen vedgår at det blir feil å sjå nedover på tabellen. Vender han blikket andre vegen ser han Eliteserien.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Førre heimekamp endte i det mange i og rundt klubben kallar ein dommarskandale, då feil KBK-spelar fekk gult kort - og som så blei utvist. KBK rakna, fekk to mål i mot, og tapte kampen. I løpet av veka avgjer truleg fotballforbundet om det blir omkamp.

– Den saka har vi lagt på vent, for det einaste vi kan gjere noko med er å vinne neste kamp, seier dagleg leiar Kjetil Thorsen.

Langt ned til 2.plassen

KBK feirer etter at Daouda Bamba scorer

Det har vore mykje jubel i Kristiansund dei siste sesongane - og meir kan vere i vente.

Foto: Roar Halten / NRK

Han kan fortelje om god stemning både blant spelarane og klubben elles. Han meiner flyten laget er i også pregar byen og distriktet. I helga var KBK tilbake på vinnarsporet, medan den argaste motstandaren, Sandefjord, berre klarte uavgjort. Skulle Thorsen & co få medhald i protesten, og vinne omkampen, blir det ni poeng ned til andreplassen. Og dei to øvste går rett opp, medan laga frå 3.-6.plass hamnar i kvalifisering.

Likevel ser Thorsen at trykket på laget blir berre større fram mot sesongslutt, og han vedgår at ein stor vinst kjem stadig nærare. Som fotballspelarar, trenarar og leiarar flest prøver han seg på at fokuset må vere ein kamp i gongen. Men han vedgår at slik situasjonen er så blir det feil å sjå nedover på tabellen.

Rosenborg og Molde ventar neste sesong

– No må vi berre gå for ein ting, og det er eliteseriespel i 2017. Men det kan ikkje vere hovudfokus for dei som skal prestere. Publikum må få lov å snakke høgt om opprykk, og så får vi i klubben ha beina godt planta i jorda ei stund til.

Thorsen fortel at det blir snakka fotball i kvar ein krok for tida, og det tomlane opp når folk går forbi. Han gler seg over engasjementet, men ser samtidig at klubben står framfor ei gedigen utfordring.

– Vi har funne nivået på korleis vi skal drifte ein topp 1.divisjonsklubb, med stabile inntekter og gode resultat, men veit at konkurransen i eliteserien blir på eit heilt anna nivå. Og då blir vi nok den klubben med lågast budsjett.

Skal gå 28 mil

Christian Michelsen jubler

Sjølv om trenar og spelarar må halde fokus, er det naturleg at støtteapparat og publikum har opprykk i tankane.

Foto: Roar Halten / NRK

Det er noko Thorsen vil løyse mellom anna ved å vere best på alt som ikkje kostar pengar, samtidig som klubben må utvikle seg kommersielt. Då nemner han ei vidare utbygging av stadion med flomlys, fleire sitteplassar og fleire tak som noko av det han ser for seg.

Og ingen skal seie at han ikkje tar ansvar. For å skape blest og pengar til KBK skal Thorsen etter kampen mot Levanger gå frå Nord-Trøndelag og heim igjen, omlag 28 mil. Han veit at det blir eit slit, men og at det gir kroner i kassa til ein klubb som også har tatt det eine steget etter det andre mot eit mål som kjem stadig nærare.

– Men for all del, det er ni kampar og 27 poeng igjen, så vi blir nok «plaga» av motstandarlaga heilt til slutt.