Hopp til innhold

– Det har vore tøft, men verdt det

Etter å ha gått 27 mil for favorittklubben kom Kjetil Thorsen endeleg fram til Kristiansund søndag ettermiddag.

Kjetil Thorsen

Kjetil Thorsen, dagleg leiar i Kristiansund BK, er svært fornøgd med pengane dei har klart å samle inn til klubben.

Foto: Christian Sager

Like etter klokka 13.00 søndag var Kjetil Thorsen, dagleg leiar i Kristiansund BK, endeleg heime igjen etter å ha gått den 27 mil lange turen frå Levanger til Kristiansund. Formålet med turen var å skaffe merksemd og sponsorpengar til Kristiansund Ballklubb.

– Det var hundrevis av folk som tok imot oss så det var eit stort augneblink når ein har gått og slite no i åtte dagar, seier ein fornøgd, men sliten Thorsen.

Nærmar seg ein halv million

Thorsen har brukt åtte dagar på turen mellom Levanger og Kristiansund, noko som har tilsvaret ein distanse på rundt 35 kilometer kvar dag. Han fortel at turen har vore langt og slitsam, men at det likevel var verdt det.

– Dei første 20 km går greitt og så blir dei siste 15–20 km dryge og vonde. I tillegg får du nye skader kvar dag av å gå på hard asfalt. Det har vore tøft, men så har vi tenkt på kva vi har fått til så langt og kva vi skal få til i KBK, og det har jo vore motivasjon i seg sjølv, seier han.

Med seg på turen har han hatt ulike etappesponsorar, som har gått saman med han.

– Bedrifter og privatpersonar har vore med å betalt for kvar km vi har gått så i går passerte vi 400.000. I tillegg har vi eit arrangement i Kristiansund i dag som også vil bringe inn ein del pengar. Eg trur vi vil få inn opp imot ein halv million, så det har absolutt vore verdt turen.

Folket tok imot Kjetil Thorsen

Mange møtte opp for å ta i mot Kjetil Thorsen då han kom heim.

Foto: Christian Sager

Imponert over engasjementet

Kristiansund BK er på full fart mot eliteserien og har lenge lege på førsteplass i 1. divisjon. Men plasseringa frigjer ikkje klubben frå økonomiske utfordringar. Thorsen har tidlegare vore med på mellom anna isbading, skiskyting, yoga på Freikollen, hopping, stuping og grotteklatring. Alt for å få merksemd og dermed sponsorar til klubben i hjartet.

– Det kostar å vere ein del av toppfotball. Vi er ein liten by og har aldri hatt toppfotball her før, så vi har ein veg å gå. Difor må vi vere kreative, ikkje berre i forhold til sponsorinntekter, men for å vise at vi som driv klubben brenn for det vi gjer, seier Thorsen.

Han merker at engasjementet rundt klubben er stadig stigande.

– Vi ser at folk sett pris på klubben og det er heilt fantastisk.

– Er du villig til å gjere noko liknande igjen?

– Akkurat no er ikkje rette tidspunktet å spørje om det, seier han lattermild.

– Men det eg er villig til er å blø for drakta, vere kreativ og finne på nye prosjekt. Så om eg skal utsette meg sjølv for ein ny gåtur, det får tida vise. Men vi skal i alle fall jobbe knallhardt for at KBK skal få etablere seg på øvste nivået i norsk fotball.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL