Her tar KBK i mot jubelen i heimbyen

Jublande supporterar i hopetal møtte KBK då dei landa på Kvernberget seint søndag kveld. Feststemte nordmøringar let ikkje sjansen gå frå seg til å feire at byen endeleg har fått eit lag i Eliteserien.

KBK mottar jubel på Kvernberget

KBK-spelarane fekk merke stemninga då landa i heimbyen søndag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Supporterane ventar på KBK

Jubelen står i taket alt ein time før laget landar.

Foto: Eirik Haukenes. / NRK

Det er vi som er frå Kristiansund! KBK, KBK!

Supportersangane sat laust, sjølv om stemmene var håse etter ei lang dag med feiring. Alt eit par timar før laget var venta til byen var dei første på plass i ankomsthallen på Kvernberget.

Og då laget kunne skimtast i døropninga, steig stemninga til nye høgder. Og trenar Christian Michelsen vedgår at ha er rørt av oppmøtet.

Christian Michelsen

KBK-trenar Christian Michelsen på Kvernberget søndag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dette er heilt herleg. Det er dette vi jobbar for. Og det er fantastisk å kunne dele det med dei som støttar oss. Nei, dette er heilt fantastisk!

For etter uavgjort mot Jerv i Grimstad søndag er det altså klart: Det blir eliteseriespel for KBK neste år. Stemninga i nordmørsbyen var alt tidleg på ettermiddag tilnærma elektrisk, og nokre tok til tårene alt undervegs i kampen.

– Rørande at så mange møter

Mottaking av KBK etter eliteseriekvalifisering

Ordførar Kjell Neergaard med blomar til spelarane.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Og søndag kveld strøymde altså folk på for å ta i mot heltane. Og fremst i rekka av gratulantar, ordførar Kjell Neergaard med blomar og helsingar.

– Oppmøtet er suverent, og det strøymer på framleis, seier han til NRK.

Og han får begeistra støtte frå ventande tilskodarar.

Ventar på KBK

Arve Thorsen og Frank Nilsson (t.h,) på plass på flyplassen i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dette er aldeles rørande, seier ein litt hes Arve Torseth.

Han har fulgt klubben i mange år, og kan nesten ikkje tru at draumen om eliteseriespel endeleag har gått i oppfylling.

– Eg har skreke sidan klokka tre i dag, eg er heilt gåen!

– Ei heilt sjuk oppleving!

Michelsen seier heile dagen ha vore ein opptur. Han greidde nesten ikkje å skildre opplevinga då NRK snakka med han like etter kampen.

1. Divisjon fotball 2016. Jerv-Kristiansund 1-1. Christian Michelsen

Kristiansunds-trenar Christian Michelsen etter kampen i Grimstad søndag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Det er draumar det er snakk om. Det er kjenseler her eg er heilt sikker på ikkje har kome ut enno. Eg er ein veldig stolt mann!