Hopp til innhold
Kirkens Bymisjons "Gled en som gruer seg til jul"
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Kirkens Bymisjon i Møre

  • – Det skal vere ein plass for alle 

    Denne helga opna Kirkens Bymisjon det nye Bymisjonssenteret i lokala til den gamle metodistkyrkja i Ålesund. Der vil det vere ein kafé, som er open i vekedagane, og det vil også bli arrangert temakveldar, konsertar, kurs og samlingar. Leiar for bymisjonssenteret, Anne Karin Zeitz, er glad for den store interessa som har vore så langt. – Det har vore over all forventning. Dette skal vere ein møteplass for heile byen og eit tilbod for absolutt alle. Det skal vere ein plass der alle kan føle seg trygge. Vi ønsker også halde ope når alle andre har stengt, som i høgtider, feriar eller på 17. mai, seier Zeitz. Frivillig, Eva-Brit Langva, håper at dei greier å skape ein god atmosfære der alle blir sett. – Dette vil vere den plassen i byen som motverkar utanforskap, seier ho. Frå venstre: Carolin Urke (kafé leiar) og Anne Karin Zeitz og Eva-Brit Langva.

    Frå venstre: Carolin Urke, Anne Karin Zeitz og Eva-Brit Langva
    Foto: Silje Bjerknes / NRK
  • Treng bøssebærarar til årets aksjon

    I dag gjekk startskotet for TV-aksjonen i Møre og Romsdal. Fylkesaksjonskomiteen var difor samla i Molde i dag for å legge strategien for å bli best i landet, også i år. I år går pengane til Kirkens Bymisjon. – Møre og Romsdal leverte ein fantastisk innsats i fjor. Og eg håper vi kan gjere det same igjen. Aksjonsdagen er 21. oktober. Bli bøssebærar, er oppmodinga frå aksjonsleiar Vibecke Østby.

    TV-aksjonen 2018 Møre og Romsdal
    Foto: Gunnar Sandvik / NRK
  • Bymisjonssenteret får 900.000

    Kulturminnefondet gir 900.000 kroner til restaurering av fasader, vinduer og inngangsdør på den gamle Metodistkirken som eies av Kirkens bymisjon i Ålesund. Bymisjonen tok over bygningen i 2016, og skal etablere et Bymisjonssenter i kulturminnet fra 1906. Her skal de tilby et arbeid for mennesker som av forskjellige årsaker faller utenfor samfunnet, med blant annet åpen kafé og ulike arrangementer.

  • «Årets varmeste dag»

    Kirkens Bymisjon over hele landet deler ut 15.000 hjemmestrikkede skjerf i dag for et mer varmt og inkluderende samfunn. Hør radioinnslaget her:

  • Gåve til Kirkens Bymisjon

    Camilla Tafjord-stiftinga gir 100 000 kroner til det nye bymisjonssenteret som skal inn i metodistkirka i Ålesund sentrum. Stiftinga jobbar for å redusere talet på overdosedødsfall. Frode Tafjord seier at han har store forventningar til det nye senteret som skal vere ope for alle.

    Inne i Metodistkirken i Ålesund
    Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL