Hopp til innhold

AaFK: – Vil vise at vi bryr oss om dei som har det vanskeleg

I morgontimane tysdag dukka det opp stadig fleire oransje skjerf i bybildet i Ålesund. Den landsdekkande kampanjen til Kirkens Bymisjons ønskjer å vise at det ikkje er alle som gler seg til jul.

Trond Fredriksen og Bjørn Helge Riise

Trond Fredriksen og Bjørn Helge Riise var to av dei som var med på å henge opp skjerf i Ålesund sentrum tysdag morgon.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Tidleg tysdag morgon dukka det opp stadig fleire oransje skjerf på lyktestolpar, statuar og andre landemerke i Ålesund sentrum. Skjerfa markerer starten på Kirkens Bymisjons landsdekkande julekampanje «Gled ein som gruar seg til jul». Totalt 10.000 skjerf blir delt ut over heile landet.

AaFK og Kirkens Bymisjon

AaFK og Kirkens Bymisjon hadde møtt opp i Ålesund sentrum tidleg tysdag morgon for å ikle byen i oransje skjerf.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I år som i fjor deltok spelarar og andre frå støtteapparatet til AaFK med å henge opp skjerf i bybildet.

– Vi går inn i ei tid som er vanskeleg for mange. Det er mange som gled seg til jul, men det er også veldig mange som ikkje gjer det. Difor ønskjer vi å vere med å markere det med å henge opp oransje skjerf i Ålesund, seier AaFK-trenar Trond Fredriksen.

– Vil vise at vi bryr oss

Trass i at det var tidleg morgon og regnet hølja ned, hadde AaFK stilt mannsterke. Litt etter litt blei Ålesund sentrum farga stadig meir oransje.

Kirkens Bymisjon-askjon i Ålesund

Skjerfa til støtte for Kirkens Bymisjon-aksjon blei hengt opp over heile sentrum.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi ønskjer å vise at vi bryr oss om andre, også dei som har det vanskeleg, seier Fredriksen.

AaFK-spelar Bjørn Helge Riise meiner det er viktig at dei som lag bidreg til å støtte opp om slike saker.

– Det er utan tvil verdt å stå opp så tidleg for å vere med på dette. Det er ei sak vi føler vi kan stå for, og som betyr mykje. I fotball handlar det om samhald og å ha trua på det vi driv med, og det er noko av det same Kirkens Bymisjon vil få fram, nemleg at vi skal stå meir samla og bry oss om kvarandre, seier han.

– Vi går inn i ei tid som mange gruar seg til og vi håpar at folk ser desse skjerfa og at samtidig ser at mange bryr seg, held han fram.

Sette fokus på samhald

Skjerfa er resultatet av ein storstilt strikkedugnad blant privatpersonar, frivillige og tilsette i Kirkens Bymisjon dei siste månadene.

– Vi har fått inn skjerf heilt fram til i går kveld. Spjelkavik omsorgssenter, elevar på vidaregåande og Studentsamskipnaden i Volda er blant dei som har strikka. Det handlar ikkje berre om strikking. Det er også eit felles ønskje om eit varmare og betre samfunn, seier Anne Karine Zeitz, dagleg leiar i Kirkens Bymisjon.

Anne Karine Zeitz og Audun Askim

Anne Karine Zeitz og Audun Askim i Kirkens Bymisjon oppfordrar folk til å ta ned og bruke skjerfa som heng overalt i Ålesund sentrum.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Saman med skjerfa henger eit kort der det står: «Vi ønsker å spreie varme og glede i ei tid som er ekstra tung for mange. Skjerfet kan du enten bruke sjølv eller gi vidare til ein du ser treng det». Zeitz oppfordrar folk til å ta meg seg skjerfa og bere dei i tida framover.

– Skjerfa symboliserer at vi ønskjer eit varmare og meir inkluderande samfunn. Vi går inn i ei tid som ikkje er like kjekk for alle. Undersøkingar viser at 125.000 gruar seg til jul, difor ønskjer vi å sette fokus på samhald og fellesskap med juleaksjonen vår, seier ho.

Zeitz synest det er flott at AaFK ville hjelpe til å dele ut skjerf.

– Det viser at dette er noko vi står saman om. Det er kort veg frå topp til botn. Av og til dett vi, men samhald handlar om trua på å reise seg igjen, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL