Hopp til innhold

Bymisjonen opnar i kjøpesenter: – Vil vere der ungdommane er

For fem år sidan byrja barneskulelærar Anne Karin Zeitz å drøyme om eit lavterskel samtaletilbod for ungdommar i ein utfordrande livssituasjon. Neste veke blir draumen sann. Då opnar ho fylkets første kontor for Kirkens Bymisjon i Noreg sitt tredje største kjøpesenter, Amfi Moa i Ålesund.

Anne Karin Zeitz

Her på Amfi Moa, det tredje største kjøpesenteret i Noreg, opnar Anne Karin Zeitz Møre og Romsdal sitt første Kirkens Bymisjon-kontor neste veke.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Sitrondufta av golvvasken heng i lufta. Dagleg leiar Anne Karin Zeitz moppar over linoleumsgolva i det nye kontoret for fyrste gong. Denne veka skal vegg-til-vegg-teppa bytast ut, veggane malast, romma møblerast og vindauga pussast. Dei siste førebuingane blir no gjort før Kirkens Bymisjon kan opne sitt første kontor i Møre og Romsdal, i starten av neste veke.

– Eg gler meg verkeleg. Det er ein draum som har blitt sann. Dette har vi jobba hardt og lenge for, seier Anne Karin Zeitz.

– Har jobba hardt og målretta

"Vi" er Zeitz og venninna Gunhild Løvold Barstad, initiativtakarane bak prosjektet. Anne Karin Zeitz er utdanna lærar og har undervist i mange år. Ho vidareutdanna seg så innan diakoni ved Diakonhjemmet Høgskule i Oslo.

Anne Karin Zeitz vaskar

Dagleg leiar Anne Karin Zeitz ser fram til å kunne opne Møre og Romsdal sitt første

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Vi kjente godt til, og var imponerte over arbeidet til Kirkens Bymisjon. Eg og medstudina mi, Gunnhild, kom fram til at vi ville starte eit kontor for Bymisjonen også her oppe. Vi fekk raskt med oss fleire på tanken, og har spesielt dei to siste åra jobba målretta for å få til nettopp det, seier Zeitz fornøgd.

I desember 2012 følgde Anne Karin Zeitz og Gunnhild Barstad Løvold spent med på ein debatt i Ålesund bystyre. Det resulterte i at eit samrøystes styre valte å gi si støtte til oppstart av prosjektet. 130.000 kroner frå Ålesund kommune blei starten på realiseringa av draumen, og jakta på passande kontorlokale kunne byrje.

Med eit kjøpesenter som arena

Kirkens Bymisjon slår for første gong rot i Møre og Romsdal. Og det i fjerde etasje i kjøpesenteret Amfi Moa utanfor Ålesund, der initiativtakarane fann eit ideelt kontor. Kjøpesenteret som er Noreg sitt tredje største i storleik og andre største i årleg omsetning.

– Kvifor i eit kjøpesenter?

– Det valet var eigentleg ganske enkelt. Vi ynskjer å vere til stades der ungdommen er for å gjere oss synlege. Det er eit gratis tilbod, og er meint for alle, uavhengig av religiøs, etnisk eller kulturell bakgrunn. Difor er det ekstra viktig at vi er tilgjengelege. Ingen problem er for små til at ein kan komme og prate med oss, seier Anne Karin Zeitz.

Ingen problem er for små til at ein kan komme og prate med oss.

Anne Karin Zeitz, dagleg leiar Kirkens Bymisjon Amfi Moa

Vil vere der ungdommane er

Organisasjonen som jobbar for verdigheit og rettferd, etablerer seg i Ålesund med eit lågterskeltilbod for ungdom. Eit lavterskel samtaletilbod for å vere meir nøyaktig.

– Kvifor er dette viktig?

– Mange ungdommar går dessverre åleine med problema sine, og det er slettes ikkje enkelt å komme i posisjon til å hjelpe desse ungdommane. Det er to ting vi ynskjer å gjere for å komme i ein slik posisjon. For det første vil vi vere til stades på deira eigen arena, og for det andre, tilby eit lavterskel samtaletilbod som er lett tilgjengeleg, seier Anne Karin Zeitz.

(Artikkelen held fram under biletet).

Anne Karin Zeitz

Denne veka skal vegg-til-vegg-teppa bytast ut, veggane malast, romma møblerast og vindauga pussast. Dei siste førebuingane blir no gjort før Kirkens Bymisjon kan opne sitt første kontor i Møre og Romsdal, i starten av neste veke.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Kor stort er behovet for tenestene dykkar?

– Vi trur det er mange tenester som allereie fungerer bra for ungdommane her i regionen, men det er til gjengjeld ei stor gruppe ungdommar. Det er ei kjensgjerning at det difor er vanskeleg å nå alle.

– Nettopp difor har vi valt regionen sitt største kjøpesenter. Her samlast mange hundre ungdommar frå heile fylket kvar dag. Det kan vere ungdommar som har droppa ut av skulen, som skulkar, eller som enkelt og greitt ikkje har lyst heim, seier Zeitz.

Økonomien blir hovudutfordringa

Når drifta først kjem i gang, ynskjer Anne Karin Zeitz seg to tilsette med fagkompetanse og tid og vilje til å lytte til ungdommane. For at det skal bli kontinuitet i drifta er kontoret avhengig av økonomisk støtte frå kommunane og næringslivet.

– Vi har fått støtte frå nokre av nabokommunane, men ynskjer gjerne at fleire kommunar og næringslivsaktørar vil støtte prosjektet vi no endeleg har fått i gang, seier Zeits avslutningsvis.

Amfi Moa bymisjonen

I fjerde etasje på kjøpesenteret Amfi Moa i Ålesund har ungdommar frå neste veke moglegheita til å snakke med vaksne om vanskelege tema.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL