Hopp til innhold

– Skal vere ein stad å lette børa

Etter ein tung start i 2014 opplever dagleg leiar i Kirkens Bymisjon, Anne Karin Zeitz, at stadig fleire unge tar kontakt. Dei ønskjer å snakke om einsemd, skulevegring og angst.

Anne Karin Zeitz er dagleg leiar i Kirkens Bymisjon

Dagleg leiar Anne Karin Zeitz seier stadig fleire unge oppdagar tilbodet til Kirkens Bymisjon.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Dei siste månadene har det tatt av for Kirkens Bymisjon i Ålesundsregionen. Kirkens Bymisjon har dei par siste åra hatt eit samtale- og oppfølgingstilbod for ungdom mellom 13 og 20 år. Dei held til på Moa i Ålesund, men er eit interkommunalt tilbod.

– Det viser seg at det er eit stort behov for eit slikt tilbod. Det kjem ungdom i alle aldrar. Nokon kjem åleine, andre kjem saman med ein forelder eller ein lærar som har hjelpt dei å ta kontakt, fortel Zeitz.

Nokon å snakke med

Når ungdom tar kontakt handlar det ofte om skulevegring, einsemd, angst eller vanskelege konfliktar i familien. Hos Kirkens Bymisjon får dei høve til å lette på børa.

– Difor er vi svært glade for at vi har tilsett to familieterapeutar. Dei er svært dyktige i møte med folk, og har lang erfaring og kompetanse. Og ikkje minst kan dei ta denne kompetansen ned på gatenære tiltak som kan vere lettare tilgjengelege enn etablerte tilbod.

Ifølge Zeitz kan det vere lettare å ta kontakt med dei, mellom anna fordi Bymisjonen har opne dører både i feriar, i helgene og på kveldstid.

Fleire planar

Den tidlegare Metodiskkyrkja i Ålesund

Kirkens Bymisjon kjøpte nyleg Metodistkirken i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Nyleg kjøpte Kirkens Bymisjon Metodistkirken i Ålesund, og her er det og planar om opne dører og låg terskel. Planen er mellom anna å ha ein kafe for folk med lite pengar men mykje tid. Det er også søkt om pengar til eit sykkelverkstad. Tanken er at kyrkja skal bli brukt til noko byen har bruk for, og Bymisjonen er difor open for innspel og idear.

– Vi har lyst å vere til stades der det er lett å kome innom og ta kontakt, både på Moa eller når tilbodet i kyrkja er etablert.

Zeitz fortel at terapeutane også er ute på skulane, eller dei kan møte dei unge heime, gå på tur eller kafe med dei, alt etter kvar dei unge føler seg trygge.

– No har det losna

Inne i Metodistkirken i Ålesund

Metodistkirken kan mellom anna bli kafe der dei unge kan ta kontakt.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Ho vedgår at det har tatt tid å bygge opp tilbodet, men kan fortelje at dei siste månadene har det tatt seg opp.

Det har ikkje kome av seg sjølv, for Kirkens Bymisjon har vore målretta aktive både på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane. Dei har og vore aktive i forhold til barnevernet og andre som arbeider med barn og unge. Tanken er at saman både når dei fleire og kan hjelpe fleire.

– Eg er glad vi beheldt trua, for no ser vi at det losnar. Mange fleire tar kontakt, og dei unge bankar på døra med jamne mellomrom. Til grunn for vårt arbeid då er menneskesynet at kvar enkelt er like mykje verdt, og skal ha den same sjansen til eit verdig liv.