Hopp til innhold

Vegvesenet: – Kan sjå ut som bussen svinga mot venstre

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Analysar som Statens vegvesen har gjort viser at nokre få centimeter blei utslagsgivande for dødsulykka i Valldal.

Bussulykke Valldal

Fleire blei hardt skadd og ein mann omkom i ei bussulykke i Valldal i slutten av juli i år.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Dei tekniske rapportane etter bussulykka i Valldal blei eit sentralt tema under rettssakas andre dag.

Både politiet og Statens vegvesen vitna om rapportane dei hadde forma ut i etterkant av ulykka.

Kunne vore unngått

I retten forklarte overingeniør i Statens vegvesen, Frank Sandvik, at den ukrainske bussen skal ha hatt ei fart på 61–63 km/t dei siste 260 meterane før samanstøyten med personbilen. Under sjølve samanstøyten skal bussen ha hatt ei fart på rundt 57 km/t.

Rapporten viste også at vegbana forandra seg og blei smalare like før ulykkesstaden. Åstadsundersøkingane frå ulykkesstaden viste at den asfalterte vegbreidde på staden var 485 cm. Totalbreidda på begge køyretøya var til saman 436 cm (188 cm på personbilen og 248 cm på bussen), medan breidda mellom kantlinjene var 415 cm frå ytterkanten.

– Breidda på vegen der samanstøyten skjedde var så smal at passering berre kunne latt seg gjere om begge køyretøya hadde lagt seg ut forbi kantlinjene. Personbilen si plassering var på ytterkanten av kantlinja. Bussens plassering (hjul) var 17 cm utanfor kantlinja, og låg så langt ute som mogleg. Dermed mangla det 4 cm i breidda for at ein samanstøyt kunne vore unngått, sa Sandvik.

Kan tyde på at bussen svinga mot venstre

Sandvik forklarte at det var mykje som tyda på at bussen kan ha stått litt på skrå mot venstre då ulykka skjedde. Dette forklarar han både med korleis personbilen og bussen må ha vore plassert under samanstøyten. Både politiet og Statens vegvesen sin rapport kom fram til at treffpunktet for samanstøyten var på bussens venstre framhjul og personbilens venstre bakhjul. Årsaka til dette var at felgen med hjulmutterane stakk utanfor sidene på bussen med eit par centimeter på kvar side.

I tillegg konkluderte eit spesialistfirma på styresnekker, KGK, med følgjande:

– Dei meinte å kunne sjå sportyding av høg belasting litt til venstre for midten av styreskruen, noko som tilseier at det kan ha vore ein liten sving til venstre ved samanstøyten, sa Sandvik.

Erling Flisnes

Advokat Erling Flisnes stille spørsmål på korleis ein sikkert kunne vite at det var bussen og ikkje bilen som svinga mot venstre.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Erling Flisnes, forsvararen til den ukrainske sjåføren, spurte om det var sikkert at denne skaden ikkje kunne ha oppstått på andre måtar.

– Eg kan ikkje seie heilt sikkert når hjulet har vridd seg til venstre, det kan ha skjedd under sjølve kollisjonen, men det er mykje som tyder på at bussen svinga mot venstre, sa Sandvik.

– Korleis veit de at personbilen ikkje stod på skrå eller kan ha svinga mot bussen like før samanstøyten, spurte Flisnes.

– Ein kan sjølvsagt aldri seie noko heilt sikkert. Men då hadde det truleg vore skader lengre framme på bussen og bilen, noko det ikkje var. Plasseringa av skadane på køyretøya og i vegbana, tyder på at bilen stod rett fram, sa Sandvik.

Både den ukrainske bussjåføren og føraren av personbilen har ulike forklaringar på korleis samanstøyten skjedde ulykkesdagen:

Stor skade på styresnekken

I retten blei det også lagt ein del vekt på styringsmekanismen til bussen som blei øydelagt i samanstøyten, og som medførte at bussen blei umogleg å styre.

– KGK synest dette var så spesielt at dei ville kontakte fabrikanten i Tyskland for ei nærare vurdering. I løpet av sine 17 år hadde eksperten der aldri opplevd at ei styresnekke blei øydelagt av ein så svak samanstøyt, sa Sandvik.

– Havarikommisjonen vil også kontakte ekspertise for å vurdere sjølve brotflata, og eventuelt avdekke om det kunne vore begynnande brot eller andre avvik før samanstøyten.

Havarikommisjonen er enno ikkje ferdig med sine undersøkingar.

Onsdag er det klart for åstadssynfaring på ulykkesstaden i Valldal.

Alt om saka kan du lese her: