Hopp til innhold

Vitne: – Eg var livredd då eg såg at bussen ikkje kom til å stoppe

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Kvinna som køyrde personbilen som hadde ein samanstøyt med ulykkesbussen i Valldal, meiner vegen var for smal til å kunne gjennomføre ei trygg passering.

Valldal 20160730

Kvinna som var føraren av personbilen som var involvert i ein samanstøyt med bussen før dødsulukka, vitna i retten i dag. Bilen hennar fekk skadar på den bakre delen under samanstøyten.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

I dag starta rettssaka mot den ukrainske bussjåføren som er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap etter at bussen han køyrde hamna i ei alvorleg ulukke ved Valldal på Sunnmøre i slutten av juli.

Bussen hadde ein samanstøyt med ein personbil like før ulykka. Ein person som er tilsett ved Ålesund politistasjon var fører av personbilen, men vedkomande var ikkje i teneste då dødsulykka skjedde. Måndag møtte kvinna i Sunnmøre tingrett for å vitne om si side av saka.

Var livredd

Kvinna forklarte at ho køyrande frå Ålesund i retning Valldal. Med seg i bilen hadde ho ei venninne. Ho følte at ho køyrde roleg og etter forholda, og at meinte at ho kunne ha hatt ei fart på rundt 50 km/t. På avstand såg ho bussen kome imot dei.

– Eg tenkte at her var det ikkje plass til å møte ein buss, og at vi måtte finne ein punkt der vi kunne passere trygt. Eg såg at bussen kom nærare og nærare og lurte på om den ikkje hadde tenkt å stoppe.

Kvinna forklarte vidare at ho plasserte bilen meir og meir mot høgre i vegbana, og at ho gradvis reduserte farta på bilen dess nærmare bussen kom.

– Eg var livredd då eg såg at bussen ikkje kom til å stoppe. Den kom mot oss med det eg oppfatta som ei stor fart, og eg såg at det ikkje var mogleg å passere, sa ho.

Følte ho ikkje hadde meir å gå på

Kvinna forklarte vidare at ho vurderte å kaste bilen inn i autovernet, men at ho ikkje rakk å gjere det før bussen passerte.

– Eg frykta også at bussen ville treffe oss i fronten dersom eg gjorde det, sa ho.

Kvinna forklarte vidare at ho først høyrde eit lite smell før det kom eit høgre smell, og at ho trudde bussen hadde tatt spegelen på bilen hennar. Ho såg i eit av spegla at bussen vingla før i vegbana før den hamne utanfor vegen. Ho forklarte så at ho parkerte bilen heilt, bad passasjeren sin om å ringe politiet og sprang for å hjelpe til.

Kvinna har i ettertid sett at ho hadde meir plass på høgresida, men forklarte at ho der og då følte at ho ikkje kom seg lenger ut i vegbana. Kvinna meinte også at bilen hennar stod omtrent stille og rett fram då samanstøyten skjedde. I retten kom det fram at den asfalterte vegbreidda på staden der passeringa skjedde var 485 cm, og at totalbreidda på dei to køyretøya skal ha vore 436 cm.

På spørsmål frå aktor om kvifor bilen hennar då berre hadde fått skader på den bakre delen og ikkje i sida, meinte kvinna at det måtte skuldast at bussen må ha svinga litt mot venstre under passeringa. Den tiltalte bussjåføren forklarte tidlegare at han meinte den møtande personbilen hadde svinga inn mot bussen før passeringa. Det nekta derimot kvinna for i si forklaring.

– Farleg situasjon

Også kvinna som sat på i bilen forklarte seg i retten i dag. Passasjeren forklarte at ho ikkje skjønte kvifor bussen køyrde så fort som han gjorde under passeringa, og at ho opplevde situasjonen som skremmande.

– Vi var redde begge to. Eg forstår ikkje kvifor bussjåføren køyrde på den måten. Han sette både oss og passasjerane om bord i bussen i ein farleg situasjon, sa ho.

Passasjeren fortalde vidare at ho hadde plass på si høgre side både til å opne døra og kome seg ut av bilen, men meinte at bilføraren hadde gjort det ho kunne for å kome seg lengst mogleg ut i vegbana.

Rettsaka held fram i Sunnmøre tingrett tysdag.

Les alt om saka her: