Hopp til innhold

Tiltalt: – Personbilen svinga mot oss

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Den ukrainske bussjåføren som er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap, meiner at den møtande personbilen svinga inn mot bussen like før dei to passerte kvarandre.

Sunnmøre tingrett 171016

Erling Flisnes er forsvararen til den ukrainske bussjåføren.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det sa mannen då han starta si forklaring i Sunnmøre tingrett måndag.

Tiltalt for aktlaust drap

Den ukrainske bussjåføren er tiltalt for uforsiktig køyring og aktlaust drap etter at bussen han køyrde hamna i ei alvorleg ulukke Valldal i slutten av juli. Mannen erkjenner ikkje straffskuld for tiltalepunkta mot han.

Den ukrainske bussjåføren forklarte at den møtande personbilen hadde vingla og svinga mot venstre og inn mot bussen nokre meter før dei to passerte kvarandre,

– Eg blei redd og greip fastare tak i rattet. Eg prøvde å gå meir mot høgre, men såg at det ikkje var meir plass. Hadde eg køyrd lenger ut hadde vi køyrd i grøfta, sa mannen.

Hardt slag

Han forklarte vidare at dei så passerte kvarandre, og at bilen så forsvann ut av synsvinkelen hans.

– Så kjente eg eit hardt slag i bakdelen av bussen og den svinga mot høgre og byrja å vingle. Eg prøvde å få kontroll over bussen, men det gjekk ikkje, sa han.

Vidare forklarte sjåføren at han opplevde situasjonen som «å køyre på glattisen» og at det var vanskeleg å få kontroll over bussen.

– Eg såg at bussen bevegde seg mot venstre og skrenten. Eg forsøkte å rette opp bussen, men av ein eller annan grunn reagerte den ikkje på det eg gjorde. Bussen gjekk så utanfor vegen og blei dratt ned mot skrenten før den velta, sa han og meinte at bussen hadde stått stille då den velta.

Den ukrainske bussjåføren meiner det ikkje ville vore noko problem å få kontroll over bussen dersom styresnekken på bussen ikkje hadde blitt øydelagt i samanstøyten, og at han gjorde alt rett då samanstøyten skjedde.

– Det er menneskeliv det er snakk om

Ifølgje fartsskrivaren på bussen skal den ha heldt ei fart på 57 km/t då samanstøyten skjedde, det viser ein rapport frå Statens vegvesen. Bussen hadde då hatt ei kraftig reduksjon frå 63 km/t like før samanstøyten. Fartsgrensa på staden var 80 km/t.

Bussjåføren forklarte at det var fint vêr den dagen, og at dei køyrde roleg slik at passasjerane kunne nyte turen. Dei hadde møtt fleire andre bilar og bussar på strekninga frå Trollstigen og nedover mot Valldal, utan at det var problematisk. Han sa også at bussen var i god stand og at han hadde over 25 års erfaring som bussjåfør og at han var vand til å køyre på smale vegar. Vidare forklarte han at han ikkje la merke til at vegen hadde blitt smalare før den møtande personbilen berre var nokre meter unna.

– Det var ingen skilt som viste at vegen svinga inn eller at fartsgrensa var lågare på dette punktet. Som bussjåførar er eg redd før å få bøter, så er svært obs på slike ting, forklarte han.

Den tiltalte bussjåføren meinte også at vegstrekninga der dødsulukka i Valldal skjedde i juli burde vore betre skilta.

– Det er menneskeliv det er snakk om, og det er det mest dyrebare vi har, sa han.

Personbilen hadde ikkje fartsskrivar, men skal ifølgje Statens vegvesen sine utrekningar ha hatt ei låg fart, maksimalt 15 km/t då ulukka skjedde. Bussjåføren meiner derimot at bilen hadde ei høgare fart.

Forsvararen meiner bussjåføren må frifinnast

Forsvararen til den tiltalte bussjåføren etter Valldal-ulykka meiner at hans klient må frifinnast for aktlaust drap. Det kom fram då forsvarer Erling Flisnes starta innleiinga si i Sunnmøre tingrett måndag.

Han meiner at hans klient må frifinnast for aktlaust drap fordi styringa på bussen vart øydelagt i samanstøyten, og at sjølve utforkøyringa etter samanstøyten ikkje kan koplast opp mot aktlaus køyring.

Flisnes meiner at ferdsskrivaren viser at sjåføren gjorde alt han kunne for å halde bussen på vegen etter samanstøyten. Han meiner også at farta til bussen kan ha vore lågare enn det som går fram av rapporten.

– Også her finst det feilmarginar som med alt anna. Fartsskrivaren viser ei fart på 57 km/t, men eg meiner at det må gjerast eit frådrag på seks km.

Flisnes vektla også det faktum at rettssaka startar før rapporten frå Statens havarikommisjon for transport er ferdig og meiner at retten dermed går glipp av viktig informasjon.

Meiner han ikkje køyrde etter forholda

Politiet meiner derimot at mannen hadde for høg fart etter forholda på staden og at han ikkje var merksam nok. Aktor Magnus Eng Juul meinte også at sjåføren burde ha bremsa meir ned før han møtte personbilen.

Les alt om saka her: