Svak krone kan gi rekorddyre jordbær i Noreg
Den svake kronekursen gjer at lønna til utanlandske jordbærarbeidarar går opp. Det kan føre til prisar på 80 kroner korga for norske jordbær, seier bonde Eilev Mellerud til VG.
– Lønnskostnadane mine har gått opp med 30 prosent per kilo jordbær. Klart det kjem fram i prisen, seier han.
Også Egil Chr. Hoen i Norges Bondelag trur kronekursen kan gi prisauke.
– Lønningane aukar slik at dei som kjem utanfrå ikkje skal gå ned i lønn. Det er rett og rimeleg.