Hopp til innhold

Jordbærbonden trur du ikkje kan rekne med å få norske jordbær i år

Manglande arbeidskraft og tropevarme har gått kraftig ut over årets produksjon av norske jordbær.

John Elling Vereide sel jordbær utanfor Førde Torg

DÅRLEG SESONG: – Det er for lite norske jordbær i år, seier bær- og fruktbonde John Elling Vereide. Produksjonen har gått ned med om lag 30 prosent over heile landet.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Det er nok mange som ikkje kjem til å få norske jordbær i år, seier bær- og fruktbonden John Elling Vereide frå Gloppen.

Han seier klimaet har påverka den norske jordbærsesongen kraftig.

Tendensen er merkbar over heile landet.

30 prosent nedgang

– Sesongen starta med tropevarme og rekordrask modning samstundes som at det var for lite arbeidskraft tilgjengeleg, seier administrerande direktør i Gartnerhallen Elisabeth Morthen.

Dei er Noregs største aktør innan produksjon av frukt, bær og grønsaker – og vert eigd av over 1000 frukt- og grøntprodusentar.

Strenge karantene- og smittevernreglar førte til at ein ikkje fekk plukke det ein skulle.

Morthen seier at dette har ført til at produksjonen på jordbær har gått ned med om lag 30 prosent i år.

– Ein måtte stå og sjå på at bæra var modne medan arbeidarane sat i karantene. Det vart ein krevjande start på sesongen.

Jordbær frå Gloppen

POPULÆRT: Sal av ferske jordbær på torg er veldig populært: – Men vi har for lite, seier bær- og fruktbonde John Elling Vereide.

Foto: Ina Christin Løvseth

Mindre og dyrare bær

Produsentane har fått aukande kostnadar på grunn av koronasituasjonen. Samstundes har prisane på bæra auka i takt med lågare produksjon.

– Produsentane har aukande kostnadar som følgje av smittevernreglar og opplæring av nye arbeidarar, seier Morthen.

Det har difor vore naudsynt med høgare prisar for å blant anna dekke kostnadane til produsentane, forklarar ho.

Nokre bærbønder har også vore plaga med at bæra ikkje vert store nok. Morthen seier at også dette skuldast klimaet.

For bær- og fruktbonden John Elling Vereide har dette vore tilfelle.

– Eg plukka omtrent utan å sortere.

Store delar av bæra vert nemleg for små til å selje til butikkane. Mindre bær gir også mindre kilopris, som igjen slår ut på inntekta til jordbærbøndene.

– Når plukkarane har fått sitt, er det litt igjen til sprøyting og fornying. Det blir mindre i lommeboka, vedgår han.

Viktor Solbakken har handla norske jordbær

NØGD KUNDE: Viktor Solbakken fekk handla nyplukka norske jordbær.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Jordbæra forsvinn raskt

– Dette er eit av dei merkelegaste åra eg har vore med på, seier Vereide som har drive med frukt- og bær sidan han var ungdom.

Han sel ferske jordbær frå bilen sin etter å ha levert til butikkar, til stor begeistring. Han treng ikkje stå lenge før det dannar seg lange køar.

– Når folk ser bilen på torget så kjem køen av seg sjølv, og den kjem fort. Det er slett ikkje nok bær til alle.

Sjølv trur han at han har nok jordbær til å selje i eit par veker til, men så er det stopp. Han har difor ei oppmoding til folk som ønskjer å smake norske jordbær i sommar.

– Det er framleis håp. Men ikkje vent til ferien er over før ein handlar, for då er det slutt.

Administrerende direktør i Gartnerhallen, Elisabeth Morthen

KREVJANDE: – Det er ein krevjande sesong for bærbønder, seier Elisabeth Morthen i Gartnerhallen som er Noregs største produsentorganisasjon for frukt og grønt.

Foto: NRK