Hopp til innhold

Kan få jordbærrobot

Matforskingsinstituttet Nofima utviklar ein robot som kan plukke jordbær. No i jordbærsesongen testar dei ut kor godt roboten fungerer.

Dei er spesielt interessert i om roboten kan skilje mellom forskjellig kvalitet på jordbær, ut over det visuelle.

– Vi har allereie gjennomført to store analysar av sukker og syreinnhald i totalt 200 jordbær, som alle vart vurdert som modne ut frå farge. No er vi i gang med dei første analysane av jordbær frå i år, fortel forskar Kjersti Aaby i Nofima i ei pressemelding.

Dei utviklar spektroskopiske program som skal hjelpe roboten å «sjå» bæra utan å plukke dei.

Flere nyheter fra NRK Stor-Oslo