Hopp til innhold

Fem år lang nettsending frå Veslemannen er avslutta

I årevis har folk stirra på livesendingane frå det rasfarlege fjellet Mannen. I dag blei kameraa tatt ned.

NRK tar ned Mannen-kamera

Kjell Myklebust og Arve Horgheim tok i dag ned kameraa som har sendt direktebilete frå fjellet Mannen sidan 2014.

– Dette er i grunnen ein historisk dag. Vi har hatt samanhengane video frå Mannen i fem år, der vi har følgd med på bevegelsane. No tar vi ned streamen, seier redaksjonssjef for utvikling i NRK Møre og Romsdal, Kjell Myklebust.

Det heile starta i september 2014 då geologane registrerte auka bevegelsar i fjellpartiet Mannen i Rauma. Ekspertane meinte at store steinmassar kunne rase ut innan kort tid og intesiverte overvakinga.

Politi lyngheim mannen

I 2014 vart bebuarane under fjellet Mannen evakuerte for første gang.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kamera ved badestamp

22. oktober 2014 blei folk under fjellet evakuert for aller første gong, fordi det var frykt for at steinmassane kunne treffe husa. I tillegg blei toglinja stengt.

Ingen visste då at det skulle gå fem år før raset kom og at innbyggjarane skulle bli evakuerte heile 16 gongar. Det skulle bli prøvd vassbombing for å utløyse raset, utan hell, og fleire ministrar skulle komme på besøk.

NRK har hatt kamera kontinuerleg som peika på fjellet sidan dramaet starta hausten 2014. Dei første kameraa var heilt enkle og blei plasserte på verandaen til Arve Horgheim, som bur på andre sida av vegen.

– Vinkelen frå verandaen var god, men vi måtte skru av lyden, for badestampen til familien stod like ved, seier Myklebust.

NRK-kamera på veranda på Horgeim

NRK har sendt direkte frå fjellet Mannen sidan hausten 2014.

Foto: NRK

Ser på at ingenting skjer

Det vart også plassert kamera ved foten av fjellet, ved radaren til NVE. Dette stod der i fleire år, før NRK, TV2 og NVE i 2019 sette opp ei eiga mast til utstyr. Dette kjem til å bli ståande, for sjølv om Veslemannen har rast, er det også rasfare på sjølve Mannen.

– Det at vi sette opp kamera har spart oss for pengar. På den måten kunne vi sende bilete derifrå med kamera som stod der åleine. Når farenivået har auka har det sjølvsagt vore naudsynt at vi har vore der med fotografar og journalistar, seier Myklebust.

En vennegjeng arrangerte Mannen-vake

Ein vennegjeng frå Skjeberg arrangerte Mannen-vake, då det var raudt farenivå i oktober 2017.

Foto: Willy-Andre Martinsen

Opp gjennom åra har tusenvis av folk sett sendinga frå fjellet både dag og natt. Når fjellet har bevegd seg ekstra mykje og innbyggjarane har blitt evakuerte, veit Myklebust at arbeidsplassar har kopla streamen på storskjerm. Men også når fjellet har vore roleg og farenivået lågt, har enkelte sett på.

– Det er veldig rart at folk sit og ser på, sjølv om ingenting skjer, men det er dei folka som har passa på dersom det var trøbbel med streamen, seier Myklebust.

5. september 2019 fekk folk som såg nettsendinga endeleg utteljing. Ordføraren og bebuarane var så glade at dei gret då Veslemannen rasa ut.

Store steinmasser raste nedover Veslemannen. Store deler av fjellpartiet har rast ut.
BVEs geolog Lars Harald Blikra sier til NRK at store deler av fjellpartiet Veslemannen har rast ut.

Store steinmassar raste nedover Veslemannen.

Edderkopp skapte utfordringar

Opp gjennom år har det vore mange utfordringar med kameraa. Vind og regn har skapt trøbbel, men også insekt har klussa det til.

– Det har vore eit problem at eddekoppar lagar spindelvev som dekker for kamera, seier Myklebust. Det har også vore nokre få episodar med straumbrot.

Myklebust har fått spørsmål fleire gongar om nettsendinga kan vere verdas lengste og dermed hamne i Guiness rekordbok.

– Vi har ikkje sjekka om det er ein verdsrekord, men det er ingen tvil om at sendinga må vere ei av dei lengste i verda, seier redaksjonssjefen.

Framleis går det små steinsprang i fjellet og seinast fredag filma kameraet ei elv av vatn og stein nedover fjellsida.

Sjå her:

Det gjekk steinsprang frå Veslemannen samme dag som NRK plukka ned det meste av kamerautstyret som har filma fjellet sidan hausten 2014.

Det gjekk steinsprang frå Veslemannen same dag som NRK plukka ned det meste av kamerautstyret som har filma fjellet sidan hausten 2014.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL