Hopp til innhold

Mannen-evakuert: – Vi har dansa sigersdans

Gunn Walstad Sogge, som er ein av dei evakuerte under fjellpartiet Veslemannen, seier til NRK at dei er svært glade for at ein stor del av Veslemannen no har rasa ut.

Evakuerte og ordførar etter at Veslemannen har rasa

Gunn Walstad Sogge (i midten) er lykkeleg over at det no har gått eit større ras frå fjellpartiet Veslemannen. Ho håper at det betyr slutten på dei stadige evakueringane. Her saman med dottera Anita Walstad Sogge og Rauma-ordførar Lars Olav Hustad.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Seksten gongar har Gunn Walstad Sogge måtte forlate heimen sin på grunn av rasfaren frå fjellpartiet Veslemannen. No kan ho ha blitt evakuert for siste gong. Torsdag kveld raste nemleg store delar av fjellpartiet Veslemannen. Først fredag morgon får ein oversikt over det endelege omfanget. Men både dei evakuerte og NVE er likevel håpefulle på at ventinga no er over.

– Vi er heilt utruleg lykkelege. Vi har dansa sigersdansen på Horgheim (stad i Rauma, journ. anm.) no. Eg høyrer at det framleis rasar godt, men no har vi eit stort håp om at vi kan få vere heime i fred, seier Sogge til NRK torsdag kveld.

Sogge var ute og gjekk på tur med hunden då ho høyrde at det byrja å buldre høgt i fjellet. Ho ringde så mannen sin før ho heiv seg i bilen og køyrde i retning fjellpartiet.

– Eg var usikker på om fjellpartiet hadde rasa, men eg såg ei stor sky, så eg visste at det hadde rasa mykje. Først trudde ikkje vi at det var hovudraset, vi trudde det berre var ein liten bit. Så ringde ordføraren og sa at mesteparten av raset hadde gått, fortel ho.

Seksten gongar har Gunn Walstad Sogge måtte forlate heimen sin på grunn av rasfaren frå fjellpartiet Veslemannen. No kan ho ha blitt evakuert for siste gong.

Seksten gongar har Gunn Walstad Sogge måtte forlate heimen sin på grunn av rasfaren frå fjellpartiet Veslemannen. No kan ho ha blitt evakuert for siste gong.

Store steinmasser raste nedover Veslemannen. Store deler av fjellpartiet har rast ut.
BVEs geolog Lars Harald Blikra sier til NRK at store deler av fjellpartiet Veslemannen har rast ut.

Store steinmassar raste nedover Veslemannen. Store deler av fjellpartiet har rast ut. BVEs geolog Lars Harald Blikra seier til NRK at store deler av fjellpartiet Veslemannen har rast ut.

– Vi byrja å miste motet

Når NRK snakkar med Sogge like før klokka 22.00 står ho på Horgheim saman med nokre av dei andre evakuerte og høyrer på buldringa i fjellet. Ho håper no at dei kan få fred frå dei stadige evakueringa som har prega livet deira dei siste fem åra.

Gunn Walstad Sogge

Gunn Walstad har blitt evakuert 16 gonger sidan 2014. No håper ho at dei kan få fred.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– No håper eg at det verste er gjort og at vi kan få fred i mange år framover.

Sogge beskriv den siste evakueringsperioden som blant dei verste. Ho fortel den stadige usikkerheita har vore utmattande.

– Vi byrja å miste litt motet. Vi har vore ganske fortvila og tenkte at dette går ikkje lenger. Så vi er veldig glad for at raset kom no, fortel ho.

– Blir du litt rørt?

– Ja, eg kjende at eg blei litt rørt. Det byrjar å gå opp for oss no, men det er framleis litt uverkeleg. No kan vi slappe av og senke skuldrene. Eg gler meg til å sleppe å måtte følgje med på vêrmeldinga, seier Sogge med eit smil.

Sogge seier vidare at ho ikkje veit noko om kor langt raset har gått, men har fått vite at bustaden deira skal vere uskadd.

– Kan legge usikkerheita bak oss

NVE har dei siste dagane vurdert skredfaren som ekstrem, og det har vore fleire mindre skred frå fjellet. Klokka 19.46 raste det blant anna kraftig frå Veslemannen. Rauma-ordførar Lars Olav Hustad var sjølv vitne til raset.

– Eg tenker på alle dei som har vore evakuert så mange gonger. Kor fantastiske flotte folk dei er som har stått i det. No kan dei endeleg få flytte heim igjen utan at det skal vere fare for at dei må ut og inn igjen, seier ein rørt ordførar.

Se den første reaksjonen på raset fra en rørt ordfører, Lars Olav Hustad.

Sjå den første reaksjonen på raset frå ein rørt ordførar, Lars Olav Hustad.

Er letta

Også Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE, seier han er letta over at ein større del av Veslemannen no har rasa ut.

– Denne saka har hengt over oss lenge no. Mesteparten av det aktive området av Veslemannen har rasa ut, inkludert «spiret» som stod i front, seier han.

Blikra, som er i Trondheim torsdag kveld, reiser til Rauma fredag morgon for å undersøke området på nært hald.

– Det er fantastisk for dei under fjellpartiet. At dei slepp trusselen om å aldri vite når dei må flytte vekk. Det er det mest fantastiske med å bli kvitt dette problemet.

Blikra fortel at dei følgde med på utviklinga i fjellpartiet gjennom heile dagen og kunne sjå at det gjekk mot eit ras.

– Vi har tatt nederlag etter nederlag dei siste åra, så vi var ikkje heilt sikre på at vi vågde å tru på det. Det er fantastisk å vite at skredet endeleg gjekk, no når vi har trudd at det ville kome så mange år, seier Blikra med eit smil.

Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE, er reiser til Rauma fredag for å undersøke fjellet Mannen nærare.

Sjå live frå fjellet Veslemannen no: