NRK har dekt hendinga i Romsdalen både gjennom reportasjar og faste kamera som kontinuerleg har linsene retta mot det rasfarlege fjellpartiet. Her har NRK rigga opp både kamera som tek bilete i dagslys og spesialkamera som fangar opp rørslene i stummande mørker om natta.
«Sjå Mannen direkte» har fleire hundre tusen visningar. På det mest dramatiske sat fleirfaldige tusen samstundes og oppdaterte seg på forhold rundt Mannen, ikkje berre i Noreg men også i utlandet.
Nokre steinsprang har det vore, og fredag ettermiddag og kveld var det til dels stor aktivitet i fjellet.
Dette steinspranget gjekk fredag kveld om lag klokka 17.45. Seinare på kvelden gjekk det eit endå kraftigare, men som var vanskelegare å sjå i mørkeret.
– Mange kommentarar
Kommentarane i sosiale medier kjem frå heile landet. Ein augneblink fredag kveld var det brot i sambandet mellom kamera i Romsdalen og nettsidene. Då tok det berre eit par minutt før det kom melding frå Finland.
Mannen-party i Skjeberg
Ein vennegjeng i Østfold arrangerte like godt ein «Mannen-vake», der nettstreamen stod på, dandert med eigne musikkval. Musikkvalet var slett ikkje tilfeldig, der dei fleste titlane spelar på både stein, stone, fjell og mountain.
Frå Skjeberg fortel Willy-Andre Martinsen at han samla gjengen heime hos seg.
– Alle har stor sans for NRK sine sakte-tv prosjekt, og Mannen er kongen av sakte-TV, meiner Martinsen.
Sjølv har han tapt sitt hjarte til dette området, etter at han budde på Sunnmøre i fleire år.
– På den bakgrunn føler eg nesten at dramatikken rundt Mannen går føre seg i mitt eige nabolag.
Heftige debattar
Om også du vil delta i debatten kring handteringa av skredfaren ved fjellet Mannen er dette fult mogleg, for eksempel ved å gå inn på denne Facebook-posten. Mange spør om det ikkje er tide å bruke dynamitt for å få ned fjellmassane. Geologane har svart at dei ikkje vil tilrå dette fordi ein ikkje kjenner følgjene av ei slik omfattande sprenging.
Interesse i utlandet
Frå utlandet kan ein frå statistikken lese at interessa frå Finland har vore overveldande. Der har fleire tusen logga seg på for å følgje med. Fleire nettstader i Finland, deriblant søsterorganisasjonen til NRK, YLE, har gitt mykje spalteplass til skredfaren i Romsdalen.
Skredfaren frå dette fjellpartiet i Romsdalen blir følgt både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Foto: Ivar Eidheim / NRK