Mannen-evakuerte lever i konstant usikkerheit: – Vi fryktar det blir ein travel sommar og haust

RAUMA (NRK): Dei 11 innbyggjarane ved det rasutsette fjellpartiet Mannen måtte evakuere rekordtidleg i år. No fryktar dei slitne innbyggjarane eit travelt år.

Justisministeren på horgheim

STATSRÅD PÅ BESØK: Justis og innvandringsminister Jøran Kallmyr besøker Gunn Walstad Sogge og mannen Jørgen Sogge, to av innbyggjarane som har blitt evakuerte heile 12 gonger på fem år.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det kom brått på. Vi var litt førebudde sidan det var varmt i april i år. Likevel kom det brått på, seier Gunn Walstad Sogge.

Ho er ein av innbyggjarane som atter ein gong måtte evakuere frå heimen sin søndag kveld.

Det betyr at dei i full fart må ta med seg dei viktigaste tinga sine og flytte inn på ein campingplass ein annan stad i kommunen. Der blir dei på ubestemt tid – heilt til farenivået blir gult igjen.

Denne gongen fekk dei flytte heim tysdag.

Et steinsprang fra Mannen 3.juli ca. kl 15.00

Onsdag i 15-tida gjekk endå eit spreinsprang frå Mannen. Dette er ein del av kvardagen for innbyggjarane ved det rasutsette fjellpartiet.

– Fryktar mange evakueringar

Dette var den første evalueringa i år, men den tolvte på fem år. Det har aldri tidlegare skjedd at farenivået har vore raudt tidlegare enn august.

Men allereie i fjor melde NVE at det låg an til mange evakueringar i år.

Den usikre situasjonen tek på for innbyggjarane.

– Vi fryktar mange evakueringar, innrømmer Jørgen Sogge.

– Vi fryktar det blir ein travel sommar og haust, seier kona Gunn.

Kallmyr i Rauma

Justis- og innvandringssminister Jøran Kallmyr møtte fleire av dei som har blitt evakuerte 12 gonger dei siste fem åra i dag. Til venstre ein av dei, Jørgen Sogge. Til høgre Ingar Bøen, politimeister i Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kallmyr: – Pengar ikkje problemet

Torsdag var justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr på Horgheim ved Mannen for å besøke innbyggjarane.

Det skjedde berre få timar etter at VG publiserte ei oversikt som viser at dei mange evakueringane har kosta fleire millionar kroner dei siste åra.

Berre i 2018 skal evakueringa ha kosta mellom fem og seks millionar kroner.

Dette inkluderer kostnader knytt til både Fylkesmannen, NVE, Rauma kommune, Politiet, Sivilforsvaret, Statens vegvesen, Mattilsynet, Bane Nor, NSB og andre togselskap.

Tala inkluderer ikkje kostnader til beredskapsplanlegging, møteverksemd og liknande, og heller ikkje kostnader knytt til målingar i fjellet.

Kallmyr Mannen

Justis- og innnvandringsminister Jøran Kallmyr med følgje besøkte innbyggjarane ved Mannen i Romsdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Men Kallmyr seier til NRK at denne saka ikkje handlar om millionar, men menneske.

– Økonomien skal vi alltids klare å handtere. Dette handlar om det menneskelege. Det er ein kjempekrevjande situasjon for dei evakuerte. Mange er slitne. Eg har stor medkjensle med dei som må flytte inn og ut av heimane sine så ofte, seier Kallmyr.

Vil ha sikringsvoll

Gunn Walstad Sogge og Jørgen Sogge opplevde møtet med statsråden som positivt. No håper dei det kan byggast ein sikringsvoll, slik at dei ikkje treng om å evakuere kvar gong det blir raudt farenivå.

– Vi diskuterer no permanente løysingar, som sikringsvollen NVE har planar om, seier Kallmyr.

Ekteparet Sogge seier at ein voll ikkje nødvendigvis vil løyse alle problema deira, men vil hjelpe på.

SKJERMDUMP FRA NRK-KAMERA VED MANNEN

Det har vore dårleg ver ved Mannen den siste tida. Natt til onsdag var det også sett kulderekord for Møre og Romsdal i juli ved dette fjellpartiet. Då var det minus 2,7 gradar.

Foto: SKJERMDUMP FRA NRK-KAMERA VED MANNEN

Nye steinsprang

Onsdag ettermiddag registrerte NVE nye steinsprang frå Veslemannen.

Sjølv om farenivået no er gult er rørslene i fjellet framleis store.

Døgnhastigheita i øvre del av fjellpartiet har vore på 74 millimeter i øvre del, og 16 millimeter i døgnet i frontpartiet.

Fjellet Mannen i Rauma

2018 vart kalla eit ekstremår, då det rasutsette fjellpartiet flytta seg meir enn dei fire siste åra til saman. Då skjedde den første evakueringa i august. Seks av dei 12 gongane det har blitt raudt farenivå var i fjor.

Foto: Terje Reite / NRK