Hopp til innhold

Her var «Spiret» som utløyste raset

I ei årrekke har «Spiret» heldt det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen på plass. Men til slutt blei kreftene for store.

Bildet av spiret

Dette er eit av dei siste bilda som er tatt av «Spiret» (midt i bildet) ved Veslemannen i Rauma. Bildet er tatt berre nokre få timar før raset gjekk torsdag kveld.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Den nedre delen av Veslemannen i Rauma har lenge blitt sett på som viktig for at det skulle gå eit større ras frå fjellpartiet. I fleire år har den heldt dei store fjellmassane på plass. Men så skjedde det som mange har venta på. Frontpartiet på det som er Noregs mest omtalte fjell dei siste åra gjekk i bakken.

– Det 50 meter høge «Spiret» som har blokkert for fjellmassane har falle, og store delar av Veslemannen har rast ut, kunne seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra, konstatere torsdag kveld.

Rød ring rundt området der Spiret sto i fjellpartiet Veslemannen i Rauma
Rød ring rundt Spiret i fjellpartiet Veslemannen i Rauma

Det 50 meter høye spiret man kan se på før-bildet ble torsdag borte etter raset.

Øyvind Sandnes/Roar Strøm/NRK

Namnet «Spiret» har det fått på grunn utsjånaden sin. Den store firkanta steinkonstruksjonen har sett ut som eit spir og fungert som ein stabiliserande propp som har halde igjen den øvre delen av Veslemannen.

Her har fjellet også vore meir fastare enn i resten av partiet. Det er framleis uklart korleis torsdagens ras vil påverke det som er igjen av Veslemannen.

Bilde tatt 2.september 2019. Pilene viser hvordan bevegelsene i partiet er.

Her er eit bilde av Veslemannen tatt 2. september. Den nedre delen, som geologane kallar Spiret, er den store firkanta steinkonstruksjonen nedst. Pilane i bildet viser retninga på rørslene i det rasfarlege partiet.

Foto: NVE

Stor betydning for eit større skred

Geologane har i lengre tid delt Veslemannen inn i to delar. Den øvre delen har i hovudsak bestått av mykje knust ur. Det er også denne delen det har vore størst rørsler i dei siste åra. Berre i løpet av august flytta den øvre delen seg meir enn 2,5 meter.

Likevel har det vore rørslene i den nedre delen som har vore viktige for storleiken på eit eventuelt ras.

Til samanlikning har geologane estimert at den nedre delen har flytta seg ca. fire meter sidan 2014. Dei siste dagane har det vore rekordstore rørsler i denne delen.

Veslemannen 2. september 2019
Bilde av Veslemannen 27.juli 2019

NVE

På dei to bilda, frå før og etter bevegelsane i august, kan ein sjå at den nedre delen, «Spiret», blir pressa nedover og løftar seg oppover.

Ras frå fjellpartiet Veslemannen i Rauma

Torsdag kveld rasa truleg «Spiret» som har halde igjen fjellpartiet Veslemannen.

Foto: NRK

I utgangspunktet rekna ein med at Veslemannen hadde ein storleik på 120.000- 180.000 kubikkmeter. Men mange skred dei siste åra har ført til at ein del masse allereie har rasa ut, og at partiet dermed har blitt mindre.

I august tok NVE tok nye dronebilde av Veslemannen. Desse viste at så mykje som 15.000 kubikkmeter steinmasse kan ha rast ut av partiet sidan 2015. Det er framleis uklart kor stort raset var torsdag kveld, men NVE er allereie i gang med målingar i fjellpartiet.

Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE, seier han er letta over at ein større del av Veslemannen no har rasa ut.

– Mesteparten av det aktive området av Veslemannen har rasa ut. Det er fantastisk å vite at skredet endeleg gjekk, no når vi har trudd at det ville kome i så mange år, seier Blikra med eit smil.

Store steinmasser raste nedover Veslemannen. Store deler av fjellpartiet har rast ut.
BVEs geolog Lars Harald Blikra sier til NRK at store deler av fjellpartiet Veslemannen har rast ut.

Store steinmassar raste nedover Veslemannen torsdag kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL