Hopp til innhold

Her skyt han pukkellaks med harpun

Ein dykkar med harpun har nesten utrydda den svartelista pukkellaksen i Ørstaeleva. Elveeigarlaget oppmodar andre om å ta i bruk metoden.

I over 100 elvar i landet er det observert pukkellaks. Ørsta elveeigarlag leigde inn dykkar med harpun for å kvitte seg med laksen.

Ørsta elveeigarlag bestemte seg for å ta i bruk andre metodar enn garn for å få bukt med pukkellaksen. (Foto: Otto Hellebust)

I år har det kome rekordmange meldingar om pukkellaks i norske vassdrag. Laksen er svartelista og uønskt fordi den ikkje høyrer heime her. I Ørstaelva vart det observert stimar med denne type laks og elveeigarlaget bestemte seg for å ta affære. Først brukte dei garn, men det var tidkrevjande og lite effektivt. Fylkesmannen gav deretter løyve til å bruke harpun.

– Det har gått over all forventning. Vi har tatt ut nesten all pukkellaks, seier Sindre Moe frå elveeigarlaget. På fire dagar har dykkaren tatt rundt 20 laksar med harpun.

Pukkellaks i Ørsta

Her er nokre av laksane som vart tatt i Ørstaelva.

Foto: Sindre Moe

Fryktar sjukdom

Dykkaren heiter Otto Hellebust, og iført våtdrakt og snorkel har han sumt rundt i elva og jakta på pukkellaks. Han er ein rutinert jeger og fiskar. Trikset er å vere nær nok fisken.

– Hofisken har ikkje pukkel, men all pukkellaks har mykje prikkar på sporet, så det er lett å sjå den visst vatnet er klart og du er nær nok, seier Hellebust.

To holaksar rakk å gyte før dei vart tekne, men elveeigarlaget har øydelagt gytegropene. Pukkellaksen gyt i månadsskiftet august/september, medan vår atlantiske laks gyt i oktober/november. Pukkellaksen døyr kort tid etter gytinga og frykta er at den døde laksen skal overføre sjukdomar og parasittar. Det håper elveeigarane i Ørsta å unngå no.

– Det er ein lette for alle saman at vi har tatt ut nesten alt. Vi vil ikkje ha ei ny laksestamme i elva, seier Moe.

– Fleire bør prøve harpun

Den store førekomsten av pukkellaks som ein ser i år, er heilt uvanleg. I løpet av sommaren har Norsk institutt for naturforsking fått inn meldingar om pukkellaks i nesten 120 elvar. Verst råka er Finnmark.

Sindre Moe i Ørsta elveeigarlag meiner at fleire burde prøve harpunmetoden. Den er mest effektiv dersom pukkellaksen står i små område.

– Eg veit det er observert pukkellaks i alle elvar rundt om og forstår at dei ikkje har gått same veg som oss, seier Moe.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL