Hopp til innhold

Abel og kompisane elskar parfyme: – Det kan aldri bli nok

Mange konfirmantar brukar pengar på dyre parfymar. På enkelte skular er parfymelukta så sterk at elevane får beskjed om å avgrense bruken.

Abel Elias Krøvel og kompisane testar parfyme på Moa

Klassekameratane frå Ørsta ungdomsskule testar parfyme på blåmåndag etter konfirmasjonen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Parfymeriet på kjøpesenteret Moa er fullt av ungdommar som akkurat har konfirmert seg. Dei aller fleste er gutar, som testar ulike dufter og dusjar rikeleg på seg.

– Eg må jo lukte godt. Visst du har ein dårleg dag kan du tenke at i det minste så luktar du godt, smiler Abel Elias Krøvel.

Abel Elias Krøvel likar å bruke parfyme. Her er han på parfymeri på Moa

Abel Elias Krøvel trur gutane har blitt meir opptekne av parfyme enn jentene.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han meiner det aldri kan lukte for mykje parfyme og har inntrykk av at gutane er meir opptekne av parfyme enn jentene.

– 99 prosent av gutane brukar parfyme. Det har blitt meir trendy å gå rundt med parfyme og lukte godt, seier Krøvel.

Sjølv har han funne ei flaske som både luktar bra og ser fin ut. Han synest det er morosamt å teste ulike variantar.

– Denne ser rå ut, seier Krøvel.

Korleis brukar du parfyme?

Migrene og astma

På Frei ungdomsskule i Kristiansund heng parfymedufta tungt i nokre av klasseromma.

– Akkurat no luktar det sterkast hos 9. klasse som akkurat har hatt konfirmasjon. Eg trur mange har kjøpt seg parfyme, ler rektor Aina Årø.

Det hender at enkeltelevar får beskjed om å sprute på seg litt mindre, slik at det skal bli leveleg for dei andre, men skulen har ikkje innført nokon parfymerestriksjonar.

– Personleg likar eg betre parfymelukt enn sveittelukt, smiler rektoren.

Også i Ørsta luktar det godt både i gangar og i klasserom. Her har elevane fått nokre parfymetips, seier rektor Mailene Kvalsvik.

– Ein del tilsette og elevar strevar med migrene og astma, så vi måtte be elevane om å dempe parfymebruken kraftig, seier Kvalsvik.

Ho synest det er positivt at ungdommane har fokus på hygiene, og synest det er greitt at dei brukar litt parfyme etter ein gymtime. Det som ikkje er greitt er å spraye på seg parfyme gjennom heile dagen.

Giske ungdomsskule har nyleg sendt ut informasjon til elevane om å ikkje bruke parfyme i klasserommet.

Eit rikt utval av parfyme på parfymeriet Fredrik og Louisa på Moa

Parfymane finst i ulike konsentrasjonar. Eau de Parfum er den sterkaste og sit lengre på huda.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bruk parfymevett

Cecilie Egeberg har sin eige hudpleieserie og kallar seg sjølv ein duftnerd. Ho kjenner godt til trenden med ungdommar som luktar sterkt av parfyme.

Cecilie Egeberg

Cecilie Egeberg kallar seg sjølv ein duftnerd. Ho seier at det er viktig å tenke på totalsummen av dufter ein brukar.

Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon

– Det går fint an å bruke ei parfyme som er sterk, men då treng ein ikkje å bruke så mykje av den, seier Egeberg.

Hennar beste tips for parfymevett er:

  • Forsk på kva på parfyme du likar best sjølv, og ikkje berre kjøp det du ser på TikTok.
  • Ta omsyn til omgivnadene og bruke riktig mengde. Mengda kjem an på parfymestyrken og ingrediensane, så her er det lurt å prøve seg fram og sjekke med dei rundt deg.
  • Tenk på totalsummen av dufter du brukar. Med deodorant, parfyme og kanskje klede som luktar tøymjuknar, kan det rett og slett bli ein bonanza av lukter.

Brukar mykje pengar

I parfymeriet Fredrik & Louisa i Ålesund er det ein hektisk dag med alle nykonfirmantane som er innom.

– No er det ikkje berre damene som er opptatt av parfyme. Også gutane har funne vegen til duftgarderoben, seier butikksjef Charlotte Velle. Ho trur grunnen er at dei er påverka av sosiale medium. Enkelte er genuint interesserte og sett seg inn i både ingrediensar og historia bak duftene.

Butikksjef ved Fredrik & Louisa på Moa, Charlotte Velle

Butikksjef Charlotte Velle ser ein tydeleg trend med at gutar kjøper meir parfyme enn før.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Trenden er også at dess dyrare parfymen er, dess meir stas er det, seier Velle.

Gabriel Røren Kvalsvik er også på parfymejakt etter konfirmasjonen. Han kjøper ei eller to kvart år.

– Eg brukar mykje pengar på parfyme. Kanskje et par tusen, trur Kvalsvik. Han brukar parfyme for at dei rundt han og damene skal synest at han luktar bra.

– Eg får tilbakemelding på at eg luktar godt, smiler han.

Gabriel Røren Kvalsvik luktar på parfyme

Gabriel Røren Kvalsvik er på jakt etter ny parfyme.

Foto: Remi Sagen / NRK