– Det kunne ikkje vore betre, det er ei fantastisk oppslutning og garantert fleire enn i fjor, seier Lisa Mari Sæther, leiar for Ålesund sentrumsforening.
Politiet anslår at mellom 1000 og 1500 folk var med i pride-toget.
I mai skapte det stor furore då kommunedirektøren i Ålesund bestemte at skolane ikkje fekk heise regnbogeflagget.
Bakgrunnen var at rektorane etterspurde et felles regelverk. Etter kraftige reaksjonar, blant anna frå kulturministeren, fekk politikarane avgjere saka. Kommunen snudde, og no er det opp til kvar enkelt skole.
– Eg synest det er veldig trist. Det er vanskeleg nok å vere skeiv, om ein ikkje skal måtte høyre på all støyen i tillegg, seier Benjamin Vågen.
Politiet trur det har vore over tusen menneske med i pride-toget i Ålesund.
Foto: Remi Sagen / NRK- Flagg-nekten førte også til at pride blei tema i Debatten på NRK, der det blei påstått at pride kan forvirre barn.
Stor feiring i Ålesund
Vågen er ein av mange som markerer pride i Ålesund laurdag. Arrangøren trur sakane i forkant har gjort at fleire slår ring om feiringa.
– Vi har vore godt dekt i media den siste tida, og den debatten trur eg har medført at fleire har hatt behov for å vise solidaritet ved å vere her i dag, seier Lisa Mari Sæther i Ålesund sentrumsforening.
Lisa Mari Sæther er overvelda over kor mange som har møtt opp.
Foto: Remi Sagen / NRKAt støyen har mobilisert trur også Mariell Sørhaug, som deltar i toget med Ytre kunstfagskole.
– Det har ein sett i kommentarfelt og elles at folk har blitt gira. Det var vondt å sjå at Ålesund skulle bli faneberar for noko sånt, og at vi skulle få sånn negativ presse. Eg kjenner at i dag så viser vi at fleirtalet er imot det der, at vi ønsker mangfaldet og pride velkommen, seier Sørhaug.
- Som 12-åring hadde Torjus trunge at skulen hadde heist pride-flagget. Les meir om det her.
Viktigare enn 17. mai
Også Siri Sørnes er med på feiringa, som er veldig viktig for henne.
– Eg elskar å sjå at det er godt oppmøte. Eg er skeiv sjølv og har hatt min kamp med det. Det å sjå folk møte opp og støtte det, og kjempe for at det skal vere ein del av normalen, det er heilt fantastisk, seier Siri Sørnes.
Benjamin Vågen og Siri Sørnes er med på pride-feiringa i Ålesund laurdag.
Foto: Remi Sagen / NRKHo har vakse opp i Ulsteinvik, noko som ikkje berre har vore enkelt.
– Det å vere skeiv ute på bygda blant alle som skal vere heilt normale, det er veldig vanskeleg og nedtrykkande. Å flytte hit til Ålesund og møte eit meir opent miljø har vore veldig godt, seier Sørnes.
– Så dette er kanskje viktigare enn 17. mai og julaftan?
– Absolutt, det vil eg seie, svarar ho.
- Politikarane ville la skulane sjølv avgjere om dei vil flagge under pride.