Hopp til innhold

Her gjer dei klart for Tom Cruise og «Mission: Impossible 7»

Den vesle bygda Hellesylt ventar storinnrykk når Tom Cruise og «Mission: Impossible»-teamet kjem for å filme. – Det er rimeleg sikkert at noko skal skje i lufta, seier ordføraren.

Helikopter flyg inn toalett i Hellesylt

TOALETT: Åtte toalett blir frakta til fjellet der innspelinga skal skje.

Foto: Remi Sagen / NRK

Helikopter køyrer skytteltrafikk i den vesle sunnmørsbygda Hellesylt. Det er planlagt 800 turar opp til fjellet. Blant anna blir åtte toalett frakta opp.

Basehopp fra Helsetkopen på Hellesylt

Fjellet Helsetkopen er mykje brukt til basehopp.

Foto: Arnfinn Tønnesen

Desse skal slett ikkje bli brukt av tissetrengde turfolk, men av filmfolk frå Hollywood. No er det stor aktivitet for å gjere klart til at Tom Cruise og filmteamet skal kome.

– Storbyen har inntatt Hellesylt, ler ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp). Ein del av innspelinga skal skje på fjellet Helsetkopen, som er eit ynda fjell for basehopparar.

– Vi veit ikkje kva som skal skje der, men at det blir noko i lufta er rimeleg sikkert, seier Tryggestad.

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda (Sp)

Foto: Remi Sagen / NRK

Skal sjekke feberen

Om få dagar startar innspelinga av «Mission: Impossible» i Møre og Romsdal. Koronapandemien gjer dette ekstra krevjande.

Regjeringa har gitt Tom Cruise og filmsettet dispensasjon frå innreiseforbodet, og smitteverntiltaka i tilknyting til innspelinga kostar heile 6 millionar kroner.

Filmteamet har med eige helsepersonell og kvar dag må dei måle feberen.

Alle involverte blir testa for korona før dei kjem til Noreg og under opphaldet

Dei skal heller ikkje vere i kontakt med lokalbefolkninga i Stranda og Rauma, der innspelinga skjer.

Førebuingar til filminnspeling

Rigginga er godt i gang i Hellesylt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Skal bu på hurtigruteskip

Filmfolka skal bu både på hotell og på hurtigruteskipet som ligg til kai på Hellesylt.

Denne sommaren har dei utanlandske turistane uteblitt og ordførar Tryggestad meiner denne filminnspelinga difor er viktig for næringslivet.

– Det betyr kolossalt mykje, spesielt for hotellnæringa på Stranda som får fullt belegg i fleire veker, seier Tryggestad. Også butikkar og restaurantar får ein oppsving, trur ordføraren.

Tom Cruise i Fallaout

Tom Cruise i «Mission: Impossible-Fallout» frå 2018

Foto: United International Pictures

Har teieplikt

Slakterieigar Ole Ringdal har leid ut eit område til helikoptertrafikk og innrømmer flirfullt at han gjerne kunne tenkt seg ei rolle i filmen.

– Når ikkje vi kan reise til Hollywood, kan Hollywood kome til Hellesylt. Det er heilt fantastisk, seier Ringdal.

Slakterieigar Ole Ringdal

Slakterieigar Ole Ringdal

Foto: Remi Sagen / NRK

Han har skrive under på at han har teieplikt og kan ikkje røpe noko om handlinga i filmen.

– Det er kjent at noko skal skje på Helsetkopen. Preikestolen blir peanuts i forhold, seier Ringdal. I 2017 blei Tom Cruise filma i spektakulære scener på Preikestolen.

TV 2 skriv at produksjonsselskapet Paramount Pictures skal bruke heile 12 helikopter. Dei har søkt om flyforbod frå Romsdalen til Bjorli frå 6. september til 25. september.

Filmsett på Åndalsnes

To vogner er dekorerte som orientekspressen på Åndalsnes.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Også i Rauma blir det gjort klart til filminnspeling. Godsterminalen på Åndalsnes er stengt av og tidlegare denne veka kom to vogner utsmykka som Orientekspressen på plass. Lokalavisa Åndalsnes Avis spekulerer i om Tom Cruise kjem til å henge på utsida av togvognene ned den spektakulære Romsdalen.

Ordførar Tryggestad i Stranda håper innspelinga vil gje ringverknader.

– Eg håper det gjer at vi får meir interesse for innspeling av filmar i norsk natur, men også at folk kjem hit og ser kvar innspelinga har gått føre seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL