Hopp til innhold

Skal lokke turistar med Tom Cruise-pølse og krasja motorsykkel

I kjølvatnet av premieren på den siste Mission Impossible-filmen tek Hellesylt nye grep for å lokke turistar til bygda.

Jan Ove Tryggestad og Ole Ringdal på Helsetkopen med motorsykkelen

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) og kjøtprodusent Ole Ringdal tok med den krasja motorsykkelen frå Mission Impossible opp til fjellet Tom Cruise hoppa frå.

Foto: Privat

– Det skal vere ei saftig, kjøttfull pølse. Og så skal det vere spesielle urter og krydder som finst naturleg i området her, seier Ole Ringdal.

Kva lokale urter som finst på Hellesylt då?

– Eg er litt usikker, men det skal vi finne ut.

Pølsa dagleg leiar for den lokale kjøtprodusenten snakkar om er eit av dei nye trekkplastera på Hellesylt i Stranda kommune på Sunnmøre. Nemleg TC-pølsa. Han torde ikkje å kalle den Tom Cruise-pølsa i fare for å hamne i trøbbel.

– Eg trur eg får eit problem då, men TC tenker eg er innafor, så vi går for det, seier Ringdal.

Ole Ringdal i Tom Cruise antrekk

Ole Ringdal serverer pølse ikledd Tom Cruise-antrekk. Dette er riktig nok ei anna pølse, då dei ikkje har funne dei lokale urtene som skal i TC-pølsa endå.

Foto: Privat

Pølser og krasja motorsykkel

Den nye Mission Impossible filmen «Dead Reckoning Part One» hadde nyleg premiere. Delar av filmen var spelt inn i Rauma og i Stranda i Møre og Romsdal.

Det var på Hellesylt Tom Cruise utførte stuntet der han hoppa med motorsykkel utfor fjellet Helsetkopen. Sjølv om det i filmen blir lagt til Austerrike.

No vil bygda hauste av merksemda. I tillegg til pølsene har ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) tatt vare på ein rekvisitt frå filmen.

– Vi fekk klar beskjed frå filmselskapet om at vi ikkje fekk bruke noko av materiellet dei hadde brukt. Alt skulle destruerast.

Men ordføraren ville spare på motorsyklane frå det store stuntet. Han gjorde difor ei avtale med gjenvinningsanlegget om å lagre syklane, i staden for å øydelegge dei med det same.

– Vi lét tida jobbe for oss, og det har den gjort. No har vi fått lov å bruke syklane, fortel Tryggestad.

Motorsykkelen vil ordføraren og den engasjerte kjøtprodusenten stille ut i ein glasmonter i Hellesylt sentrum, på Tom Cruise-plass.

– No blir det jo vanskeleg å få cruiseskip hit etter 2026 på grunn av utsleppskrava, så det blir jo tom cruiseplass uansett, og det tenker eg passar veldig bra.

Ein av motorsyklane Tom Cruise brukte i innspelinga av Mission Impossible

Ein av motorsyklane Tom Cruise brukte i stuntet der han hoppa utfor Helsetkopen på Hellesylt.

Jan Ove Tryggestad og Ole Ringdal saman med ein av motorsyklane Tom Cruise brukte i innspelinga av Mission Impossible

Ordførar Jan Ove Tryggestad tok vare på sykkelen og har no fått lov å bruke den i ei utstilling.

Motorsykkelen som blei brukt av Tom Cruise under innspelinga av Mission Impossible

Sykkelen fekk hard medfart under filminnspelinga.

Utnyttar ikkje filminnspelingar

Men norske bygder har fått kritikk for å ikkje utnytte merksemda frå store filminnspelingar godt nok.

Odd Roar Lange, kjent som «The Travel Inspector», er reiselivsekspert. Han meiner Hellesylt er alt for seint ute med Cruise-turismen.

– No likar eg ikkje å vere gledesdrepar, så vi får heie på alle gode innspel. Men ein må dessverre ikkje overvurdere verdien av at Tom Cruise har vore der og spelt inn nokre scener som har blitt flytta til Austerrike.

Reiselivsekspert Odd Roar Lange i Geiranger

Reiselivsekspert Odd Roar Lange, The Travel Inspector, i Geiranger i Stranda kommune.

Foto: Privat

Lange fortel at produksjonsselskapet bak Mission Impossible-filmen laga bakomfilmar allereie før jul, der dei viste korleis dei hadde jobba og kvar dei hadde vore. Han meiner Stranda kommune burde ha nytta effekten av dette i halvåret som har gått.

– Ein må byrje tidleg, og ein må teppebombe marknaden med informasjon. Ein må verkeleg gjere slik at dei som jobbar med det er møkk lei av å snakke om Tom Cruise. Då byrjar det å fungere andre stader.

Håpar på nytt besøk

Verken Tryggestad eller Ringdal er ueinige i at dei kunne ha nytta filminnspelinga bedre. Ordføraren meiner noko av grunnen er at innspelinga skjedde under koronapandemien.

Men no satsar dei høgt, og har invitert heidersgjesten sjølv til opninga av motorsykkelutstillinga.

– Vi har hatt god kontakt med filmselskapet. Viss det passar med reiseplanane til Tom Cruise så er det ingen som må bli overraska over at han er på Hellesylt når vi skal avduke motorsykkelen, fortel ordførar Tryggestad.

Hellesylt i Stranda kommune

Nede ved cruisehamna i Hellesylt sentrum håpar Ole Ringdal å etablere Tom Cruise-plass.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK