Svarte Mercedesar med sota ruter køyrer forbi. Delar av Åndalsnes sentrum har også vore stengt av. Det same har gondolen opp til Nesaksla og restauranten på toppen vore. På ulike tidspunkt har fleire av skodespelarane i serien «Succession» blitt frakta opp til fjellet i gondolen.
Serien om mediemogulen Logan Roy og maktspelet i familien hans er rekna som ein av verdas beste TV-seriar.
Nyleg vann «Succession» til saman åtte Emmy-prisar. Serien var nominert i heile 25 kategoriar, og blei dermed serien med flest nominasjonar.
– Noreg er ein fantastisk lokasjon
Vêret spelte på lag då scener til den fjerde sesongen av HBO-serien blei spelt inn i Rauma i dag. Men vêret den siste veka har også skapt problem.
– Det har regna mykje, så vi hadde litt vêrutfordringar dei første dagane. Men i dag skin sola, så då prøver vi å gjere det beste ut av det, seier Per Henry Borch i produksjonsfirmaet Truenorth Norway, utan at han vil bekrefte kva serie det er som filmar i Rauma.
Leifur B. Dagfinnsson er direktør for Truenorth på Island og var ein av dei andre som var på plass for å følge dagens innspeling.
– Eg ville sei hallo til produsentane av «Succession» og sjå korleis det gjekk med filminga, seier han.
Dagfinnsson har sjølv vore med på fleire innspelingar ulike stadar i Noreg og trur det er fleire grunnar til at mange TV-seriar og filmar ønskjer å spele inn scener her.
– Noreg er ein fantastisk lokasjon. Det er utruleg vakkert her.
Akkurat det støttar Per Henry Borch.
– Når folk spør kvifor vi kjem hit brukar eg å seie: «Har du sett ut vindauget ditt?». Det vi har her er spektakulært. Fjella, drama og dynamikken, seier han.
God noregsreklame
Rauma har vore bakteppe for ein rekke TV- og filminnspelingar dei siste åra. Kompani Lauritzen, Gulltransporten, Furia, Black Widow og Mission Impossible er blant produksjonane som har filma inn scener i kommunen.
– Når selskap kan velje å reise dit dei vil i verda, og så vel dei akkurat Rauma gong etter gong. Det er utruleg artig. No har vi hatt mange store produksjonar her dei siste åra, og eg håper vi frå fleire, seier ordførar Yvonne Wold (SV).
Ho seier at slike innspelingar generelt gagnar kommunen.
– Eg er sikker på at det er god noregsreklame. Det er mykje aktivitet og mange i sving, noko som også er positivt for overnattingsstadar, serveringsstadar og entreprenørar lokalt.
I mange innspelingar blir handlinga lagt til ein heilt anna plass eller land enn der scenene faktisk blir spelt inn. Men både ordførar Wold og Per Henry Borch i produksjonsselskapet trur likevel at det har ei reklameeffekt.
– Ein får eksponering. Folk lurer på kvar det er og så finn dei ut av det, så det har ei effekt uansett, seier Borch.
Var også i Valldal
Fleire av skodespelarane i serien blei observert på Sunnmøre før helga.
Fredag var det også hektisk innspelingsaktivitet ved kafébygget på Gudbrandsjuvet i Valldal. Eit stort område var stengt av og mange frå produksjonen var i sving då det blei filma scener inne i kafébygget.
På eit tidspunkt kom også to av skodespelarane, Nicholas Braun og Fisher Stevens, ut for å nyte naturen ved utsiktspunktet på Gudbrandsjuvet.
Braun spelar Greg Hirsch i seien. Fischer er kommunikasjonsdirektør Hugo Baker, også ei sentral rolle i denne populære serien på HBO.
Det skal også ha vore mykje trafikk og folk som har pakka ut utstyr på Juvet landskapshotell i Valldal førre veke. Hotellet har tidlegare vore kulisser i fleire TV-seriar, reklamar og filmar, mellom anna «Ex Machina».
I tillegg til Valldal og Rauma går det rykte om at det skal bli spelt inn scener på Trollstigen, Atlanterhavsvegen og på Molde lufthavn.
Har søkt om støtte
«Succession» har søkt Norsk filminstitutt om å få dekka utgifter for 13 millionar kroner frå insentivordninga. I søknadspapira, som NRK har fått innsyn i, kjem det fram at dei totalt trur dei vil bruke 52 millionar under noregsbesøket.
Møre og Romsdal har vore lokasjon for fleire storproduksjonar dei siste åra. Både Mission Impossible, James Bond og Black Widow har spelt inn filmscener her i fylket.