Hopp til innhold

Britisk film fører til turistboom

Folk frå heile verda strøymer til Juvet landskapshotell i Valldal etter at delar av filmen Ex Machina vart spelt inn der. – Årets sesong har vore over all forventning.

Juvet landskapshotell

Juvet landskapshotell i Valldal blir kontakta frå heile verda etter at delar av filmen Ex Machina vart spelt inn der i 2013.

Foto: Jiri Havran

I 2013 vart Alex Garland sin nye film, Ex Machina delvis spelt inn på Juvet og i Valldal. Etter at filmen vart lansert i England i januar har hotellet opplevd ein merkbar pågang frå interesserte gjestar.

– Nokre tok kontakt like etter lanseringa og var her allereie i februar. Det var både privatpersonar som hadde greidd å spore ned hotellet via rulleteksten og journalistar som ville kome hit for å gjere research, seier Knut Slinning, dagleg leiar ved Juvet landskapshotell.

Årets sesong har vore over all forventning.

– Vi har vore fullbooka i mange månader og har fullt ut september. Pågangen er så stor at vi må avvise mellom 20–30 kvar dag, seier han

Besøk av ein Lord frå England

Juvet er det første landskapshotellet i Europa og ligg i tunet til Burtigarden på Alstad i Valldal. Arkitektane Jensen & Skodvin ønska å skape eit landskapshotell som gjekk i eitt med naturen.

Knut Slinning

Knut Slinning, dagleg leiar ved Juvet landskapshotell, må avvise mellom 20–30 personar kvar dag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / nrk

Resultatet vart sju små «kubar» på stylter, med glasvegger mot juvet nedanfor.

På alle romma består ein eller to av veggane av glas, med storslått utsyn over elva, dalen, fjella, tunet eller juvet nedanfor.

Slinning fortel at dei har blitt kontakta av folk frå heile verda etter filmlanseringa.

– Dei fleste har vore frå England og USA, men vi har også hatt besøkande av folk frå Kina og Taiwan, seier han.

– Vi hadde til og med ein Lord frå England som kom hit for å feire 80-årsdagen sin. Det var veldig kjekt, held han fram.

Natur og moderne arkitektur

Juvet landskapshotell

Hotellet ligg 20 minutt frå Trollstigen og rett ved sida av Gudbrandsjuvet, som er Nord-Europas største jettegryte.

Foto: Juvet landskapshotell

Slinning trur den vestlandske naturen kombinert med moderne arkitektur er årsaka til at turistane let seg freiste til å besøke Juvet.

– Alle veit at naturen på Vestlandet snakkar for seg sjølv. No får vi spissa det med litt moderne natur og eg trur det vekker interessa i folk, seier Slinning.

– Dei som kjem hit er over gjennomsnittet interessert i natur, arkitektur og kultur, held han fram.

Video Månedens bygg i Møre og Romsdl: Juvet landskapshotell