Hopp til innhold

Rykta er bekrefta – skodespelarane er i Noreg

Fleire skodespelarar frå den berømte serien Succession er fredag observert på Sunnmøre.

Nicholas Braun og Fisher Stevens

I VALLDAL: Nicholas Braun spelar Greg Hirsch i serien. Her er han saman med Fisher Stevens som spelar kommunikasjonsdirektør Hugo Baker.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

Eit stort område på Juvet i Valldal er stengt av.

Vakter passar på at ingen uvedkomande skal kome for nær inn på skodespelarane.

Folka frå produksjonsteamet kjem springande til og frå kafébygget på Gudbrandsjuvet i Valldal. Fleire bilar som blir brukt til transport står klare utanfor bygninga. Inne i kafeen er dei i gang med å spele inn scener.

På ein gard i nærleiken står det parkert fleire bubilar. Etter det NRK sin utsende kunne sjå, er det produksjonsfolk som brukar desse bilane. Etter det NRK kjenner til bur nokre av stjernene på hotell i Ålesund.

Succession Valldal

Fredag ettermiddag var det stor aktivitet på innspelingsstaden ved Juvet i Valldal. Stjernegalleriet som er synleg i området stadfester at det faktisk er serien Succession som blir spelt inn i Fjord kommune.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Brått skjer det noko.

To av skodespelarane frå serien viser seg ved det populære utsiktspunktet Gudbrandsjuvet. Det er Nicholas Braun og Fisher Stevens.

Nicholas spelar Greg Hirsch i seien. Fischer er kommunikasjonsdirektør Hugo Baker, også ei sentral rolle i denne populære serien på HBO.

Succession Valldal

Succession-stjernene har vore ivrige med å fotografere naturen på Sunnmøre. Her er det Fisher Stevens som er i gang med å ta bilde mobilen sin.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sitrande stemning

På Juvet landskapshotell i Valldal er det mykje trafikk og folk som pakkar ut utstyr. Hotellet har tidlegare vore kulisser i fleire TV-seriar, reklamar og filmar, mellom anna «Ex Machina».

– Eg kan ikkje seie så mykje om kva som går føre seg. Vi er forsiktige med å seie noko om gjestane våre, så eg har ikkje nokon kommentar, sa eigar Knut Slinning til NRK torsdag.

Knut Slinning

Knut Slinning er eigar av Juvet landskapshotell i Valldal. Han sa det var sjeldan stor aktivitet i øvre Valldal torsdag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Frå hotellromma, som er kubar som er spreidd utover området, kan ein sjå den storslåtte naturen gjennom glasveggane. Slinning ville ikkje bekrefte at «Succession» skal spelast inn der.

– Det er sjeldan stor aktivitet i øvre Valldal i dag. Det kan alle sjå, seier han med eit lurt smil.

Les også Truleg er denne maktsjuke familien på veg til Noreg

2CL8NFlibZ8

Rekna som ein av verdas beste

TV-serien om mediemogulen Logan Roy og maktspelet i familien hans er rekna som ein av verdas beste TV-seriar. «Succession» vann til saman åtte Emmy-prisar.

Serien var nominert i heile 25 kategoriar, og blei dermed serien med flest nominasjonar.

Endå ein skodespelar

Skodespelar J. Smith-Cameron, som speler Gerri Kellman, i Succession har også blitt sett i sentrum av Ålesund dei siste dagane.

Juliana Canfield har sjølv delt fleire bilde frå Sunnmøre på Instagram. Frå toppen av Aspøya i Ålesund har ho fotografert den regntunge Valderhaugfjorden.

Ho har tydelegvis også oppdaga sjokoladen Kvikklunsj, og studert jugendarkitekturen i bysentrum.

I serien spelar Juliana Canfield rolla som Jess Jordan og dukkar opp for første gong i episode 18. Opphavleg var det ikkje så mykje skjermtid på denne rolla. Men dette har endra seg etter kvart som handlinga har utvikla seg.

Succession skjermdump frå Juliana
Succession skjermdump
Succession skjermdump