NRK sin reporter på staden seier innspelinga er godt i gang, og det i første rekke er bilkøyring som skjer på Atlanterhavsvegen onsdag føremiddag.
Det er den klassiske James Bond-bilen Aston Martin som fleire gonger har køyrt over vegen.
Denne utgåva av bilen skal ha vore den Timothy Dalton nytta i «The Living Daylights» frå 1987, ein V8 Vantage.
Om hovudrolleinnehavar Daniel Craig er på staden er uvisst.
Atlanterhavsvegen er spektakulær, og er av den engelske avisa The Guardian kåra til verdas finaste bilveg. Derfor kan ein forstå kvifor delar nye James Bond-filmen blir spelt inn på nettopp denne vegen.
JAMES BOND: Her blir ein av bilane filma på frå helikopter på Atlanterhavsvegen
Foto: Eirik Haukenes / NRKStrengt vakthald
Men å spele inn scener på den kjende vegen er ingen enkel operasjon.
Dei som har tenkt seg over Atlanterhavsvegen i dag må køyre kolonne til visse tidspunkt. Oftast er vegen stengt.
NRK sin reporter på staden seier at det er strengt vakthald rundt innspelinga, og det er også innført flyforbod for dronar i området.
Bilar og anna nytta til innspelinga på Atlanterhavsvegen sett frå sjøsida.
Foto: Einar Orten Trovåg / NRKAllereie tidleg tysdag kveld starta arbeidet med å sperre av Atlanterhavsvegen.
Vakter sørgja for at campingturistar og andre ikkje kom til å overnatte på vegen i natt.
Og arbeidarar gjorde ein grundig jobb med å sperre alle tenkjelege lommer og snuplassar, slik at ingen skal kunne stoppe under kolonnekøyringa onsdag, torsdag og fredag.
Les også:
Daniel Craig skal spele James Bond for femte gong.
Foto: Leo Hudson / APHar vore i Nittedal
Det har også blitt spelt inn scener frå den nye filmen i Nittedal i mars. Men det er lite vi veit om desse innspelingane så langt.
Vi veit derimot at det blir innspelingar også i London og på Jamaica.
Denne hytta i Nittedal i Nordmarka vart bygd i høve innspelingar av James Bond-scener i vinter.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpixDet var også på Jamaica den aller første offisielle Bond-filmen vart spelt inn: Dr. No tilbake i 1962.
Den nye James Bond-filmen er den 25. i rekkje og kjem etter planen på kino neste år. Genetisk krigføring skal vere eit tema i filmen. Men mykje er ukjent.
Det er derimot allereie offentleggjort at Rami Malek, som nyleg imponerte i rolla som Freddie Mercury, skal spele Bond-skurk.
Eksplosjon under innspelinga
Innspelingane har også møtt hindringar – seinast i går.
Ifølgje Reuters er ein person lettare skadd etter ei hending i samband med innspelinga av James Bond-filmen.
Hendinga skjedde under filminga av ein kontrollert eksplosjon i eit studio utanfor London, ifølgje Pinewood Studios.
Men hendinga ser altså ikkje ut til å ha sett ein stoppar for innspelingane på Atlanterhavsvegen.
To utgåver av den kjende James Bond-filmen Aston Martin er nytta under innspelingane på Atlanterhavsvegen. Her er den eine av dei (midt i biletet) under ein pause.
Foto: Einar Orten Trovåg / NRK