Hopp til innhold

– Plutseleg var der fleire som såg ut som Scarlett Johansson på Sæbø

SÆBØ (NRK): Både presse og andre nysgjerrige strøymde til Sæbø i dag for å sjå verdsstjerna Scarlett Johansson spele inn den nye Marvel-filmen «Black Widow». Dei heldigaste fekk sjå ikkje berre hovudpersonen, men fleire dobbeltgjengarar også.

Her er Scarlett Johansson i full gang med innspelinga av film på Sæbø i Ørsta. Og her får ho avløysing av ein stand-in som skal ta køyrescena.

Her er Scarlett Johansson i full gang med innspelinga av film på Sæbø i Ørsta. Og mot slutten av videoen får ho avløysing av ein stand-in som skal ta køyrescena. Video: Linda Breivik.

Videoen øvst i artikkelen er filma av Linda Breivik frå Volda. Ho hadde sikra seg ein god plass då ei av dei viktige scenene blei spelt inn.

– Eg hadde fri sikt til der det gjekk føre seg ved Joker-butikken. Først såg eg at personen på prøveinnspelinga hadde håret hengande fritt utan at det var fletta og noko kvitt på buksa, kanskje ein slags radio. Og videoen viser tydeleg når den ekte og den uekte Scarlett byter plass, seier Linda Breivik til NRK.

Linda Breivik seier ho såg at det til saman var tre kvinner som hadde rolle som stand-in. Dei som deltok berre i prøvene var ikkje veldig lik den ekte Scarlett. Men ho som er med på sjølve opptaka er ifølgje Breivik «prikk lik».

Sæbø i Ørsta

Det er altså scener til den nye Marvel-filmen «Black Widow» med Scarlett Johansson i hovudrolla spelt inn på Sæbø i Ørsta på Sunnmøre. Også NRK har tatt bilete av den amerikanske filmstjerna medan ho spelar inn scener på den lokale Joker-butikken på staden.

Ifølge NRK sin reporter på staden, som følger innspelinga tett, er denne scena spelt inn fleire gonger.

Den ekte Scarlett Johansson på Sæbø

PÅ JOKER: Scarlett Johansson ved den lokale Joker-butikken på Sæbø.

Foto: Arne Flatin / NRK

Spekulasjonane har hagla den siste tida over internasjonale filmproduksjonar i Noreg.

Først skreiv TV 2 at den neste James Bond skulle bli spelt inn i den vesle bygda Sæbø på Sunnmøre, før linjeprodusent i True North, Per Henry Borch, blankt avviste det.

Fekk spasere rundt uhindra

I går sikra den lokale Marvel-fanen Dave King seg bildebevis for at det er den nye Marvel-filmen Black Widow med Scarlett Johansson i hovudrolla som har filma ved Hjørundfjorden. Dette kunne han avsløre på sin eigen blogg tysdag.

King og kameraten Jon Harman er begge film- og animasjonslærarar ved Høgskulen i Volda, som ligg ein halvtimes køyretur unna Sæbø. Som dei filmentusiastane dei er, tok dei turen i går for å sjå.

Dei spaserte rett inn på området, prata og tok bilete blant vognene og utstyret som stod der.

Begge er opphavleg engelske, og prata difor engelsk med kvarandre.

Dermed glei dei rett inn som ein del av crewet.

David King Black Widow

Dave King er godt nøgd med å ha gjort eit scoop då han tok turen til Sæbø. Til høgre Scarlett Johansson som Black Widow.

Foto: Privat / Jay Maidment / Marvel

– Hysterisk morosamt

– Ingen reagerte på oss når vi snakka engelsk, verken sikkerheitsvakter eller crews. Det er hysterisk morosamt, seier Dave King.

Der fekk King auge på det han meiner var ei skodespelarvogn med eit skilt der det stod «Blue Bayou». I februar blei det avslørt at dette er arbeidstittelen på filmen «Black Widow», og Marvel-entusiasten, som har 12–15 000 teikneseriar heime, var ikkje lenger i tvil.

– Det er utruleg spennande. Eg har vore Marvel-fan sidan 70-talet, og no finn eg dette like ved der eg bur, seier King.

Blue Bayou

Denne plakaten avslørte kva for ein film som blir spelt inn på Sæbø.

Foto: Dave King

– Skikkeleg uflaks

Marvel Studios brukar ofte arbeidstitlar under produksjonane sine. King meiner sjansen er ganske liten for at nokon i ei lita bygd som Sæbø kunne kjenne att dette namnet.

– Det var skikkeleg uflaks for Marvel at eg var der. Dei hatar meg nok no, fortel King og ler.

I natt blei det filma scener i båt på Hjørundfjorden, som er ein spektakulær og godt besøkt fjordarm, der ein også finn Hotel Union Øye og fjellet Slogen.

Statistar og crew under innspelinga på Sæbø.

Rib-båt om natta

Innspelinga av storfilmen har snudd den vesle bygda Sæbø på hovudet.

– Vi var oppe i femtida og følgde med på innspelinga. Då heldt dei på med ein rib-båt ut på fjorden her, fortel Elisabeth Dimmen, som bur i Sæbø sentrum.

Elisabeth og Normann Dimmen

Elisabeth Dimmen og Normann Dimmen bur i Sæbø sentrum og følgjer spent med på innspelinga. I bakgrunnen ser vi vaktene frå Sæbø IL.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ho gler seg stort over at den nye Marvel-filmen blir spelt inn i den vesle bygda i Ørsta.

– Heilt glimrande. Dette ser oss på kartet. Det er stas at dei vel oss, seier Dimmen.

Som har fått beskjed om at filmprodusentane ikkje ønskjer blå himmel og sol i den vakre sunnmørsbygda. Og det ønsket vart oppfylt.

– Dei vil ha litt mystisk bakgrunn. Og det har dei fått, smiler Dimmen.

Sæbø idrettslag stiller med vakter til innspelinga. Dei har fått beskjed om å halde det gåande til i 15-16-tida onsdag ettermiddag.

Det betyr sannsynlegvis at dette er den siste innspelingsdagen på Sæbø.

Vakter fra Sæbø IL

Produksjonsselskapet har hyra inn frivillige frå Sæbø idrettslag til å passe på at uvedkomande ikkje går inn medan dei spelar inn scener.

Foto: Arne Flatin / NRK