Hopp til innhold

Her køyrer Tom Cruise utfor Helsetkopen

Dei første scenene frå den nyaste «Mission: Impossible»-filmen er klare. Her kan ein sjå Tom Cruise slåst på eit togtak og hoppe frå eit fjell med motorsykkel.

Skjermbilde av traileren til «Mission: Impossible»-filmen. Det spektakulære motorsykkelstuntet frå fjellet Helsetkopen (1246 m.o.h) i Hellesylt i Stranda kommune

HOPP: Med motorsykkel hoppa Tom Cruise ut frå fjellet Helsetkopen på Sunnmøre. No kan ein sjå scena i traileren til filmen.

Foto: Skjermbilde frå traileren til «Mission: Impossible»-filmen.

Sommaren 2020 vakte Tom Cruise og resten av filmmannskapet stor merksemd då dei kom til Noreg for å filme scener til den nyaste «Mission: Impossible»-filmen.

No er traileren klar. Der kan ein blant anna sjå fleire glimt av den norske fjellheimen.

– Eg elskar landet dykkar. Det er så vakkert, sa Tom Cruise då han møtte kultur- og likestillingsminister Abid Raja i Rauma i fjor.

Hoppa frå fjell

Slåstscener på taket av «Orientekspressen» i Rauma, og det spektakulære motorsykkelstuntet frå fjellet Helsetkopen (1246 m.o.h) på Hellesylt i Stranda kommune, er noko av det som viser i traileren.

Tom Cruise trener kamp på taket av toget på Marstein Stasjon i Romsdal.

Det blei også spelt inn slåstscener på ein versjon av «Orientekspressen» i Rauma.

Foto: Arnt Morten Olsen

På Helsetkopen hoppa Cruise rett ut frå ein rampe som var bygd på toppen av den stupbratte fjellsida. Motorsykkelen ramla rett ned, medan actionhelten stupte ut frå fjelltoppen.

Mellom 100–200 menneske møtte opp for å få med seg actionscenene. Cruise hoppa fleire gonger utfor det høge fjellet med motorsykkel, og landa med fallskjerm nede blant dei imponerte tilskodarane

Filmen har premiere sommaren 2023.

Sjå video frå innspelinga her:

Tom Cruise hoppa ut frå 1264 meter høge Helsetkopen i Stranda kommune.

Fekk unntak for å spele inn filmen

Under innspelinga gav regjeringa unntak frå koronareglane slik at filmcrewet kunne kome til landet og filme.

Tom Cruise filminnspilling Mission Impossible

VINKA: Tom Cruise helste på publikum som møtte opp før å følge filminnspelinga då dei var i Stranda.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Vi får utrulege opptak. Det er så vakkert her, sa Hollywood-stjerna då han besøkte Noreg.

I ein video filma av kultur- og likestillingsminister Abid Raja sa Tom Cruise også at planen var å kome tilbake til Noreg for å lage den neste filmen også.

– Tusen takk for den varme velkomsten og all hjelp. Det er eit privilegium å få vere her. Eg snakkar ikkje berre for meg, men for heile mannskapet vi har her. De har eit nydeleg land. Folk her er absolutt fantastiske.

Les også Tom Cruise: – Det er et privilegium å få være her

Kulturministeren møtte Tom Cruise tirsdag.

– Stor stas

Yvonne Wold

Raumaordførar Yvonne Wold håpar det vil trekke fleire turistar til kommunen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Når dei kan velje å filme kor som helst i heile verda, og dei vel akkurat Rauma, er det stor stas for oss.

Det seier Yvonne Wold, ordførar i Rauma kommune. Dei gler seg til å sjå heimkommunen på skjermen.

– Folk er spente på filmen. Mange kom i kontakt med produksjonen under innspelinga og trefte Tom Cruise, så eg trur absolutt innbyggarane er spente på korleis det vil sjå ut i den faktiske filmen.

Les også Tom Cruise snudde vestlandsbygder og pressa på hovudet, men lurte skodespelaren alle?

Tom Cruise filminnspilling Mission Impossible 7.

Ho seier det er kjekt at akkurat Rauma kommune blei valt som ein av stadane dei valde å filme, og håpar samtidig det vil trekke fleire turistar til kommunen.

– Vi ser frå andre «Mission: Impossible»-filmar, for eksempel frå Preikestolen, at det har lokka fleire turistar. Så vi håper det skjer også her.

Tom Cruise hoppar frå Helsetkopen
Foto: Geir Olsen / NTB

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL