Hopp til innhold

Influensarar bryt lova jamleg i Lofoten: – Fleire dronar enn måker i lufta

Det florerer av dronar i lufta over Lofoten. Ikkje all bruken er lovleg. Samtidig brukar overnattingsplassar bilda til reklame.

Luftfoto over Henningsvær

DRONEBILDE: Slik ser det ikoniske fotballbane-bildet i Henningsvær ut når det er tatt på lovleg vis frå under 120 meter. Samtidig med fotografen var det ei lang kø av turistar som skulle fly med sine dronar.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Toppturar, nordlys eller midnattssola.

Frå heile verda kjem fotografar og influensarar til Lofoten for å ta bilde som kan leve fritt på Instagram.

Det kan dei tene gode pengar på.

Men mange av bilda som florerer på Instagram er tatt av dronefotografar som bryt reglane for kor høgt og nært folk dei kan flyge.

Under emneknaggen #henningsvær og #henningsvaer florerer det med bilde av den ikoniske fotballbana som openlyst er tatt over grensa på 120 meter.

– Det med dronar har eksplodert. Og i Henningsvær har det jo tatt heilt av.

Det seier Venke Hoff som har feriebustad i Henningsvær som også driv kunststaden Kaviarfabrikken.

– Folk kan ikkje lenger la barna leike nakne i hagane sine.

Ferge legger fra kaia på Røst helt ytterst i Lofoten.

Dette bildet er også tatt med drone på Røst, heilt ytst i Lofoten.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Årsaka til at det er strenge reglar for til dømes kor høgt ein kan fly med drone, er blant anna fordi dei kan kome i konflikt med fly som er i luftrommet. Og det gjer dei, ifølge Avinor.

Avinor registrerer eit aukande tal uautoriserte drone-hendingar ved norske flyplassar. I 2023 tidobla registreringane frå året før.

Samarbeider med overnattingsstader

«Hello Norway I love you 😭 here are some clips I took my first evening in the lofoten islands back in May. Already dreaming of coming back».

Det skriv influensar Nicole Zelkowitz til Instagramposten frå Henningsvær.

Skjermdump frå avecnicole på Instagram

Denne posten publiserte Nicole Zelkowitz på Instagram. Det er opplagt nok over 120 meter grensa for droneflyging.

Foto: Skjermdump

Overnattingsstaden Hattvika Lodge har delt posten.

Dagleg leiar Kristian Bøe bekreftar til dronemagasinet Uasnorway, som først skreiv om saka, at den amerikanske influensarfotografen tok imot billig overnatting i Lofoten mot å ta kule bilde.

– Om vi har eit ansvar for at bilda som blir lagt ut på våre sosiale medium er lovleg tatt? Då vil eg seie ingen kommentar, seier Bøe til magasinet.

NRK har kontakta Zelkowitz og Hattvika lodge utan å få svar.

I kommentarfeltet svarar ho derimot «Lilleviklofoten» som lurer på om ho kjenner til reglane.

Ho svarar: «Oops, I did not know! Thank you for informing me for next time <3<3».

Vil auke bevisstheita

Personen bak brukaren Lilleviklofoten, Christian Løverås, seier til NRK at han ved enkelte tilfelle har spurt fleire influensarar om dei kjenner til regelverket.

Han prøvar ikkje å rette peikefinger, men ønsker å auke bevisstheita.

– Det er jo fordi at dersom folk legg ut dette og har mange visningar, så kan det jo hende nokon andre med drone ser det og skjønar at det er nokre reglar, seier Løverås.

Mann med lilla skjorte og svart dressjakke ser i kamera med ein uskarp oransje og kvit bakgrunn

Christian Løverås bak Instagramprofilen Lilleviklofoten har spurt eit par gongar om influensarane kjenner til reglane.

Foto: Ilja C. Hendel

– Filma inn vindauga til hus

Då dronar var tema hos innbyggarforeininga i Henningsvær kom det fram at det er fleire som kjenner seg plaga av droneflyginga, seier styreleiar Mats Alfsen.

– Det mest problematiske her i Henningsvær er at det har blitt filma inn vindauga til nokre hus. Det synest folk er ubehageleg.

Han seier at tilbakemeldinga er at summinga frå dronane forstyrrar fleire innbyggarane og at dronepilotar bør prøve å halde seg innanfor reglane.

Samtidig ser han at droneflyginga tek med seg mykje positivt.

– Det er hyggeleg at folk synest at Lofoten og Henningsvær er så fint at dei vil ta bilde av det. Og dei får jo veldig fine bilde frå lufta, seier Alfsen.

Fjell og røde rorbuer i Lofoten. Sett fra Hamnøy bru, Reine, Moskenes.

Også på Reine er det høg droneaktivitet. Dette bildet er tatt frå Hamnøy bru på Reine i Moskenes.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Dronepilot: – Fleire dronar enn måker

Ein som er opptatt av at folk skal vere klar over at deira droneflyging er lovleg, er Inge Tamburaci Wegge i Lofoten Film Collektive.

Han har flydd dronar i ti år.

– Vi flyr på spesifikke lisensar, har gått gjennom kurs og betalt ganske mange hundretusenar for å fly lovleg og ha det som jobben vår.

Han har også merka den store droneaktiviteten i Lofoten, spesielt i Henningsvær og på Reine. Han forstår godt at folk blir lei.

Mann med sort, krøllete hår har på seg en blå jakke og smiler til kamera mens han holder et kamera. bak ham er det uskarpt motiv av fjell og vann

Inge Tamburaci Wegge driv Lofoten Film Collektive, som er eit produksjonsselskap og nettverk for dei som driv med film i Lofoten og området rundt.

Foto: Isak Dalsfelt

– På Reine kallast dei berre Reinemåker. Det er fleire dronar enn måker i lufta. Då skjønar ein at folk blir leie. Spesielt når folk bryt reglane med å fly over folk nær bygningar.

Går utover dei som følger reglane

Og det dårlege ryktet smittar.

– Det kjennest veldig urettferdig for oss som legg så mykje tid og pengar i å følge reglane og så kjem det nokon og gir f.

Og ifølge Wegge blir folk vel så sure på slike som han, som har ein lovleg og profesjonell jobb i området, som dei blir på folk som flyr ulovleg.

Mann med rø lue holder et kamera mens han tar bilde av vannet foran seg

Inge Tamburaci Wegge tar ofte bilde med drone på profesjonelle oppdrag. Luftfartstilsynet har ettersyn på alt han gjer.

Foto: Isak Dalsfelt

Samtidig blir profesjonelle aktørar straffa hardare enn dei som ikkje flyr profesjonelt, ifølge Wegge.

– Vi har ettersyn på alt vi gjer av Luftfartstilsynet så vi vil jo miste lisensane og kan ikkje gjere det meir. Vi må levere loggar og rapportar på all flyging vi gjer.

Akkurat det går heilt fint for Wegge sin del, som er tydeleg på at det bør vere reglar for å fly drone nettopp fordi det kan vere farleg.

Les også National Geographic har kåret verdens kuleste steder å reise – et fylke i Norge får plass

Steigen Hjertøya

Blir lettare å rapportere i 2024

Frå og med 1. januar 2024 er det eit krav at enkelte typar dronar skal ha ein sendar med fjernidentifikasjon.

Det går via bluetooth og wifi og skal gjere det lettare for tilskodarar og andre dronepilotar å ha oversikt over dronar i luftrommet.

– Det kan kanskje endre litt, i alle fall for ein del lokale som er lei av ulovleg droneflyging. Dei kan lettare sjekke kven dronen er si og rapportere det inn, seier Wegge.

Det er eit krav at dronepiloten skal ha dette skrudd på når vedkomande flyr.

Les også Hormonell prevensjon beskyttar mot kreft: – Er nok veldig få som veit dette

Sofia Sandmo