Hopp til innhold

Her er «Seigmannen» som held igjen raset

RAUMA (NRK): Veslemannen trugar menneska som bur under fjellet. Men i det rasutsette fjellpartiet står ein seig figur og held massane i sjakk.

Seigmannen som held igjen

Har denne trolske skapninga skulda for at fjellpartiet Veslemannen aldri rasar?

Foto: Vegard Lødøen

Det er i alle fall naturfotograf Vegard Lødøen overtydd om. Han får støtte frå NVE-geolog Einar Anda, som ikkje utelukkar at «trollet» i fjellet er med på å hindre det verkeleg store raset.

Fjorten gonger sidan 2014 har dei elleve bebuarane under fjellet Mannen blitt evakuerte. Geologane overvaker fjellet, og spesielt det mest aktive partiet Veslemannen, som kan rase kva tid som helst.

Vegard Lødøen

Naturfotograf Vegard Lødøen vann pris for årets bilde i 2016. Han bur i Valldal på Sunnmøre, og reiser ofte til Rauma for å sjå på fjellet.

Foto: Hege Irene Lødøen

Den prislønte naturfotografen Vegard Lødøen følger med på fjellet kvar dag, og fascinasjonen har ført han mange turar til Rauma i Romsdalen.

Ein dag fekk han auge på noko som liknar ein skikkelse nedst i Veslemannen.

– Eg synest det liknar på eit steintroll som står med ryggen til fjellet, og verkeleg kjempar for å halde massane på plass, fortel Lødøen.

Seigmannen i Veslemannen

Ser du «mannen» i Mannen? Her har vi gjort området rundt figuren ufokusert for å gjere han tydeleg.

Foto: Vegard Lødøen / NRK

«Spiret» som stabiliserer fjellpartiet

Noregs vassdrags- og energidirektorat overvaker det rasutsette fjellet heile døgnet.

Steinfiguren Lødøen har fotografert er kjent for geologane som «Spiret». I følgje geolog Einar Anda er dette ein kritisk struktur på størrelse med eit hus, som kan ha hindra eit stort skred frå Veslemannen.

Geolog Einar Anda

– Vi veit ikkje om Veslemannen vil rase i eit stort skred eller stykkevis, seier Einar Anda i NVE. Stadig meir av fjellpartiet rasar ut i små steinsprang kvart år.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Anda seier «spiret» er med på å stabilisere Veslemannen. Viss delen fell ut kan heile fjellpartiet ryke, men det er ikkje gitt.

Heile Veslemannen romar mellom 120.000 og 180.000 kubikkmeter med stein, trur geologane. Det er om lag éin prosent av heile fjellet Mannen, som også kan rase ein gong i framtida.

Spiret Mannen

Her er størstedelen av Veslemannen merkt. «Spiret», eller trollet til Lødøen, er nedste del. Ein ser at «Spiret» flytter seg ei litt anna retning enn resten.

Foto: NVE

Har alltid sett vesen i naturen

Pål Rørby har ein stor fascinasjon av segn, folketru og gamle historier. I juli lanserte han appen Hidden, som lèt folk på tur få sjå og høyre om troll, hulder og overnaturlege vesen rundt om i landet.

Illustrasjon av Hidden

Første veka har 5.000 lasta ned appen Hidden, som gir ein høve til å finne historier frå folketrua på verkelege stader.

Foto: Hidden

Historiene er henta frå folkemunne, og 3D-teknologien hjelper fantasien på veg.

– Vi menneske har ein heilt spesielle evne til å leite etter mønster og ansikt i bark, stein og naturelement. Det har vi gjort i alle tider, seier Rørby.

Han synest bildet frå Mannen er midt i blinken for appen, og vil gjerne at fotografen sender det inn.

Folk kan sjå ulike ting

Denne eigenskapen heng saman med evolusjonen, meiner psykolog Jan-Ole Hesselberg.

Jan-Ole Hesselberg

Psykolog og vitskapsformidlar Jan-Ole Hesselberg meiner menneske har vore heilt avhengige av å gjenkjenne mønster for å overleve.

Foto: Presse

– Vi er spesielt avhengige av å gjenkjenne nokre mønster, som ansikt, kroppar og dyr. Det er for å raskt kunne identifisere trugslar, og dei som var gode på det, overlevde, seier han.

Likevel er det ikkje sikkert du at ser det same som andre. Det er forskarar som hevdar at dette heng saman med tendensen til å tru på overnaturlege ting.

Når folk er ueinige kan det fort bli diskusjon.

– Nokre synest ein legg godviljen litt for mykje til når ein tolkar desse bilda. Ein har eit behov for å kvalitetssikre si eiga verkelegheitsoppfatning for å bekrefte at ein har hovudet på plass, seier Hesselberg.

Mannen ny

Førre helg, då det var raudt farenivå, gjekk det mellom 10 og 20 tusen kubikkmeter ut frå Veslemannen gjennom mange mindre ras. Bebuarane blei evakuerte igjen.

Foto: Remi Sagen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL