Hopp til innhold

Ser du mannen i Mannen?

Mannen i Rauma har fått meir merksemd enn dei fleste fjellparti den siste tida. Mange har venta på at fjellet skulle rase. Men ser du nøye nok etter kan det vere heilt andre ting enn rørsler som fangar blikket ditt.

Ser ansiktet til en mann i fjellet Mannen

Ser du ansiktet i Mannen?

Foto: Skjermdump, NRK

– Eg var som snarast innom direktesendinga på nett, og då såg eg det heilt tydeleg, seier Robert Opsahl-Engen.

Den fjellinteresserte karen har følgt med på sendingane, men som dei fleste andre har det vore det venta raset som har hatt fokus. Men etter at snøen så vidt har lagt seg i fjellsida, dukka det opp noko heilt anna.

–Det er nok snøen og skuggane som gjer det, men eg såg heilt tydeleg at det var eit mannsansikt der. Ein litt gretten gamal gubbe, seier han og ler litt. – Sambuaren min såg det også, så vi var samde om at dette var litt spesielt, seier Opsahl-Engen.

Men er det ikkje.....?

Hilde Gråberg Bakke

Hilde Gråberg Bakke er reiselivssjef i Rauma.

Foto: Remi Sagen / NRK

Og han er ikkje aleine, skal det vise seg. Det er fleire som har lagt merke mannen i fjellsida.

Ja, det er faktisk ikkje så lenge sidan eg såg eit bilete av dette på Facebook, seier reiselivssjef i Rauma, Hilde Gråberg Bakke, og ler litt når ho får spørsmålet.

– Det var vel like etter at den første snøen kom, og då var det ein som meinte det var Bjørnstjerne Bjørnson som titta ned over Horgheim.

– Bjørnstjerne Bjørnson?

– Ja, det kan vel elles stemme med ein litt streng, gamal mann, det, smiler ho.

Også ho trur dette er eit fenomen som kanskje oppstår ved første snøfall.

– Så det kan jo bli litt vanskeleg å bruke det i marknadsføringa, du skal vel treffe godt for å sjå det, seier ho.

Kjent fenomen

Så rart den kanskje kan høyrast, det er slett ikkje uvanleg å sjå ansikt eller andre formasjonar i fjellsider. På Sunnmøre er det mange som vil ha eit glimt av Sulamannen som vakar over Ålesund når den første snøen fell. Og også fleire andre stader i landet er dette kjente fenomen.

Opsahl-Engen seier han har høyrt både om ein bil i eit anna fjell i Romsdal og eit sjampanjeglas som dukkar opp Har sett før – ein stad i Romsdal er det ein bil som kjem fram kvart år.

– Eg har også vore ein del på Svalbard, og der er det eit sjampanjeglas, som dukkar opp kvart år, seier han.