Hopp til innhold

Vil revolusjonere fjellturen med mobilapp

HEMSEDAL (NRK): Gründerane Pål Rørby og Øyvind Steensen vil få fleire unge ut på tur med moderne teknologi. Til sommaren skal du kunne møte huldrer og troll på fjelltur.

Illustrasjon av Hidden

Slik vil appen vise fram to troll i slåstkamp med kvarandre.

Foto: Hidden

– Det blir litt som ein ekstremt vidareutvikla Pokémon-Go. Når du kjem til ei spesiell myr skal du for eksempel kunne sjå dei to trolla som står og slåst slik segna seier.

Demonstrasjon av AR-troll

Trollet er sett inn i messesalen gjennom AR-teknologi.

Foto: Privat / Skjermdump

Pål Rørby fortel entusiastisk om appen han håpar skal revolusjonere turopplevinga til folk flest. Og ikkje minst redde dei mange folketruhistoriene rundt om i landet som er i ferd med å bli borte.

– Folketruhistoriene er i ferd med å bli borte

– Du kan nesten ikkje kaste ein stein utan at du treff ein plass der det finst historier om folketru. Men dei er i ferd med å bli borte, det er ingen som veit om dei, meiner Rørby.

Pål Rørby

Pål Rørby er sjølv brennande oppteken av troll og folketru.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Han står i spissen for utviklarane av appen «Hidden». Appen skal fungere som eit kart på mobilen der du kan gå på tur og finne forskjellige historier i naturen. Kanskje får du vite at det var noko som åt all fisken i eit fiskevatn, eller historia om kvifor akkurat den steinen landa på det jordet.

Illustrasjon av appen Hidden

Du får ikkje opna og sett kva historiene inneheld heime i stova, du får ein liten smakebit, men ut på tur for å få vite alt.

Foto: Hidden

Men du får ikkje opna historia før du faktisk står på den aktuelle staden. Ved hjelp av såkalla AR (augmented reality) det nyaste innan datagrafikk, får du faktisk sjå dei to trolla som ifølgje folketrua kasta stein på akkurat denne staden.

– Men bør ein ikkje klare seg utan mobilen når ein fyrste er ute på tur?

– Faren er at unge blir heime med mobilen i staden for å gå den turen. Me ynskjer å få folk få opp av sofaen og ut på tur med moderne teknologi. Da treng me grafikk og fantastiske historier, og det har me nå, meiner Rørby.

– For mange er det nok med turen

Turistforeininga håpar også at denne teknologien kan få fleire unge til å bruka stiane og turane dei legg til rette for.

– Dette verkar som eit veldig bra tilskot som kan motivere til friluftsliv. Om det får folk som nødvendigvis ikkje er mykje på tur til å kome ut er jo det ein kjempefin bonus, seier Mari Stephansen, kommunikasjonsrådgjevar i DNT og legg til.

Mari Stephansen kommunikasjonsrådgiver i DNT

DNT har eit samarbeid med Riksarkivet om historiske vandreruter som også skal gje brukarane deira digital tilleggsinfo på tur.

Foto: Marius Dalseg Saetre

– For mange er turen i seg sjølv meir enn nok, og det er sjølvsagt heilt i orden.

Klar til sommaren

I Hallingdal har dei alt samla inn over 250 historier til appen. I løpet av våren vil dei samle bidrag frå heile landet, noko Riksarkivet bidreg til. Testversjonen blir klar i Hallingdal til våren, medan den blir klart til resten av landet til sommaren.

– Me vil jo ikkje at folk skal gå på tur med nesa planta i mobilen. Men telefonen vil gjev ein lyd når det er noko spennande i nærområdet. I utgangspunktet kan det vere kva som helst. Ein kan legge inn vikinghistorie, historier frå 2. verdskrig, ei god skrøne eller ei moltemyr, fortel Rørby.