Hopp til innhold

Folk ser ti ulike dyr i mystisk bilde: – Unikt

Eit bilde frå eit viltkamera med dårleg kvalitet opnar for mange tolkingar. Det er spesielt å finne slike bilde i naturen, meiner psykologiprofessor.

Dyrebilde frå viltkamera

Dette bildet blei teke av viltkameraet til Amund Lien på Hellesylt i Stranda den 8. april klokka 19:48.

Foto: Amund Lien

Sidan NRK publiserte saka om det uidentifiserte dyret som blei fanga opp av eit viltkamera på Hellesylt på Sunnmøre i april har det kome inn minst ti forslag på kva dyr det kan vere.

Bjørn, rådyr, hund, ulv, hjort, jerv, villsvin, mårhund, gaupe og elg er blant artane som er føreslåtte.

Andre speler på humor, og skriv at det må vere yeti, skogsmus, varulv eller dinosaur.

Dette er en hjort. Med senket hode og bildet tatt i "steget". Legg ut bildet i full oppløsning, så er hele saken død...

Lesar
Ruud van der Weel

Psykologiprofessor Ruud van der Weel samanliknar det mystiske dyrebildet frå Sunnmøre med fikserbilde, som inneheld løynde motiv.

Foto: NTNU

Forklaringa er at bildet er tvitydig, og at ein kan finne mange ulike dyr i bildet.

Vi finn slike bilde laga med vilje frå hundre år tilbake, men å finne eit slikt bilde frå naturen er unikt. Det meiner professor i kognitiv psykologi ved NTNU, Ruud van der Weel.

– Først såg eg ein slags hundeaktig figur inni skogen, men då eg begynte å sjå nærare på det, kunne eg også sjå dei andre tolkingane, seier Ruud Van der Weel.

Framleis er det ingen som veit sikkert kva bildet viser, men Statens naturoppsyn meiner det er eit «hundedyr», som ein ulv eller hund.

Kva trur du det er? Røyst nedst i saka.

Dyr fanga av viltkamera i Hellesylt

Bildet frå viltkameraet er i låg oppløysing. Det gjev rom for fleire tolkingar.

Foto: Amund Lien

Ører, bakbein og farve gjør det såre enkelt å se at dette er en bjørn.

Lesar

Oppveksten avgjer kva du ser

– Det er skiljet mellom sansing og persepsjon som bidreg til at vi tolkar same bildet på forskjellige måtar, fordi vi har ulik bakgrunn, seier van der Weel.

Det skjer altså noko frå ein fysisk ser noko og tek inn inntrykk gjennom synssansen, til hjernen skal tolke desse inntrykka. Då speler kva ein har lært ei stor rolle.

Van der Weel forklarer at kvar ein har vakse opp og kva erfaringar ein har avgjer kva ein ser. Nokre har vakse opp nær ulv, andre har hund eller opplevingar med andre dyr.

– Dei som har vore mykje i naturen har trass alt lært mykje og er litt betre til å tolke desse tvitydingane, seier han.

Hvis du ikke ser at det er en ulv, burde du gått til Specsavers...

Lesar

Skjulte motiv

Professoren samanliknar dyrebildet med såkalla fikserbilde, illustrasjonar som

Kone og svigermor

«Kone og svigermor» er eit fikserbilde teikna for det amerikanske humorbladet Puck i 1915. Kan du sjå både ei ung kvinne, og ei eldre dame?

Foto: Offentleg

inneheld eit anna skjult bilde. Om ein ser lenge nok kan ein plutseleg sjå eit heilt anna motiv enn det ein først såg.

– Slike bilde er vanlegvis menneskeskapte der ein legg inn tvitydinga med vilje, men her oppstår det i sjølve naturen Det er faktisk litt unikt, seier van der Weel.

I psykologien blir det kalla for eit gestaltskifte. Ein kan sjå ein ulv, eller ein hjort, men ikkje begge tolkingane samtidig.

Nå kan ikke jeg bedømme størelsen på dette dyret, men kan det tenkes at det er en mårhund?

Lesar

Moro med gjetteleik

Sølvi Strifeldt er ein av dei som har late seg rive med av det mystiske bildet.

– Det er jo gjetteleiken som gjer det gøy. Det å kjenne att mønstre ligg i oss alle saman. Det finst ingen fasit, så her det berre for oss alle å gjette. Vi vil jo sannsynlegvis aldri få svar, men det er morosamt å prøve, seier Strifeldt.