Måndag blei det Herøy-baserte reiarlaget Rem Offshore offisielt historie då dei i dag fusjonerte med Solstad Offshore. Det skjedde på den ekstraordinære generalforsamlinga i Rem Offshore.
Samtidig offentleggjorde Åge Remøy at han og to andre investorar har oppretta eit nytt investeringsselskap i Fosnavåg.
– Eg hadde eigentleg tenkt å vere passiv styreleiar i Rem, men så blei det dessverre historie, så då måtte eg finne på noko anna, seier Remøy som fortel at det var viktig for han å skape noko i lokalmiljøet.
– Eg er villig til å kjempe for arbeidsplassar i lokalmiljøet, og dette nye selskapet er eit uttrykk for det, seier han vidare.
- Les også:
Kapital på 500 millionar
Dei to investorane som no går saman med Remøy i det nye selskapet In Nord Vest, er Magnus Roth og Thorsteinn Mar Baldvinsson.
– Desse er gamle forretningspartnarar som heldigvis har tillit til oss og som ville investere, seier Remøy.
Selskapet har ein eigenkapital på 500 millionar kroner, og skal truleg investere i offshorebransjen.
– Dette er pengar som vi håper skal vere på plass innan kort tid. Det er bra med kapital så vi trur vi skal få til eit lokalt oppsett her i Fosnavåg, seier Remøy.
Målet for In Nord Vest er samarbeid med eksisterande selskap, men Remøy innrømmer at planane rundt selskapet ikkje er endelege.
– På same måte som med Rem blir ein nøydd til å bygge stein for stein, men vi har ikkje kome lenger enn at kapitalen er klar, seier han.
Remøy meiner likevel at det selskapet har eit sterkt utgangspunktet med tanke på dagens situasjonen i offshorenæringa.
– For er det ein ting som er mangelvare og som bankane skrik etter så er det kapital, så eg trur at dersom vi er forsiktige med denne kapitalen så kan vi bygge ganske mykje med den, seier han.
- Les også:
- Les også: