Hopp til innhold

Helgetilbodet held fram uendra

Tilbodet for dei minste ved barneavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund, skaper uro hos fleire. Likevel vil ikkje Helseføretaket opne opp for større pasientinntak i helgane no.

Kristiansund Sjukehus

Førebels blir det inga utviding av maksimalgrensa for kor mange barn som kan leggast inn ved barneavdelinga i Kristiansund i helgane.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sebastiansaka saman med ei maksgrense på fire pasientar i helgane, skaper debatt og uro rundt barneavdelinga i nordmørsbyen.

Uvissa rundt kva tilbod Kristiansund endar opp med når nye-sjukehuset for Nordmøre og Romsdal står ferdig, ligg også i botnen.

– Eg merkar auka uroa for helsetilbodet. Den tragiske Sebastiansaka har nok auka uroa nord i fylket for at slikt skal kunne skje igjen. Så er det vår jobb å hindre at det skal skje, seier Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Portrett av mann

Espen Remme er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Den harde refsen Helseføretaket fekk etter at 10 månader gamle Sebastian døydde for to år sidan, er altså bakteppet for mykje av uroa mange føler.

– Men for den som har lest rapporten frå tilsynet, går det fram at Sebastiansaka utgjer mange enkelthendingar sett saman på ein tragisk og uheldig måte. Det er vi svært lei oss for, seier Remme.

For å betre kapasiteten ved barneavdelinga, har helseføretaket forsterka helgane med ein ekstra sjukepleiar på vakt laurdagar og søndagar.

Vurderer undervegs

Tilbodet for dei små ved sjukehuset i Kristiansund skal altså halde fram som no inntil vidare. Remme avviser likevel ikkje at det kan bli aktuelt å utvide kapasiteten i Kristiansund under spesielle tilhøve.

Barneavdelinga Kristiansund

Det har vore mykje uro kring barneavdelinga i Kristiansund. No er tilbodet i helgane igjen eit heitt tema.

Foto: Roar Strøm / NRK

– I periodar med mykje infeksjonar, store influensautbrot og liknande, må vi vurderer nærare korleis det skal handterast lokalt. Så spelar vi også på sjukehusa i Ålesund og Trondheim, og ser det heile i samanheng, seier han.

Det langsiktige

Styret i helseføretaket er oppteke av eit langsiktig tilbod for dei minste nord i fylket. Det kom klart fram på styremøtet i dag.

Barneavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund må få eit fullverdig tilbod, også i helgane kravde styremedlem Kirsti Sevaldsen.

Også styreleiar Stein Kinserdal er uroa når han tenkjer på tilbodet for dei små i Kristiansund, og ber om eit klart svar frå leiinga i føretaket om kva tilbod barneavdelinga skal ha i framtida.

Stein Kinserdal

Stein Kinserdal, styreleiar i helseføretaket.

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

– Både utviklingsplanen vår, sjølve planlegginga av det nye sjukehuset og måten vi skal løyse dette på, er sentrale reiskap for oss no vidare framover, svarar Remme.

Direktøren vil ikkje forskottere noko rundt kva tilbod Kristiansund endar opp med. Han viser til den førebelse konklusjonen i ein rapport frå idéfasen i sjukehussaka,

Sjukehuset skal ta imot barn og unge som treng akutt innlegging og dei som treng innlegging på grunn av forværra kronisk sjukdom. Det skal også bli tilbod om poliklinkikk og dagbehandling for denne gruppa.

– Tilbodet skal planleggast etter føreskriftene for behandling av barn i sjukehus.Så er det spørsmål om kva ein meiner med ei fullverdig barneavdeling. Det er ein diskusjon vi må gå inn i og sjå nærare på i tida framover, seier Remme.

Nytt sjukehus

Arbeidet med å stake ut tilbodet for dei ulike

No skal fagfolka i helseføretaket saman med tillitsvalde, kommunar og brukar-organisasjonane starte arbeidet med å stake ut tilbodet for dei ulike pasientgruppene nord for Romsdalsfjorden.

– Vi skal gi eit best mogleg tilbod ut frå dei rammene vi har til ei kvar tid. Det er jobben vår, og den skal vi løyse så godt vi kan, understrekar administrerande direktør Espen Remme.

Konklusjonen lovar han å ha klar i løpet av dette året.

Les også: Får orsaking for det som hende då Sebastian døde

Les også: Omfattande bruk av tvang i psykiatrien

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL