Hopp til innhold

Omfattande bruk av tvang i psykiatrien

Dei psykiatriske avdelingane i Helse Møre og Romsdal legg pasientane i belte over lengre tid enn tilsvarande klinikkar elles i landet. I dag vart styret i Helse Møre og Romsdal orientert.

Styremøre Helse Møre og Romsdal

Styremøte i Helse Møre og Romsdal 25. januar 2017 fekk ei orientering om bruken av tvang ved dei psykiatriske klinikkane i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

Hausten 2016 var det både nasjonalt og regionalt fokus på bruk av tvang i psykiatrien. Helse Møre og Romsdal blei peika ut som ein «versting» i bruk av tvang. Dette har ført til ein omfattande prosess i Helse Møre og Romsdal for å få kontroll over situasjonen.

– Dette er ei alvorleg sak for Helse Møre og Romsdal. Under den tabloide framstillinga ligg det mange faglege vurderingar. No har det vore jobba godt med kartlegging for å bringe så mykje fakta på bordet som mogleg i denne saka, sa administrerande direktør Espen Remme då styret i Helse Møre og Romsdal tok fatt på behandlinga av saka.

– Ein versting

Det var avisa VG som før jul avslørte at Helse Møre og Romsdal har vore ein av verstingane i Helse-Noreg når det gjeld beltelegging og rapportering i psykiatrien. I VG kom det fram at pasientane ved klinikkane i Ålesund og Molde har ligge i belte tre gonger så lenge som på mange andre sjukehus.

Eit revisjonsteam har studert bruken av tvang og har funne ut at det er ulik praksis i Molde og Ålesund. Ifølgje undersøkingane har pasientane i snitt ligge i seks timar i reimer i Helse Møre og Romsdal. Gjennomsnittet for resten av landet er tre timar.

Gjennomgang psykiatri

Styret i Helse Møre og Romsdal fekk ein gjennomgang i tvangsbruken ved klinikkane. Oversynet viser lang liggetid i belte ved psykiatrisk avdeling i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

Ulik praksis

Det er også ulik praksis ved akuttavdelingane i Molde og Ålesund. I Ålesund har pasientane vore i belte i 15,8 timar i gjennomsnitt. I Molde er talet 9,5 timar. Også registreringa har vore ulik på dei to avdelingane.

– Vi ser alvorleg på dette. Vi startar opplæring alt i mars. Vi gjennomgår dokumentasjonsrutinane. Vi skal også gjennomgå bemanningsplanane, sa konstituert klinikksjef Karl Arne Remvik under styremøtet.

– Må legge oss flate

Ein gjennomgang viser mellom anna at arbeidsprosessane kan føre til forlenga tid i belte. Gjennomgangen avslører også ein risiko for at avdelingane ikkje sikrar læring gjennom aktuelle hendingar. Dei som har studert drifta peikar også på at det manglar eit program for systematisk trening i terapeutisk aggresjonsmeistring.

I løpet av sommaren blir det innført eit system for elektroning føring av tvangsprotokoll.

– Eg er oppteken av den samfunnsmessige sida ved dette. Her er i alle fall ein openberre mangel på standardisering. Og vi må legge oss flate og seie at dette ikkje har vore godt nok, sa styremedlem Petter Bjørdal.

– Vi har prosedyrar frå før. Spørsmålet er kvifor prosedyrane ikkje er blitt følgt. Men med å ta i bruk standardisert pasientløp vil sjansen for lik behandling bli større, sa styremedlem Charles Austnes.

Etter vedtaket i styret i Helse Møre og Romsdal skal styret få ei orientering om stoda i psykiatrien på fleire møte utover året.